Ei bøn til rogalandspolitikarane, kva med å berre auke lærarløna?

DEBATT: Lærarstreiken er over til glede for elevane, mens lærarane er i harnisk, fordi dei enno eit år opplever redusert kjøpekraft. No utfordrar eg rogalandspolitikarane til å ta grep og auka lærarlønna i vårt fylke.

Mange kommunar, og i Rogaland, hadde ønskje om at KS skulle legga meir pengar i lærarane sin lønningspose. Då forventar me at desse kommunane faktisk gjer dette.
  • Helge Kristoffersen
    Helge Kristoffersen
    Hovedtillitsvalgt, Sandnes kommune, Norsk lektorlag
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Den historisk lange lærarstreiken landa med mageplask, tvungen lønsnemnd. Allereie no er det varsla ny streik i 2023. Eg trur systemet for lønsforhandlingar for lærarar ikkje vert utnytta rett. Ingen kommunar vert straffa for å berre ordna opp i dette samfunnsproblemet. Kjære rogalandspolitikarar. Kva med å berre auke lærarløna?

Misnøya med KS er unison på norske lærarrom. KS stiller med mandat som er så bunde at gode løysingar er utopiske. Men dette tyder ikkje at alle norske kommunar synest det er greitt å tildela lærarar smular. Mange kommunar, og i Rogaland, hadde ønskje om at KS skulle legga meir pengar i lærarane sin lønningspose. Då forventar me at desse kommunane faktisk gjer dette.

Ta grep lokalt!

Rogalandspolitikarar, ta ansvar! Kommunepolitikarar, forhandlingsleiar og skulesjefar i Rogaland må hugsa at tabellen frå dei sentrale forhandlingane berre er å rekna som ei minsteløn. Tabellen er ikkje noko hinder for at lærarar i Sandnes kan tena meir enn lærarar i Stavanger. Lærarar takkar ikkje nei til meir løn, så lenge den er fordelt etter objektive og gode kriterium. Det er berre å snu seg rundt for Wirak & Co og seia at i Sandnes skal alle lærarar tene 10 000,- ekstra. Kan hende vil partifellar i Stavanger gjera det same. Men det gjer vel ikkje noko?

I 2022 har me lært at prisane stig når det er mangel på varer og arbeidskraft. Når 20 prosent av alle dei som jobbar som lærarar ikkje fullt ut er kvalifisert, burde det vera konkurranse om dei 80 prosent som er kvalifiserte. Men i staden for å konkurrere om den arbeidskrafta som er kvalifisert, tilset skuleeigarar og skuleleiarar arbeidskraft som ikkje er kvalifisert. Vil veljarane ha det slik at det i gjennomsnitt er ein dag i veka born og unge ikkje har kvalifisert lærar i klasserommet? Kva med om Wirak & Co gjer «kvalifiserte lærar alltid i alle klasserom i Sandnes», til ei fanesak i valåret 2023? Det er berre rett og rimeleg, og heller ikkje ei heit galen kampsak.

Ei lønsam investering

Om kommunane skal konkurrere om lærarar vil det sjølvsagt kosta. Ei yrkesgruppe aukar ikkje med 25 prosent over natta. Men om løna går opp er det heilt sikkert kvalifiserte lærarar i andre yrke som vil finna vegen tilbake til klasseromma. Om løna går opp er det heilt sikkert fleire og flinkare elevar som vel lærarutdanning. Om klasseromma berre får kvalifiserte tilsette, kan ein og rekna med at kvaliteten på skulen går opp. Kan det då tenkjast at investering i lærarløn faktisk er lønsamt?

Nokre lærarar peiker på at alt gjekk åt skogen då KS tok over ansvaret for lærarløn. Det er rett at det det var då løna for alvor tok til å sokke. Men er ikkje staten ein like anonym og vrien motstandar som KS? Det er vel ingen automatikk i at ein tener meir i staten? Men det er faktisk staten som legg ramma for skulane gjennom læreplanar og lovgjeving. Då må faktisk staten syta for at det er nok pengar. Det er ikkje nok pengar no. Då må staten betala. Lærarane vil ikkje lengre betala med lågare løn.

Publisert: