Nei til innføring av ombordtillegg på buss

DEBATT: Fylkestinget i Rogaland skal 28. april vedta om det skal innførast ombordtillegg på buss i heile Rogaland fylke.

«Ombordtillegg er ein god tanke, men er dessverre ikkje noko godt forslag», skriv Kristian Mateo Norheim. Foto: Illustrasjonsbilde/Scanpix

Debattinnlegg

  • Kristian Mateo Norheim
    Økonomiansvarlig i Rogaland Rød Ungdom
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Forslag til vedtak lyder slik:

  • 1. Det innføres ombordtillegg på buss i hele Rogaland. Det gis fritak for funksjonshemmede og honnørreisende.
  • 2. Kolumbus iverksetter tiltak som sikrer at eksisterende og nye brukere er kjent med endringene og de alternative betalingsløsningene.
  • 3. I hvilke grad eksisterende brukere kjenner til og kan bruke alternative betalingsløsninger i Haugesund, er avgjørende for når ombordtillegget kan innføres.

Rødt Rogaland har stemt i mot dette forslaget i samferdsleutvalet, og det er eg glad for. Ombordtillegg er ein god tanke, men er dessverre ikkje noko godt forslag. Kolumbus har mellom anna kome med fleire argument på kvifor dei ønskjer dette. Sjølvsagt er ei av desse argumenta at dei skal spara pengar. Eit betre argument er ein enklare arbeidskvardag for sjåførane.

Rammar skeivt

Det som dessverre ikkje er positivt med dette forslaget er korleis det vil ramma skeivt. Kolumbus sjølv viser til ein undersøking kor 20 prosent av eldre og personar som sjeldan reiser kollektiv vil sjå etter andre reisemåtar om dette forslaget blir innført. Det vil seie at terskelen for å reisa kollektiv blir høgare for enkelte grupper. Det er vel ikkje det ein ønskjer?

Kolumbus har brukt Haugesund som ein sentral del av sin argumentasjon. Fylkesrådmann viser til at Kolumbus meiner det er eit problem med forseinking i Haugesund. Det er dessverre ikkje noko eg finn tal på ut frå sakspapira, men utsegn frå tilsette på bussruter i Haugesund seier at dei ikkje meiner forseinking er eit veldig stort problem her. Det er meir naturleg å tru at forseinkingane er størst i rushtida, og at det kjem av trafikk og ikkje kontantbetaling. Då er eg tvilande til at bussane, spesielt i rushtida, blir noko meir presise ved innføring av ombordtillegg.

I Haugesund har me 10-kroner for éin billett. Det har auka talet på reisande og har vore eit strålande tiltak. Mange av dei som reiser kollektivt her er barn og unge. Og med tanke på det blir eg uroa. Ikkje alle desse ungdomane har 10 kroner på kortet sitt til ein kvar tid. Difor brukar mange av dei å betale kontant, ein 10-kroning av mor eller far i farta, eller ein 10-kroning frå ei bøssa på bordet i inngangen. Ved innføring av ombordtillegg vil ungdom som ikkje har så god råd bli ramma.

Kvifor kan ikkje barn få fritak?

I forslaget til Fylkesrådmannen står det at ein ønskjer å gå inn for fritak for personar med funksjonsnedsetting og honnør. I ein rapport frå Urbanet Analyse, som låg vedlagt i sakspapira, stod det ein anbefaling om å også gjera fritak for barn. Dette er ikkje føreslått i vedtaket til Fylkesrådmannen. Kvifor kan ikkje barn få fritak? Eg finn det merkeleg at dei ikkje tek med anbefalinga om fritak for barn. Spesielt når desse er ein stor del av dei reisande og ikkje nødvendigvis har ein sikker eller god økonomi.

I verste fall kan dette vedtaket minske talet på reisande med kollektivtransport og det er ikkje noko me bør risikere når me kjempar mot klimakrisen. Difor vonar eg at fylkestinget vel å ikkje innføra ombordtillegg på buss i Rogaland.

Les også

  1. Kolumbus klarer første runde med skoleskyss, men på én viktig betingelse

  2. Kolumbus tilbake til ordinære avganger for buss og båt fra mandag 27. april. Slik blir reiserådene.

Publisert:
  1. Kolumbus
  2. Fylkestinget
  3. Kollektivtransport

Mest lest akkurat nå

  1. Ingve Bøe fulgte Viking - Brann: – Meget fornøyd med eliteserie­starten her i gården

  2. Fører kjørte ned trafikk­skilt i Sandnes

  3. Byggefirma greier nesten ikkje bygga fort nok

  4. Derfor bør Sandnes gå for Berlands havnebad

  5. Paret fikk oppfylt ønsket om havutsikt og hage i et gammelt industri­lokale

  6. Camilla Stoltenbergs jakke har overlevd utallige presse­konferanser. En dag skal den henge i glass og ramme