Ein kan fint leika og læra i første klasse

DEBATT: Det er viktig og fullt mogleg å la leiken vere ein del av læringa til førsteklassingane, også med dagens læreplan.

Publisert: Publisert:

– Gjennom mine mange møte med norske skular veit eg at det finst mange lærarar som greier å nytta det potensialet som finst i leiken for å nå konkrete kompetansemål, skriv Anne Håland. Foto: Illustrasjonsbilde: Scanpix

Debattinnlegg

  • Anne Håland
    Førsteamanuensis ved Lesesenteret, UiS

Mange er bekymra for 6-åringane i skulen. Politikarar ønskjer å evaluera 6-årsreforma 20 år etter at ho vart innført. Forskarar uttrykkjer bekymring for om innhaldet i skulen er tilpassa heilt vanlege, energiske 5- og 6-åringar. Ein del lærarar meiner læreplanen ikkje gir nok rom for fysisk aktivitet og leik.

Mange legg til rette

For det er bekymring for høgt læringstrykk og manglande tilgang til leik som i stor grad har vore fronta som svakheiter ved skulestart for 6-åringar. Samstundes ser vi at 47 prosent av lærarane i undersøkinga til Utdanningsforbundet meiner at læreplanen gir nok rom til leik og bevegelse.

5- og 6-åringane som byrjar på skulen no i haust har ikkje tid til å venta på ei eventuell evaluering av ei skulereform.

Eg synest vi bør læra av desse lærarane og forsøka å finne ut kva dei gjer i sine klasserom. For mens eg på den eine sida sjølvsagt deler bekymringa til dei som meiner at førsteklasserom prega av pugging og terping på delferdigheiter ikkje er det vi ønskjer for norske born, må vi ikkje samstundes gå i den fella at vi skapar ein motsetnad mellom leik og læring.

Når sjukehusleik blir god læring

Gjennom mine mange møte med norske skular veit eg at det finst mange lærarar som greier å nytta det potensialet som finst i leiken for å nå konkrete kompetansemål – som til dømes å læra seg å lesa og skriva. Eg har møtt førsteklassingar som leikar forskarar og får lov å gjere ulike forsøk der dei dissekerer nyper og testar ut kva som kan flyta i vatn, for deretter å skriva om forsøka sine, «Hipotesen min var den flyte». Eg har vore i klasserom der elevane leikar sjukehus og skriv både reseptar, namn på medisinar, og om «pasientane» har mykje eller lite blod. Elevar som kan mange bokstavar, kan bruka dei, medan dei som ikkje kan så mange ennå, skriv bokstavane dei kan, spør medelevar om hjelp eller lagar bokstavteikn dei leikar representerer det dei ynskjer å skriva.

Les også

Var 6-årsreforma eit feilsteg?

Om ein spør elevane etterpå kva dei har gjort etter ein sånn time, vil dei svara: «Me har leika!» Men læraren veit at dei gjennom leiken har utført viktig arbeid med bokstavar. Aktive, energiske elevar får brukt krafta og spontaniteten sin som ein ressurs i læringa, i staden for å bli tvungne til å sitte stille og halde seg i ro. Og ikkje minst: Det er meiningsfullt for elevane å lesa og skriva fordi aktivitetane er ein integrert del av leiken.

For mange tronge læringssituasjonar

Vi veit at det er stor forskjell på kva for læringssituasjonar elevane møter i norske klasserom. Gjennom forskingsprosjektet «Two Teachers» har vi undersøkt kva for skriveopplæring elevane får tilgang til det første halve året på skulen. Det viser seg at omlag 20 prosent av elevane ikkje får skriva tekstar det første halve året. Derimot får dei tilbod om svært tronge skrivesituasjonar, som å skriva ord på F for deretter å skriva ord på S. Det er sørgjeleg. Med så stramme rammer har læraren valt bort læringssituasjonar som kunne gitt betre rom for det mangfaldet av elevar som finst i norske klasserom.

Har ikkje tid

Det kan vera forståeleg at lærarar vel slike tronge læringssituasjonar, fordi dei er enkle å organisera. Men det er ikkje nødvendigvis ein samanheng mellom pugging og terping på delferdigheiter og det å læra seg å lesa og skriva. Ja, det vil krevja ein del av læraren å leggja opp kreative, leikande læringssituasjonar. Det krev ein god plan og tydelege rammer. Men 5- og 6-åringane som byrjar på skulen no i haust har ikkje tid til å venta på ei eventuell evaluering av ei skulereform. Dei er i klasserommet her og no, forventningsfulle, skapande, kreative og kraftfulle.

Publisert: