Pedersgata kan miste si sjel

DEBATT: Å stille seg laglig til for hogg er det noko som heiter, og det var kanskje det eg gjorde med mitt innlegg 3. mai, men det lever eg godt med så lenge det kan føre til ein debatt om Pedersgata si utvikling og bevisstgjering rundt roller.

«Eg trudde jo at eg budde i eit område der vern av trehusbebyggelsen sto sentralt, og at gode bumiljø skulle behaldast», skriv Sigmund Trageton.

Debattinnlegg

  • Sigmund Trageton
    Nabo
Publisert: Publisert:

Steinar Meling og Mary- Ann Astrup meiner i sitt innlegg 18. mai at eg har vore usakleg og lite etteretteleg i mitt innlegg om Pedersgata si utvikling, og innlegget var jo subjektivt utforma og avslutninga bevisst polemisk i sin karakter. Målet var å vise korleis det oppleves når ein profesjonell utbyggar plutseleg sett i gang og skal «utvikle» eit nytt kvartal i Pedersgata, no frå Normannsgate og utover. Men la me meg prøve å tydeleggjere mitt budskap på ein klarare måte.

Aldri høyrt om

Mitt hovedpoeng var at eg aldri hadde høyrt om ein velforening der ein profesjonell utbyggar satt i styret, med den rolleblanding og inhabilitet det ville føre til. Eg tok kontakt med Vellenes Fellesorganisasjon og dei hadde heller aldri høyrt om noko tilsvarande. Dei definerer ein velforening som «En velforening er en sammenslutning av – og for beboere i et avgrenset geografisk område, for eksempel et boligfelt, et «sted» eller en grend, som har gått sammen for i fellesskap å skape et trivelig og trygt bo- og nærmiljø.» Og sjølv om dette ikkje er lovregulert, så baserer dei seg på ein 270 år gammal tradisjon der det er vekt på bebuarar og bumiljø.

Om det no er slik at Anders Ohm har trekt seg frå styret (han står framleis som styremedlem på proff.no) kan det jo hende eg hadde et poeng i mitt innlegg. Og sidan sist har han no kjøpt to nye hus i vårt kvartal, som antakeleg skal «utviklast».

Eg meiner det er essensielt for ein bebuarforeining å vere uavhengig og ha ein distanse til både næringsutvikling og boligutbyggere fordi det er først då ein kan kritisere og problematisere, i den offentlege samtalen, ei utvikling som går mot det ein ynskjer. Eg kan ikkje finne eit einaste kritisk debattinnlegg frå Pedersgata Velforening om planane frå Pedersgata Utvikling AS fram til no, men eg kan love at eg har snakka med mange kritiske røyster i nabolaget i det siste.

Det som har gjort mest inntrykk på meg er dei enkeltbebuarane som føler seg makteslause og overkøyrde av Pedersgata Utvikling AS.

Assymetrisk makt

Meling og Astrup skriv og at «enkelte beboere i nærområdet» protesterer mot høghuset i Pedersgata 67 og utviklinga generelt. Det er i beste fall ei underdriving. I desse dagar går det eit brev med bekymringsmelding til kommune, byantikvar og politikarar om utviklinga i området. Brevet er signert av 42 bebuarar i Pedersgata, Bratteberggata, Nedre Dalgate, Normannsgata, Bøkkesmauet og Mellomgata. Det høyrest kanskje ikkje all verda ut, men det er rundt 80 prosent av dei som bur i kvartalet.

Det som har gjort mest inntrykk på meg er dei enkeltbebuarane som føler seg makteslause og overkøyrde av Pedersgata Utvikling AS. Det er her omgrepet assymetrisk makt kjem inn. Når ein utbyggar foreslår et nytt prosjekt med fire etasjar og glashus på toppen, vil kommunen seie at det var eit godt kompromiss med tre etasjar og godkjenne dette, sjølv om naboane eigentleg ville behalde det skeive trehuset på 1,5 etasje.

Sentrumsplan v.s. verneplan

Eg trudde jo at eg budde i eit område der vern av trehusbebyggelsen sto sentralt, og at gode bumiljø skulle behaldast. Men kommunen har jo vedtatt ein ny sentrumsplan der omgrepet «aktive førsteetasjar» blir nevnt heile 37 gonger, og det skal og gjelde i Pedersgata. Det vil sei at ved nybygg skal ein legge til rette for næring i første etasje. Og sjølv om det står at dette først og fremst gjeld nybygg, så bruker Pedersgata Utvikling AS det som et hovudargument når dei gang på gang søker dispensasjon frå eksisterande reguleringsplan. Då kan dei maksimere tomtearealutnyttelsen, starte næring i første etasje og leie ut resten.

Det blir ikkje særleg gode og stabile bumiljø av det, og det er her eg meiner Pedersgata kan miste si sjel. Eg vil gjerne at politikarane kjem på banen og fortel om det var dette dei ville ha då dei vedtok Sentrumsplanen, eller om dette berre er ein «uheldig» konsekvens der ein smart utbyggar har funne eit smutthol.

Les også

  1. – Ein mann åleine bør ikkje bestemma Pedersgata si utvikling

  2. – «Kongen av Peders­gata» vil bli keiser

  3. – Vi ønsker å gjøre en best mulig jobb, og vi ønsker alle kon­struktive innspill vel­kommen

  4. «Litt pragmatisme gjør som regel mer godt enn vondt»

  5. – Vil du ha ditt barns barnehage vegg i vegg med uteservering?

  6. – Saklig debatt er en god ting – når den faktisk er det

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Når det blir farlig å gå på jobb

  2. Mann tatt for ruskjøring med barn i bilen

  3. Mange prøver seg, men få klarer å synge julen inn like godt

  4. David Brekalo: – Jeg gjorde en feil og vil beklage til alle

  5. Dette sa Gunnarsson som fikk Brekalo til å koke over

  6. Derfor sliter barn med å avslutte spill. Ny kunnskap kan hjelpe foreldre