Dette held ikkje, Bent Høie!

DEBATT: Eg hadde forventa meg noko betre frå Bent Høie då han i laurdagsavisa tok utfordringa frå Solveig G. Sandelson og stod opp i «klasserommet» til forsvar for Sylvi Listhaug.

Publisert: Publisert:

«Alt Bent Høie (bildet) i røynda seier, er at alle som står fram og forkynner den rådande politikken på innvandringsfeltet, vert upopulære og må tåle mykje vondord frå meiningsmotstandarar», skriv Leif A. Helgesen. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

Leif A. Helgesen
Førstelektor, UIS

Forsvaret hans viste liten innsikt i kva mange av oss som er kritiske til innvandrings- og integreringsministeren reagerer negativt på. Alt han i røynda seier, er at alle som står fram og forkynner den rådande politikken på innvandringsfeltet, vert upopulære og må tåle mykje vondord frå meiningsmotstandarar.

Les også

«Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp, Bent Høie, Ketil Solvik-Olsen eller Solveig Horne?»

Ingen har tidlegare høyrt

Eg kan ikkje med mi beste vilje sjå korleis han klarer å samanlikna statssekretær Pål Lønseth og tidlegare minister på området, Erna Solberg, med den nåverande ministeren. Ingen andre ministrar har kalla kritikarar for hylekor, teke ord som godheitstyrannar i sin munn, brukt formuleringar på nettet som at vi "i dette landet drikk alkohol, viser ansiktet vårt, et svin" osv.

Heller ikkje har me sett nokon som i tv-ruta smilande har gått i politiet sine fotefar på ivrig leit etter ulovlege innvandrarar. Me har heller aldri høyrt tidlegare politikarar som fulle av sjølvskryt viser til New York Times som referanse på at Noreg er i Europatoppen på effektiv grensekontroll.

Les også

Christian Wedler: Både Kristoffer Joner og Sylvi Listhaug bør tenke seg om

Berre trist

Innvandringsfeltet er komplekst, emosjonelt, fullt av motsetnader. I kjølvatnet ber det og med seg mange menneskelege tragediar. At ein liten gut frå Afghanistan som berre kan norsk og engelsk, blir sendt attende på 7-årsdagen sin er døme på ei sak som berre er trist, sjølv om returen er lovleg.
Me har ikkje ei streng innvandring fordi Sylvi Listhaug skal ha noko å skryta av, men fordi det alltid vil vera ei grense for kor raus det går an å vera i høve til alle dei som ideelt sett burde få leva ein tryggare stad enn det dei gjer.
Kor denne grensa skal gå, er folk sjølvsagt usamde om. Her burde me finna politikken, ein arena der saklege, faktabaserte argument får dominera.
Alle som tek del i ein slik debatt, bør vera samde om at dette feltet har mange saker med vonde og vanskelege sider ved seg.
Innvandring skuldast i hovudsak krig og konfliktar andre stader i verda, der mange menneske er i djupaste naud, og der nokre ser flukt som einaste utveg. Dette er bakteppet, og det ser vi ytterst sjeldan at innvandrings- og integreringsministeren viser fram.

Les også

Bent Høie skuffer når han forsvarer Sylvi Listhaugs retorikk

Grunngje klårt og tydeleg

Ansvarlege politikarar må iblant ta upopulære og vanskelege val, som i augneblinken og kan verka urimelege. Då bør dei erkjenna at røynda diverre er slik, og grunngje klårt og tydeleg kvifor. Gjer dei det, er me der me bør vera i eit demokratisk samfunn.
Politikarar som kjem med lettvinte karakteristikkar både om menneske som ønskjer seg hit og om meiningsmotstandarar, er inne på ein farleg veg. Særleg på innvandringsfeltet kokar nettet over av meiningsgrums som skuldast dårleg impulsstyring og irrasjonell frykt. Dei må ikkje få næring frå politikarar som prioriterer lettbeinte omgrep og karakteristikkar. Slikt ber dei attpå til lesarane sine om å lika og dela.

Les også

Hylekor mot Listhaug

Heller burde dei formidla solid funderte kunnskapar ut til veljarane. Eit sunt demokrati må vera tufta på sunn og faktabasert meiningsutveksling. Det bidrar diverre ikkje Sylvi Listhaug mykje til.

Les også

– Sylvi Listhaug bryter egen strategi mot hatytringer

Les også

Dette innlegget var utgangspunkt for Joners Listhaug-kritikk

Les også

24-åring bak Listhaugs Facebook-suksess

Les også

Listhaug til Joner og folks Facebook-aksjon: Vi lar oss ikke stoppe av hylekoret

Les også

Listhaug: – Hele den tredje verden kan ikke komme til Norge

Publisert: