Grøn helsing frå ein tidlegare oljearbeidar

DEBATT: Å satsa einøygd vidare i Noreg på ei næring som vert meir og meir økonomisk risikabel, er det motsette av å vera ansvarleg.

  • Harald Maaland
    Styremedlem MDG Kvinnherad, og stolt tidlegare oljearbeidar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Norsk oljeproduksjon har vore ei suksesshistorie, som har sikra gode inntekter, skikkelege løns- og arbeidsforhold, og ein kultur for tryggleik og innovasjon. Dei som styrte forvaltinga då det vart funne olje utanfor norskekysten, var fantastisk gode statsmenn som såg langt fram i tid, og gjorde det som var smart og forsvarleg for landet sine innbyggarar på lang sikt. Vi skuldar dei, og oljearbeidarane, mykje!

Langsiktig

Like langsiktige burde dagens politikarar vera, og sjå at olja ikkje kjem til å ha same inntening i framtida som den har hatt tidlegare, og at vi treng fleire bein å stå på, ikkje berre pga. klima, men for å sikra ein god økonomi og framtidige arbeidsplassar.

Å satsa einøygd vidare i Noreg på ei næring som vert meir og meir økonomisk risikabel, er det motsette av å vera ansvarleg. Regjeringa anslår i si perspektivmelding at 90.000 arbeidsplassar kjem til å gå tapt innan 2030 om oljeprisen fell til 30 dollar fatet. Det internasjonale energibyrået (IEA) stadfestar at om verda skal nå 1,5-gradersmålet frå Parisavtalen, vil oljeprisen kunna falla endå lågare enn dette, til 28 dollar per fat innan 2035.

Eg har sjølv følt på kroppen kor utsett oljenæringa er for svingingar i oljemarknaden. I 2014 reiste eg rundt på flyteriggar og plattformer som wireline-operatør, eit utruleg spanande yrke. Der var eg så heldig å jobba med ekstremt kompetente kollegaer og høgteknologisk brønnutstyr.

Jobbane var borte

Men det kraftige fallet i oljeprisen kasta meg og tusenvis av andre oljearbeidarar ut i arbeidsløyse nesten over natta. Jobbane var borte, og mange av dei kom aldri tilbake. På land sat eg att med spisskompetanse, og eit spesialisert fagbrev innan brønnteknikk, som brått var verdilaust.
Lærdomen vi må ta frå krasjlandinga av oljeindustrien i 2014, er at vi ikkje kan overlata ei så viktig næring til marknaden åleine. Dei fleste partia har til slutt forstått at oljealderen ikkje kjem til å vara evig, men berre MDG har lagt fram ein konkret plan for korleis denne omstillinga kan sjå ut.

Vi vil:

  • Gi oljearbeidarane ein jobbgaranti, gjennom støtte til verksemder som omstiller seg vekk frå olje- og gass, og omskuleringstiltak for oljearbeidarar og lønstilskot til oljebedrifter som midlertidig manglar oppdrag, så dei kan behalda tilsette i ein overgangsfase.
  • Satsa på ein aktiv næringspolitikk for å sikra 150.000 grøne jobbar innan 2030, i havvind, grøn skipsfart, karbonfangst og -lagring, CCS, solenergi og energieffektivisering.
  • Etablera ein oljekommisjon der myndigheiter, arbeidstakarorganisasjonar, forskings- og kunnskapsmiljø og næringslivet samarbeider om ein plan for å oppretthalda sysselsetting og skapa nye jobbar samstundes som oljeverksemda vert fasa ut.
  • Gi gode skattevilkår til grøne næringar inspirert av dagens fordelar til olje- og gassindustrien.

Eit anna «argument» som blir repetert i det uendelege i dag, er gjerne at me må oppretthalda oljeproduksjonen, fordi verda treng plast, og at det ikkje finst materiale som kan erstatta plasten per i dag.

Heldigvis tar dei heilt feil her, tal frå BP og IEA syner at det aller meste av oljebaserte plastprodukt kjem til å erstattast av fornybare løysingar i framtida. Og dei tinga vi i framtida likevel treng olje til å produsera, vil ikkje bli eit stort CO₂-problem. Oljeproduksjonen i Noreg i dag går i all hovudsak til forbrenningsmotorar og straumproduksjon, i verda går berre 7-8 prosent av produksjonen til plastproduksjon.

I skogbruket har dei i dag eit motto som er slik: Alt som kan lagast av olje, kan lagast av skog! Skog kan nemleg brukast som råstoff for å laga plast.

Ta vare på kompetansen

Det finst ikkje ei einskild næring som kan erstatte olja. MDG vil difor driva fram ei storsatsing på havvind og solenergi, grøn skipsfart, karbonfangst- og lagring, bioøkonomi og sirkulærøkonomi. Slik vil vi ta vare på og styrka den fantastiske kompetansen til dei norske oljearbeidarane, og skapa nye arbeidsplassar i omstillinga til eit nullutsleppssamfunn.

Publisert: