Tom Hetland: La folket få stemma om vestlandsregionen

Rogalands-politikarane vil vita folkets meining om framtida for fylket. Men stemmeretten vår skal me ikkje få bruka. I staden skal me sitja og venta på ein telefon.

«I ei sak som er så viktig som Rogalands framtid som fylke, forventar eg som innbyggjar å få vera med og seia mi meining», skriv tidligare politisk kommentator i Aftenbladet Tom Hetland.

Debattinnlegg

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Les også

No skal nokon få seia sitt om Vestlandsregionen

iconDenne artikkelen er over fem år gammel

I desember skal fylkestinget ta stilling til eit bokstavleg talt eksistensielt spørsmål: Skal Rogaland halda fram som eige fylke/region, eventuelt med nokre mindre grensejusteringar, eller skal fylkeskommunen oppløysa seg sjølv for å gå inn i ein større vestlandsregion med Hordaland og Sogn og Fjordane?

Les også

Vestlandsregion sendes på høring

Dessverre ikkje godt nok

Fylkespolitikarane har vedteke å senda saka ut på høyring. I tillegg vil dei ha gjennomført ei innbyggjarundersøking før dei gjer vedtak.
Det er bra at fylkespolitikarane i det minste interesserer seg for kva folket meiner. I ei tid då stortingspolitikarar som Helge André Njåstad (Frp) innstendig rår lokale politikarar frå å halda folkerøysting om kommunesamanslåing, men berre køyra på med storkommuneplanane sine, kan ein bli alvorleg redd for det lokaldemokratiske sinnelaget, også hos dei som elles gjerne vil vera talerøyr for «folk flest».
Rogaland fylkesting vil altså lytta til folket. Men då er ei innbyggjarundersøking, der berre eit lite utval av rogalendingane blir spurde, dessverre ikkje godt nok.

Les også

Ansatte advarer mot Vestlandsregionen

For det første har slike meiningsmålingar feilmarginar. I Storbritannia bomma målingane både ved det siste parlamentsvalet og ved Brexit-avrøystinga nå i juni. I USA spriker målingane sterkt framfor presidentvalet. I kommunar som har hatt både innbyggjarundersøkingar og folkerøystingar i samband med kommunereforma (det gjeld blant andre Stavanger, Sandnes og Sola), var det til dels store avvik mellom resultata. Når politikarar kommenterer meiningsmålingar - helst dei dårlege – med at «gallup er ikkje val», har dei heilt rett. Men då bør dei også ta konsekvensen av det.

Les også

Fylkesordfører bryter med Vestlandsregionen

Demokratiet må ikkje reduserast til eit lottospel.

Vitamininnsprøyting

For det andre skaper ei folkerøysting eit heilt anna engasjement i forkant. Når stemmene til alle innbyggjarane får telja, blir det kamp om dei. Me får aksjonskomitear, stands, folkemøte, reportasjar og debattar i avisene. Den enkelte veljar må setja seg inn i saka og gjera seg opp ei meining. Det blir ei vitamininnsprøyting for det lokale demokratiet – og gudane skal vita at det trengst, ikkje minst på fylkesnivå. Når var det i fylkespolitikken sist ei sak som fekk temperaturen i veret ute blant folk?

For det tredje er det ein avgjerande prinsipiell forskjell mellom ei meiningsmåling og ei folkerøysting. I ei meiningsmåling er det andre som bestemmer om du blir spurd. I ei folkerøysting har du ein demokratisk rett som borgar til å delta. Du kan velja å sitja heime, men valet er uansett ditt.

I ei sak som er så viktig som Rogalands framtid som fylke, forventar eg som innbyggjar å få vera med og seia mi meining. Demokratiet må ikkje reduserast til eit lottospel, der stemmeretten går til dei få heldige som får ein telefon frå eit meiningsmålingsfirma.

  • Tom Hetland er pensjonert journalist, sjefredaktør og politisk kommentator i Aftenbladet.

Les også

  1. Et sterkt Vestland er hovedmålet

  2. Ja til ny Vestlandsregion!

  3. Det naturlege skriftspråket i ein ny vestlandsregion er nynorsk

  4. Næringslivet i full krangel om Vestlandsregionen

Publisert:
  1. Sogn og Fjordane
  2. Debatt
  3. Stavanger
  4. Kommunereform
  5. Hordaland

Mest lest akkurat nå

  1. Advarer mot å reise på hytta

  2. – Det blir litt mykje, NRK. Litt nærsynt

  3. Slått i ansiktet på spisested i Sandnes

  4. Lokalt talent hentet av Ingebrigtsen – vil gjøre som Viking-stjerneskudd

  5. Kjell (64) har gratis strøm: – Får betalt for å dusje

  6. Regjeringen går bort fra råd om jevnlig testing