Lytt til Enger heller enn Minge

VAL 2019: Heile debatten om fjerning av rushtidsavgifta er valflesk.

Publisert: Publisert:

«Kristine Enger (bildet) sitt forslag kan berre kritiserast for å ikkje ta til orde for å skrote alle motorvegprosjekta som ligger i BMP», skriv Alexander Rügert-Raustein. Foto: Jarle Aasland

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert-Raustein
    Fylkeslistetopp og leiar for Dei Grøne Rogaland

Ordførar i Randaberg, Kristine Enger kom 23.8. med konkrete forslag til kutt i Bymiljøpakka (BMP) for å få sviktande inntekter i balanse med prosjektportefølje. Inntektssida av BMP tilseier at heile prosjektet må kuttast framføre å slanke alle prosjekt i hel.

Engers forslag kan berre kritiserast for å ikkje ta til orde for å skrote alle motorvegprosjekta som ligger i BMP. Det har Harald Minge i Næringsforeninga tilsynelatande ikkje skjønt når han går ut mot Engers forslag.

Valflesk

Heile debatten om fjerning av rushtidsavgifta er valflesk. Inntektssida svekkast ytterlegare i ei situasjon der forutsett inntektsnivå ikkje nås. Det er ikkje realistisk å tru at alle prosjekt i BMP kan gjennomførast.

Klimakutt tilseier at nullvektsmålet er utdatert. For å få utslepp frå transportsektoren ned i tråd med Parisavtalen er kutt frå teknologiutviklinga ikkje tilstrekkeleg og reelle kutt i trafikken må til. Det er berre Stavanger-regionen som heng etter. Bergen vil ha 20 prosent mindre trafikk innan 2030. Oslo er mest ambisiøs med 33 prosent.

Me treng eit tilsvarande 25 prosent-mål for regionen vår. Med eit slikt mål blir også alle vegprosjekt i BMP overflødige fordi eksisterande vegkapasitet openbart er tilstrekkeleg til 75 prosent av dagens trafikk. Og framkomme for næringslivet er sikra samstundes som me når det overordna målet om klimakutt.

I utakt

Minge er fullstendig i utakt med målsetningane til foreininga han representerer.

Næringslivets stønad til Bymiljøpakka burde ikkje vere avhengig av at unødvendige og utdaterte vegprosjekt gjennomførast. Næringslivet er oppteken av god framkomme. Og det når me billegare, fortare og på berekraftig viss me jobbar for å redusere trafikken.

Implisitt framstiller Minge næringslivet som aktiv sabotør av eit jordvernmål som burde vore ei nullvisjon for lengst. Å tvihalde på disse utdaterte vegprosjekt er også unødvendig økonomisk belastning for samfunnet.

Det er alltid befolkninga som til sist betaler gildet uansett, over skattesetelen som statens bidrag, gjennom bomavgifter eller auke i varekostnad når næringa legg sine transportkostnader inn i produktprisen.

Skrot vegprosjekt

Så mykje økonomisk forståing ventar eg av ei frontfigur innan næringslivet at han veit at den beste økonomien får me gjennom dei kostnader me kan unngå.

Bymiljøpakka hadde gjort mest nytte for regionen om alle dei fire vegprosjekta hadde blitt skrota. (Transportkorridor vest, E39 Smiene-Harestad, E39 Hove-Ålgård og Tverrforbindelsen)

Det hadde redusert behov for høge bomavgifter utan å svekke bomringen som effektivt verktøy for trafikkregulering i byområdet. Det ville gitt redusert avgiftsbelastning for folket og redusert press på matjorda i regionen utan at framkome for næringslivet måtte kompromissast på.

Publisert: