Inn i vårt mørke hus; Lucia-rasismen

Det me treng inn i vårt mørke hus i desse dagar, er ei rasande Lussi som lærer rasistane og hatarane folkeskikk og respekt for menneskeverd og jula sine verdiar.

Publisert: Publisert:

Då butikkkjeda Åhlens la ut reklame for Lucia-utstyr med bilete av ein farga gut, var dei rasistiske reaksjonane så sterke at biletet vart fjerna. For rasistane er Lucia ei blond og fager jente. Foto: Scanpix og Åhléns

Debattinnlegg

  • Anne Kalvig
    Professor i religionsvitskap, UiS
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Luciadagen står for døra. Dei fleste veit at Lucia var ein katolsk helgen og har eitt eller anna samband med lys, og at dagen er særleg knyta til barnehagar i norsk samanheng. Men der stoppar det gjerne, og det er jo ikkje så farleg. Folk har stor glede av å pynta med egg og harar til påske også, utan å kjenna til symbola sitt ikkje-kristne opphav, og i jula relaterer folk seg friksjonslaust til nissen som både Sankt Nikolas-avleiing og som ein av småfolket.

Hatytringane og bråket blei så påtrengande at familien til guten måtte be Åhlens fjerna biletet.

Rasistisk raseri

Ei grim sak om Lucia i Sverige har aktualisert dette med kva symbol og tradisjon er, kva det inneheld, og kva ein kollektivt vil med det. Ein mørk, smilande gut avbilda som Lucia i ein reklamekampanje for varehuset Åhléns fekk rasistane til å skrika ut på Facebook. Ingen fekk rokka ved det høgverdige biletet av katolske, søritalienske Lucia som svensk, blond missedronning, slik kulturhistoria hennar er i nabolandet vårt. Hatytringane og bråket blei så påtrengande at familien til guten måtte be Åhlens fjerna biletet.

For eitt år sidan laga den svenske livsstil-magasinet Café ein video der fotballsjerna Zlatan Ibrahimovic blei framstilt som Lucia. Då oppstyret rundt Åhlén-reklamen starta i Sverige sist veke, fauk filmen i vêret på nettet. Foto: (Skjermdump frå Café sin Zlatan-video)

Ein er liksom ikkje innanfor eller utanfor Lucia-feiringa, ho er ikkje så streng og definert.

Jenter og gutar er med

Motstanden mot at Lucia kunne representerast av ein mørk, liten gut, handlar jo ikkje om at ikkje gutar og jenter i alle slags variasjonar feirar Lucia i Sverige, som i Norge. Det gjer dei, det er takka vera svenskane i nyare tid at me har denne barnekulturen også hos oss. I barnehagar som jo ikkje skal feira, bare markera, tradisjonar og høgtider, feirar ein med sjølvsagt glede Luciadagen, ikkje ein gong human-etikarane opplever dagen som plagsamt religiøs. Det er ungane sin dag, ungane og lyset dei representerer er i sentrum. Feiringa er større i Sverige; velståande svenskar var Lucia-tradisjonsberarar gjennom heile det historiske komplekset med reformasjon, kommersiell Lucia-kåring og barneopptogutvikling.

I ei lærebok om høgtidsmarkeringar i barnehagen hevdar Geir Winje at nordmenn (sic) i stadig større grad er uinteresserte i å feira ein kristen helgen, og at viss foreldra plent vil sjå ungane sine utkledde som terner og stjernegutar, så får dei arrangera det privat utanom barnehage- og skoletid. I røynda viser foreldre og barn stor glede av, og interesse for, Lucia-feiring. Ein er liksom ikkje innanfor eller utanfor Lucia-feiringa, ho er ikkje så streng og definert. Sjølv ikkje om utgangspunktet er ein modig helgen som døydde for si tru i det førkristne romarriket, og som ga det ho eigde til dei fattige.

Rasistane sitt problem med ein mørk Lucia-gut handlar om ein misforstått idé om at det finst noko etnisk og kulturelt «reint».

«Den hellige Lucia», oljemaleri av Francesco del Cossa fra 1473.

Lussi på lur

Lucia i Norden er jenter og gutar som ikler seg ei rolle og går i tog på mørke morgonen. Det er lys, napolitansk song i omsetjing og lussekattar i solmønster frå bronsealderen.

Lussi lurer i bakgrunnen, ho som i nordisk folketru er ei kvinneleg vette som så å seia «opna» juletida på lussinatta 13. desember, og som hadde det med å riva i sund piper viss ikkje folk hadde blitt ferdige med alt julearbeidet på julekvelden – pipa som julenissen noko seinare blir tenkt å komma ned i. Der Lussi var ein farleg, men æra, representant for dei underjordiske, utgjer helgenen Lucia sitt offer er ei litt uklar rammeforteljing for vår moderne feiring. I katolsk tradisjon er ho, forutan lyssymbol, også dei synshemma sin skytshelgen ved at ho døydde med ei brennande lampe i handa.

I nokre forteljingar fekk ho auga stukke ut, og slik blir ho gjerne avbilda med auga liggande på eit fat ved sida av henne. Det passar ikkje så godt med svenske Lucia-kåringar.

Før Åhléns fjerna reklamen for Lucia-utstyr med den farga guten, fekk dei tusenvis av kommentarar på Facebook. Etter kvart kom reaksjonen på rasismen, og tonen blei ein heilt annan.

[…] den blonde, skjønne Lucia-dronninga må vernast frå dei invaderande, mørke menn, i ei verd som brenn i krig, med flyktningkrise og hatretorikk.

Rasistane og «dei andre» sin plass

Rasistane sitt problem med ein mørk Lucia-gut handlar om ein misforstått idé om at det finst noko etnisk og kulturelt «reint». Og det handlar om frykt, egoisme og hat: «Dei andre» kan til nauds tolererast, men skal ikkje høyrast, sjåast eller ta plass. Åhléns ville visa at kjønn og etnisitet ikkje har noko å seia for kven ein kan velja å vera – Lucia, nisse eller pepparkakemann, som dei forklarte det i svenske media. I forlenginga av dette resonnementet kan me neppe forventa at NRK sin tv-julekalender vil framstilla santaclaus-julenissen som ei kvinne med det fyrste. Men Lucia-rasismen kan tenkast å handla om noko anna, om ein seksualisert, patriarkalsk dikotomi (todeling; red.anm.) der den blonde, skjønne Lucia-dronninga må vernast frå dei invaderande, mørke menn, i ei verd som brenn i krig, med flyktningkrise og hatretorikk. Då blir gjerne eit uskuldig, lite barn passande målskive. I tråd med same logikk representerer guten for rasistane og homofobane også eit homoerotisk innvandrar-«hen», slik 73 sider med innlegg på nettforumet Flashback viser.

Det me treng inn i vårt mørke hus i desse dagar, er ei rasande Lussi som lærer rasistane og hatarane folkeskikk og respekt for menneskeverd og jula sine verdiar. Og Lucia som minner oss – frå sitt opphav nær der flyktningane kjem i land i dag – om å fatta mot, sjå mot lyset og vera kvarandre sine lysberarar.

Publisert:

Les også

  1. - Å droppe Lucia kan virke støtende på enkelte foreldre

  2. Tid for lussekatter

Mest lest akkurat nå

  1. Filmet mens han kjørte i 230 kilometer i timen i Ryfast

  2. Mastrafjordtunnelen åpen igjen, men med redusert hastighet

  3. Ødelegger Høibo for UiS med denne omtalen?

  4. Hvorfor er menn så rike? – Kanskje trives menn bedre med store sko

  5. Slutt på vaiende flagg ved Sandnes-kirke

  6. Marte (20) sa opp jobben og flyttet hjem for å pleie sin alvorlig syke pappa. Det fraråder Stavanger kommune

  1. Kjønn
  2. Rasisme