Kristne svartelista i Nato-land

TRUSFRIDOM: Kva seier det om Nato-landet Tyrkia sitt syn på den protestantiske kristne minoriteten, at utanlandske gjester i kyrkjene i tur og orden vert stempla som trugsmål mot landets «nasjonale tryggleik»?

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan, i midten, er på lag med Nato sin generalsekretær Jens Stoltenberg, til venstre. Men Tyrkia er ikkje på lag med resten av Nato-landa når det gjeld grunnleggande menneskerettar. Foto: Den tyrkiske presidenten sitt pressekontor/Reuters/NTB

Debattinnlegg

  • Johannes Morken
    Johannes Morken
    Redaktør i Stefanusalliansen
Publisert: Publisert:

Kva seier det om Nato-landet Tyrkia sitt syn på den protestantiske kristne minoriteten, at utanlandske gjester i kyrkjene i tur og orden vert stempla som trugsmål mot landets «nasjonale tryggleik»?

Tyrkia er ikkje berre eit Nato-land. Det er også eit viktig turistland for mange nordmenn. Lenge har vi trygt kunna seia til kristne som dreg til Tyrkia for å gå i fotspora til Paulus, at dei absolutt bør oppsøkja lokale kyrkjer.

Kontakt med folk utanfor Tyrkia er viktig for den vesle kristne minoriteten. Dei historiske kyrkjene treng besøk. Det same gjer dei 6000–8000 protestantiske kristne i 170 små og større forsamlingar. Der møtest stort sett menneske som har konvertert, dei fleste frå islam.

Men kva skal vi seia til dei som set seg på fly til Tyrkia når reiserestriksjonane under pandemien er letta? Det må vi tenkja meir grundig på.

Det kom som eit sjokk då ein av Stefanusalliansens medarbeidarar, Vija Herefoss, vart stoppa av politiet på ein tyrkisk flyplass, erklært uønskt og send tilbake til Oslo med første fly. Ho som har ansvar for å følgja opp arbeidet vårt i Tyrkia, er svartelista. Slik det ser ut no, er det høgst uvisst om ho vil kunna koma tilbake til landet. Det kan ikkje vera annan grunn enn at Herefoss og to kollegaer nokre veker før hadde delteke på ein konferanse for pastorar og leiarar i protestantiske kyrkjelydar. Vi har grunn til å frykta at alle tre er svartelista.

Les også

MAGASIN: Derfor konverterte jeg

Autoritært

Den kristne minoriteten slit i eit meir og meir autoritært, ultranasjonalistisk og islamisert Tyrkia under president Recep Tayyip Erdogan. Protestantiske kristne, og særleg konvertittar og deira leiarar, er diskriminerte.

Fordi dei ikkje får lov til å utdanna leiarar i Tyrkia, er mange protestantiske kyrkjelydar heilt avhengige av hjelp utanfrå. Men i tur og orden vert utanlandske kristne som har budd i Tyrkia i årevis saman med familiane sine og vore aktive i kyrkjelydar, enten kasta ut eller stengde ute.

De aller fleste protestantiske kyrkjelydane har aldri fått godkjent bygga sine som kyrkjer. Dei lever difor under trussel om stenging eller høge bøter for å ha gudstenester i lokale som, ifølgje styresmaktene, i grunnen er forbodne å nytta til religiøse formål. Det vert understreka i eit brev som tre av FNs spesialrapportørar har sendt til Tyrkias regjering.

Dei uttrykkjer «djup uro over den rapporterte diskrimineringa og den frykta som møter medlemmar av protestantiske forsamlingar og deira religiøse leiarar».

Møter med rykteflaum

Etter det mislukka kuppforsøket mot president Erdogan i 2016 er utanlandske kristne som arbeider i protestantiske kyrkjer, i aukande grad blitt utsette for rykte om at dei «kan underminera tyrkiske nasjonale verdiar og identitet», heiter det i FN-brevet.

I alle fall 64 utanlandske kristne er svartelista i 2019 og 2020. Fem av dei er ikkje busette i Tyrkia. FN-rapportørane nemner tre av dei svartelista. Ei av dei er Vija Herefoss i Stefanusalliansen.

Ho har aldri vore busett i Tyrkia. Stefanusalliansen er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon som ikkje har utsendingar i noko land, men støttar lokale partnarar.

Konfiskert pass

5. mars i år tok Vija Herefoss fly til Antalya i Tyrkia for å delta på ein internasjonal konferanse. I passkontrollen blei passet konfiskert. Politiet gav henne beskjed om at ho var nekta innreise av «nasjonale tryggingsgrunnar». Ho blei eskortert av politiet tilbake til Norwegian-flyet ho kom med. Passet fekk ho først igjen då ho landa i Oslo.

FN-rapportørane ber konkret om informasjon om saka til Herefoss.

Tyrkia har svart FN at landet overheld pliktene for dei religiøse minoritetane og at dei er i sin fulle rett til å kontrollera innreise, opphald og utvising av utlendingar og at dei kan undersøkja saker som har med offentleg orden og tryggleik å gjera. Kvifor vår medarbeidar er eit trugsmål, vert det ikkje svart på.

Den protestantiske kristne minoriteten i Tyrkia kan ha god grunn til å kjenna på frykta for kva dette inneber for dei sjølve, når gjestene deira vert stempla som trugsmål mot nasjonal tryggleik. Vil Tyrkia isolera dei ved å nekta utlendingar å hjelpa dei og skremma andre frå å gjesta dei? Det er i så fall andletet til eit totalitært styresett.

Les også

Johannes Morken: «Sultan Erdogans maktgrep råkar religionsfridomen i Tyrkia»

Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg har møtt president Erdogang mange gonger, her på Nato-toppmøtet i Watford i Storbritannia i desember 2019. Foto: Christian Hartmann, Reuters/NTB

Turistar på kyrkjebesøk?

Stefanusalliansen støttar mellom anna ein kyrkjelyd i turistbyen Antalya. Byen er heilt avhengig av turisme. Heile byen og mange i kyrkjelyden har det svært vanskeleg under pandemien. Kyrkjelyden vi samarbeider med, har fått hjelp utanfrå for å hjelpa nokre svært hardt ramma familiar. Og pandemien er slett ikkje over.

Turistar som etter pandemien vil gjesta protestantiske kyrkjer i Tyrkia, må i alle fall vita kva som har skjedd med utanlandske kristne som har engasjert seg der. Kyrkjelyden i Antalya har mista to utanlandske kristne som har arbeidd der i årevis.

Det er uakseptabelt at uskuldige enkeltmenneske som har arbeidd i kyrkjelydar og delteke på opne møte og konferansar vert utsette for traumatisk utkasting eller innreisenekt. Dette skjer altså i eit Nato-land, eit norsk turistland og eit land der kristendomen kom med Paulus for 2000 år sidan.

Les også

  1. Erdogan advarer mot et «nytt korstog»

  2. Erdogans farlige ord

  3. – Organisasjonen har blitt et diktatur

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Bensinstasjon-ansatt koronasmittet - ber kunder være obs

  2. Vil utvide Europas største steinbrudd – naboene fortviler

  3. Sånn ser nye Ruten ut etter to måneder

  4. Hus uten vann og kloakk kan bli sentrum av strid på Bryne

  5. Står du nær en som sliter psykisk, er det særlig en feil du bør unngå

  6. Dugnad i Randaberg ga seks nye smittetilfeller