Hurtigbåtane er ein del av Ryfylke si sjel

KOLLEKTIVTILBOD: Ryfylke er ein viktig del av Rogaland. Store verdiar i kraft, smelteverksprodukt og stein blir skapt her inne, og me tilbyr vakker natur til hyttefolk og andre turistar. Fylket kan ikkje behandla oss som ein klamp om foten og ta hurtigbåtane frå oss.

La oss få behalda ein infrastruktur som beheld livet i Ryfylke, slik at me framleis kan tura på med vårt, og kan ta godt imot dykk som vil vitja oss eller vil busetja seg hjå oss. Rogaland med eit levande Ryfylke er eit rikare Rogaland. Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand

Debattinnlegg

  • Oddvin Marvik
    Sand
Publisert: Publisert:

Fylket har ikkje økonomi til å drifta hurtigbåtane i indre Ryfylke lengre. Årsaka skal vera at fylket misser 80 millionar kroner i statleg finansiering til drift av båtane.

Er Ryfylke blitt ein klamp rundt foten for Stavanger-regionen? Er pengar brukt i Ryfylke til hinder for den ønska utviklinga sør i fylket? Rogaland fylkeskommune sine ansvarsområde i Ryfylke gjeld ikkje like sterkt som i Stavanger. Det finst mange døme på det.

Me blir stemoderleg behandla innan samferdsel som i dette tilfellet, og på vegutbyggingar. Hadde ikkje Suldal kommune, med sin sterke økonomi, gått inn å forskottert pengar til Rogaland fylkeskommune, hadde me sannsynlegvis ikkje hatt dei vegane me har i dag. Døme på dette er vegen i Brattlandsdalen, vegen ved Osberg og Sandsfjordbrua.

Me må ordna opp sjølv

Eg lurer på om andre kommunar i resten av fylket brukar pengar på vidaregåande skuledrift som fylket er ansvarleg for?

Det same gjeld dei vidaregåande skulane. Skal me ha eit skuletilbod her i indre Ryfylke, må me gjera oss fortent til det. Ta suksessen Toppvolley Norge. Hadde det ikkje vore for lokale eldsjeler og kommunale pengar, hadde den linja neppe eksistert. Eg lurer på om andre kommunar i resten av fylket brukar pengar på vidaregåande skuledrift som fylket er ansvarleg for? Folk i Ryfylke blir rekna for å vera både nøysame og arbeidsame. Men mange ryfylkingar forlèt Ryfylke etter dei har fått seg ei utdanning. Likevel har mange røtene sine godt forankra i Ryfylke og søkjer heim når dei kan. Ta til dømes Equinor sin nye sjef, Anders Opedal.

Den viktigaste ressursen me produsere i Ryfylke er menneske. Men me produserer også økonomiske ressursar. Ta kraftproduksjonen i Ryfylke som Rogaland fylkeskommune har nytt godt av og hatt hundrevis av millionar kroner i inntekt på gjennom åra.

Me har smelteverket i Sauda som leverer metall som verda spør etter. Me har Europas største steinbrot med produksjon på over ti millionar tonn årleg. Me har fiskeoppdrett i fjordane. I tillegg har me primærnæringane, små og mellomstore bedrifter. Så me kavar på med vårt.

Fylket treng eit levande Ryfylke

Les også

Distriktsopprør mot forslag om å utradere hurtigbåten: - Det er hårreisende

Til slutt vil eg nemna naturkvalitetane Ryfylke sit på, her har me alt, frå sørlandsidyll, til vakre dalføre opp til snaufjellet med Rogalands høgste fjelltoppar. Noko me set pris på, men som også folk frå heile fylket set pris på, mange har hytter her og brukar dei flittig. At det skjer er ei ønska utvikling og me ønskjer fleire velkomen til Ryfylke.

Mi vesle bøn til dykk: La oss få behalda ein infrastruktur som beheld livet i Ryfylke, slik at me framleis kan tura på med vårt, og kan ta godt imot dykk som vil vitja oss eller vil busetja seg hjå oss. Rogaland med eit levande Ryfylke er eit rikare Rogaland.

Les også

  1. Hurtigbåt-kutt utsettes til 2023

  2. – Bør heller ofre nattbusser enn hurtigbåtene

Publisert:
  1. Ryfylke

Mest lest akkurat nå

  1. Ellevill Viking-jubel i Bjarne Berntsens nest siste hjemmekamp

  2. «Du har opplevd nok i livet ditt. Nå skal alt blir bra», sa Mats til Elisabeth. Så døde han på utenkelig vis.

  3. Skadet Erling Braut Haaland ferdig for året

  4. Ellevill julepynting: Naboene satte opp 12 gigantnisser og brukte 100.000 kroner på lys

  5. En ung majestet topper børsen

  6. Bygger du på huset, får du nå en telefon fra skatteetaten