• Den symboltunge teikninga av Sylvi Listhaug er ein karikatur av justisminister – i bunad og med kors rundt halsen, med St. Peters nøklar til Himmelen i handa, i eit landskap som kan minne om Sunnmøre, men med ein ljå over aksla (som «mannen med ljåen», han som kjem med døden), og skrift i «germanske» bokstavar. Men mange «listhaugianarar» ser ikkje ut til å ha oppfatta bodskapen og spreier teikninga på nettet som ein reklameplakat for heltinna si. Kva ser dei eigentleg for seg at ljåen skal brukast til? Samtidig går debatten om Listhaugs utfall mot Ap i kampen mot terror, med ein statsminister som ikkje evnar å sette skapet på plass. Kjetil Niklas Fornes (teikninga), skjermdump fra Sylvi Listhaugs Facebook-side og NTB Scanpix

Faneberaren for Ap-hatet og statsministeren med svarteper

KRONIKK: Skal Frp nokon gong få statsministeren, må det vere Listhaug som på trumpsk vis klarer det. Om ho lukkast, er eg frykteleg spent på kor mange fullmakter ho då vil gjere krav på.