Faneberaren for Ap-hatet og statsministeren med svarteper

KRONIKK: Skal Frp nokon gong få statsministeren, må det vere Listhaug som på trumpsk vis klarer det. Om ho lukkast, er eg frykteleg spent på kor mange fullmakter ho då vil gjere krav på.

Publisert: Publisert:

Den symboltunge teikninga av Sylvi Listhaug er ein karikatur av justisminister – i bunad og med kors rundt halsen, med St. Peters nøklar til Himmelen i handa, i eit landskap som kan minne om Sunnmøre, men med ein ljå over aksla (som «mannen med ljåen», han som kjem med døden), og skrift i «germanske» bokstavar. Men mange «listhaugianarar» ser ikkje ut til å ha oppfatta bodskapen og spreier teikninga på nettet som ein reklameplakat for heltinna si. Kva ser dei eigentleg for seg at ljåen skal brukast til? Samtidig går debatten om Listhaugs utfall mot Ap i kampen mot terror, med ein statsminister som ikkje evnar å sette skapet på plass. Foto: Kjetil Niklas Fornes (teikninga), skjermdump fra Sylvi Listhaugs Facebook-side og NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Lærar og skribent
iconDenne artikkelen er over to år gammel

«Arbeiderpartiet vil regelrett legge det norske folk på slaktebenken for IS-terrorister i et rettssystem som ruller busemenn med begge hender mens kvinner voldtas i hele Europa.» Nei, dette er ikkje henta frå den høgreekstreme Facbook-gruppa Fra folkedypet.

Og denne er ikkje frå høgreradikale Fedrelandet viktigst: «Det viser seg i praksis at ABB hadde rett i sin bedømmelse av hvor farlig AP er.»

Nei, dette er kommentarar frå Sylvi Listhaug si offentlege Facbook-side sist helg.

I kjølvatnet av 22. juli var det enkelte som prøvde å hevde offentleg at Ap hadde seg sjølv å takke for massakren. Dei fekk så mykje tyn frå alle kantar at dei tusla med halen mellom beina inn i lugubre grupper der dei kunne dyrke Ap-hatet sitt i fred.

Store leiar

Det skjer ei skremmande høgreradikalisering i Noreg. Som ugras som dukkar opp over alt. Vi har fått høgreradikal nettavis, Resett, der kommentarfelta skal vere ein arena der dei som før ikkje har våga å uttale seg om kontroversielle tema, skal få boltre seg. Høgreradikale Facebook-grupper har mange tusen medlem. Nazistar marsjerer i gatene.

I fleire kronikkar, resultat av djupdykk eg gjorde i nemnde grupper, har eg skrive om den usedvanleg høge stjerna Sylvi Listhaug har blant dei høgreradikale. Ho er det nordiske, kvite håpet, den einaste som kan frelse Noreg, den store leiestjerna som fører an i kampen mot barbariet. Eller som ein skreiv på Facebook-sida hennar i helga: «Sylvi, på lik linje med Milorg. og Gutta på skauen, prøver å stoppe en borgerkrig.»

Listhaug er ikkje høgreradikal. Ho har sjølvsagt ikkje ønskt eller gått inn for å bli leiar for desse menneska. Det er nok dei som set ho i førarsetet fordi dei meiner at dei endeleg har funne ei som talar deira sak. Og nåde den som måtte våge seg frampå med kritikk av «O store leiar». Dei får gjennomgå i sosiale media, for dei er hettemåkar på NAV-pengar, venstreekstremistar, sjefsmobbarar og ein fare for oppveksande generasjonar.

Med fullt namn og bilde brukar dei den norske justisministeren si offentlege fjesbokside til å lufte sitt eige hat.

Legitimerer Ap-hatet

Sist fredag braut Listhaug ein barriere. Etter at opposisjonen på Stortinget (og regjeringspartiet Venstre; red.mrk.) gjekk imot å gå på tvers av demokratiske spelereglar og gje utvida fullmakter til å ta frå folk pass utan lov og dom, skreiv ho følgjande på Facebook-sida si: «AP mener at terroristenes rettigheter er viktigere enn rikets sikkerhet. Lik og del.» Teksten har eit bilde av væpna jihadistar som bakteppe.

Dette er ei sensasjonell utsagn som går utanpå andre sensasjonelle utspel frå same tastatur. Sensasjonelt fordi Listhaug plutseleg tar på seg rolla som faneberar for Ap-hatet. Ho legitimerer det rett og slett. Ikkje rart då at dei som har dyrka hatet sitt i mørke gøymer, stikk fram hovudet og til slutt bramfritt kjem ut i ljoset. Med fullt namn og bilde brukar dei den norske justisministeren si offentlege fjesbokside til å lufte sitt eige hat.

Nesten som eit enda meir radikalt ekko frå Listhaug sitt utspel. Kommentarar som denne: «Hva er verst, å vere landsforrædere som Gro, Jens og Støre enn å gjøre landet trygt for voldtekter, ran, vold og terror?»

Eller denne: «Jeg står for at ABB hadde noen poenger. Det er faktisk en konspirasjon på gang.»

Tysdag uttrykte Listhaug rett nok at ho er lei seg for at ho har såra nokon, og onsdag ettermiddag sletta ho Facebook-innlegget som mange finn så sårande.

  • Onsdag ettermiddag bad statsminister Erna Solberg òg om orsaking på vegner av regjeringa. Red.mrk
Les også

Listhaug: – Det var verken min mening eller hensikt å såre noen

Les også

Utøya-overlevende: – Oppfatter det ikke som en beklagelse

Statsministeren på sidelina

Det som heilt sikkert òg er med på å inspirere til dette frimodet blant så mange av «listhaugianarane», er at sjølvaste statsminister Erna Solberg ikkje har funne det naudsynt å ta eit skikkeleg oppgjer med Listhaug. Sistnemnde er ein eminent utøvar av spelet splitt og hersk. Erna Solberg sit att med svarteper fordi ho sjølv har spelt sine kort usedvanleg dårleg. Ho hadde standpunktvegring av høgare grad, var både ueinig og ikkje ueinig med justisministeren sin og gjekk lenger og lenger ned i spagat med unnvikande svar. Sosiale medium kokte med krav til statsministeren om å tone flagg. Til slutt følte ho seg tvungen til å seie noko halvhjarta om at Listhaug sine ord tok fokus bort frå det saka gjeld.

Erna Solberg har ikkje hatt innlevingsevne nok til å fatte kor inderleg djupt Listhaug sitt kyniske utspel har såra Ap generelt og offer og pårørande frå Utøya spesielt. Difor har ho no hamna i ein situasjon der AUF vurderer ikkje å invitere henne til minnemarkering på Utøya 22. juli. Deira reaksjon er forståeleg, og om offer og pårørande held seg vekke frå markeringa om Solberg er til stades, ja, så har ikkje AUF noko val. Det er fyrst og fremst deira markering. Her må Solberg vise statsleiarskap av eit heilt anna kaliber om ho skal få løyst opp i ei for mange særs vanskeleg sak.

Les også

Retorikk-ekspert mener Listhaugs «terrorist-anklage» er dypt problematisk

Tenk om Listhaug blir statsminister...

Ingen ved sine fulle fem trudde nokon gong at Trump skulle klare å bli president i USA. Sidan har eg trøysta meg med at det norske folk aldri ville finne på å velje ein som han til statsminister. Utviklinga vi ser no, gjer meg oppriktig redd. Listhaug er nesten som ein trump-kloning. Ei trumprinsesse. Ho seglar i medvind. Tilhengjarane tar ukritisk bølgja same kor grove utspela hennar er. Dess grovare, dess betre, kan det sjå ut som. Ho har ein eigen evne til å skaffe seg merksemd. Jo meir merksemd, dess høgare jublar fansen. Det er som å vere med i filmen «The Wave», der skuleelevar let seg masseforføre utan å gjennomskue av kva.

Siv Jensen blir aldri statsminister i Noreg. Skal Frp nokon gong komme i den posisjonen, må det vere Listhaug som på trumpsk vis klarer det. Om ho lukkast, er eg frykteleg spent på kor mange fullmakter ho då vil gjere krav på.

  • Fleire tekstar av Jarl Wåge, og innlegg mot han, finn du her
Les også

Aftenbladet mener: «Listhaugs lavmål»

Les også

Støre mener Solberg «er dønn feig»

Les også

Carl I. Hagen: «Utidig av Solberg å kritisere Listhaug»


Publisert:

Les også

  1. Jarl Wåge: «FUCK! FUCK! FUCK! FUCK!»

  2. Helge Lurås: «Stavanger Aftenblads forhold til Vær Varsom-plakaten: FUCK! FUCK! FUCK! FUCK!»

  3. Jarl Wåge: «Lurås er ingen dumming, han veit kva han gjer − tilgje han ikkje!»

  4. Jon Skrudland: «Fuck bestemor? Kan reaksjonane mot Sumaya Jirde Ali forståast?»

Mest lest akkurat nå

  1. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  2. Sigrid Sollund blir kjempeengstelig hver gang sjefen ber om et møte. Det er hun ikke alene om.

  3. Bil begynte å brenne under kjøring på fylkesvei 44

  4. Viking-helten fortsatt taus om fremtiden: – Vil ikke tenke på det nå

  5. Den kommende Røde Kors-presidenten har alltid en plan. Da sønnen fikk skallen splintret på Utøya, hadde hun 27.

  6. Familie følte seg forgiftet – hadde spist sønnens hasjbrownies

  1. Jarl Wåge
  2. Erna Solberg
  3. Arbeiderpartiet (Ap)
  4. Sosiale medier
  5. Sylvi Listhaug