Stavanger er avhengig av frivillig innsats

DEBATT: Frivillige lag og organisasjonar sitt engasjement og innsats er ein viktig byggestein i vårt samfunn.

Publisert: Publisert:

«Stavanger er heilt avhengig av enkeltpersonane som gjer ein uvurderlig frivillig innsats innan idrett, kor, korps og barne- og ungdomsarbeid», skriv Anne Kristin Bruns. Foto: Illustrasjonsbilde/Scanpix

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Bystyrerepresentant i Stavanger (KrF)
  • Medlem i utval for kultur, idrett og samfunnsdialog.

Vi politikare må sørgje for at frivillige aktørar i vår kommune har best mogleg vilkår for å generere innsats. Det er ufatteleg at det raude fleirtalet i Stavanger no vil skjære kraftig ned på støtta til disse organisasjonane. KrF meiner at vi må heller satse på frivilligheit.

Bidreg til integrering og inkludering

Stavanger er heilt avhengig av enkeltpersonane som gjer ein uvurderlig frivillig innsats innan idrett, kor, korps og barne- og ungdomsarbeid, for å nemne nokre områder. Dei bidreg til integrering og inkludering, gje folk noko viktig å leve for med gode verdiar. Utan frivilligheita og dugnadsånda stopper Norge opp, også Stavanger. KrF trur at samfunnet best blir bygd nedanfrå. Det betyr at dei frivillige fellesskapa, foreiningane og laga har ein stor eigenverdi. Dei er ikkje «kjekke å ha som et tillegg til staten og kommunen», men dei er utroleg verdifulle i seg sjølv. Når folk vel å bruke tid på frivillig arbeid, gjev dei av seg sjølv til andre, og dei får mykje tilbake. Det skaper samhald, tilhørigheit, engasjement og gode relasjonar mellom menneskjer. Mange oppgåver har frivillige og ideelle mykje betre føresetnader for å løyse enn det offentlege verksemder har.

Utan frivilligheita og dugnadsånda stopper Norge opp.

5. desember er FN sin frivilligheitsdag. I Stavanger held kommunen fest for alle frivillige, som ein takk for at dei bidreg på ulike måtar for å halde lokalsamfunn og aktivitetar levande. Grunnane kan vere mange for å engasjere seg frivillig. For min del har det vore at eg får så mykje igjen for nettopp å bidra. Det har vore både i korps, idrett, speidar og kyrkje. Eg veit ikkje om eg hadde hatt så lett for å bli kjend med nye folk då eg kom til Stavanger, utan å kjenne nokon, om eg ikkje hadde blitt med i eit kor der eg også tidleg vart leiar og bidrog med det eg hadde.

KrF har vore pådrivar

Det offentlege har ei viktig rolle i å støtte opp under frivillig verksemd. Derfor har KrF i over 20 år vore med på å bygge opp gode økonomiske ordningar for frivillige og ideelle lag og organisasjonar. Vi har vore ein pådrivar for å støtte barne- og ungdomsorganisasjonar med administrativ støtte, ein støtte som fleirtalet no vil kutte heilt ut.

Frivilligheit genererer stor aktivitet. Når kommunen gjev ei krone, får dei att mykje meir. Barne- og ungdomsorganisasjonar har hatt moglegheit for å søke om opp til 100.000 kr for ei 100 prosent stilling. Dette utgjer ca. 25 prosent av lønnskostnader og inneberer at resten av midlane til stillinga blir samla inn av organisasjonen sjølv, altså 300.000 kr. Ungdomsarbeidet i IMI kirken er blant dei som mottek støtte. Med desse midlar engasjerer dei over 50 frivillige som brukar minst ti årsverk for å gi et tilbod til ca. 200 ungdommar mellom 13 og 18 år.

Samskaping

Kva vil skje om støtta faller bort? Frivilligheit er som ei stor bølgje som går vidare uansett. Men då mister det offentlege moglegheitene for å gå saman, auke omfanget og verdien av arbeidet. Ein frivillige leiar sa til meg: Vi treng ikkje kommunen, men dokker treng oss. Eit nøkkelomgrep i Kommuneplanen er samskaping. «Vi må gå bort fra forestillingen om at kommunen er en servicebutikk og heller se på kommunen som en akselerator i lokalsamfunnsutviklingen.»

Når kommunen har gode ordningar, kan dei frivillige vere eit uunnverleg supplement til å løyse utfordringar, som til dømes rusførebyggande arbeid, integrering, eldreomsorg og einsemd. Eit eksempel på dette var den store innsatsen som Forus og Gausel IL gjorde overfor dei som var innlosjerte på Forus asylmottak i 2015/16. Vennskap blei skapt og aktivitetar oppretta for å bety ein forskjell.

Stavanger står ved eit vegskilje, økonomien er strammare, og vi må redusere i utgiftene. Akkurat no er tida for å satse meir på frivilligheit, ikkje mindre.

Publisert: