Eg tykkjer «Tidenes rogalandsbok» er bra
DEBATT: I eit debattinnlegg den 1. juni bed forfattaren Odveig Klyve om at eg grunngjev kvifor eg har vore med i fagjuryen for kåringa av «Tidenes rogalandsbok», eit prosjekt som ho meiner er uetisk.
«Kunstnartilværet er brutalt og fordelinga av ris og ros er ikkje rettferdig. Men med kåringa av «Tidenes rogalandsbok» får me gitt positiv merksemd til eit trettitals aktive forfattarar. Det tykkjer eg me skal gle oss over», skriv Terje Torkildsen. Foto: Jonas Haarr Friestad
Debattinnlegg
- Terje TorkildsenForfattar, Stavanger
Odveig Klyve: Tidenes rogalandsbok – leik eller alvor?
Den grunngjevinga skal ho få, men først vil eg kommentera korleis ei av bøkene mine kunne hamna på lista over dei femti titlane som publikum kan stemma på.
Open paneldebatt
Eg skjøner sjølvsagt at det ser suspekt ut når eit jurymedlem blir nominert. Dette krev ei god forklaring, noko som også juryleiar Stine Honoré gav i eit intervju no sist laurdag: Boka mi kom inn på lista etter ein open paneldebatt på Sølvberget den 4. mai der juryen fekk kritikk frå lærarar fordi dei yngste lesarane ikkje hadde kome til orde i kåringa. Lista blei difor supplert med ei handfull barne- og ungdomsbøker, deriblant ei av mine. I etterpåklokskapens klare lys var denne prosessen kanskje uryddig, men eg er einig med dei som meinte at det var for lite barne- og ungdomslitteratur i utvalet som juryen opphavleg presenterte.
Tidenes rogalandsbok: Her er de ti finalistene
Inne i ein gullalder
Så til grunngjevinga for at eg har vore jurymedlem: Eg blei i utgangspunktet spurt fordi eg er litteraturhistorikar og har rimeleg god oversikt over den eldste litteraturen vår. Eg er også leiar av Rogaland forfattarlag, og skulle passa på at ingen av våre medlemar blei oversett. I denne rolla ser eg det som mi viktigaste oppgåve å løfta fram dei mange flotte forfattarskapa i fylket og eg har tidlegare uttalt i denne avisa at rogalandslitteraturen er inne i ein gullalder, men at mange lesarar ikkje har oppdaga dette. Eg meiner difor at kåringa av «Tidens rogalandsbok» er ein god måte å synleggjera forfattarskapa i fylket på, – men når ein lagar slike lister, så er det dessverre ikkje alle som får vera med. «Tidenes rogalandsbok» tok utgangspunkt i produksjonen til nesten hundre og femti forfattarar. Det er snakk om tusenvis av titlar. Det seier seg sjølv at det då er ei lite mindretal av bøkene som blir nominerte. Men kåringa løftar fram over tretti aktive forfattarar, der dei aller fleste bur og arbeider i Rogaland. Det er eg svært godt fornøgd med.
Klyve meiner at kåringa av «Tidenes rogalandsbok» er uetisk, og at ingen andre yrkesgrupper ville funne seg i ei slik behandling. Det har ho nok rett i, men er det eit relevant argument? Kan me kunstnarar forventa å bli behandla som andre arbeidsfolk? Nei, me kan ikkje det. Forfattarar signerer ikkje avtalar om inkluderande arbeidsliv, og me blir aldri møtt med forståingsfulle nikk på medarbeidarsamtalar. Kunstnarar blir møtt med nådelaus kritikk i ein bransje prega av knallhard konkurranse. Somme tider blir me vurderte av kvalifiserte kritikarar som gjer grundige analyser av det me leverer, men ofte får me tilsynelatande vilkårlege terningkast basert på synsing. Eit fåtal kunstnarar blir lønte med stipend og prisar, men dei aller fleste får lite og ingenting.
Positiv merksemd
Kunstnartilværet er brutalt og fordelinga av ris og ros er ikkje rettferdig. Men med kåringa av «Tidenes rogalandsbok» får me gitt positiv merksemd til eit trettitals aktive forfattarar. Det tykkjer eg me skal gle oss over. Så får me håpa at det er nokon andre som blir løfta fram i lyset neste gong.
Les også
Tidenes rogalandsbok
Mest lest akkurat nå
Ti videregående skoler på rødt nivå fra torsdag
Tiltakene på Nord-Jæren videreføres: – Vi sitter klare med både brems og gasspedal
106 grader øst: – En hyllest til mamma
Barnehager og skoler i Stavanger settes på rødt tiltaksnivå – holder stengt onsdag
Sorgen over en tapt barndom er smertefull. Slik går du videre som voksen.
«Tidenes kulturpolitiske skandale»