Ønskjer lokal forvalting av kraft og kompetanse

DEBATT: Vasskraft er den største varige konkurransefordelen Ryfylke har. Men, med dagens energiregime lar det seg ikkje gjere å realisera dette fortrinnet.

«Fiber til alle må vere like sjølvsagt som straum og gode og trygge vegar i distriktet vårt», skriv Asbjørn Birkeland.

Debattinnlegg

  • Asbjørn Birkeland
    Leiar i Ryfylkerådet og ordførar i Sauda kommune (Sp)
Publisert: Publisert:

Skal regionen kapre, og ikkje berre skape, verdiar frå Ryfylke sine eigne naturressursar, må ny tenking til. Aktørane i kraftmarknaden må saman med styremaktene byggja ut kapasitet som gjer det rå å lokalisere kraftkrevjande næringar til Ryfylke.

Strategivurderingar gjennomført av Ryfylke IKS og New Kaupang AS viser at den største varige konkurransefordelen regionen har ikkje lar seg realisere med ei vidareføring av dagens regime. Linjenettet i store delar av Ryfylke er ikkje bygd ut for å kunne ta i mot ny industri, sjølv om me har areala klare.

På same tid reiser vasskrafta vår på «motorvegar» til sentrale strok og legg grunnlaget for vekst basert på energi Ryfylke sitt eige næringsliv og treng tilgang til. Det betyr at råvara vasskraft ikkje kan nyttast til vidareforedling av andre naturressursar frå Ryfylke, til dømes bygging av havvindfundament – som det er lagt planar for på Jelsa.

Å løfte den uformelle kompetansen hjå dei som bur her og å trygge arbeidslivet sitt behov for kompetanse gjennom lokale løysingar, blir viktig.

Fiber er den nye straumen

Fiber til alle må vere like sjølvsagt som straum og gode og trygge vegar i distriktet vårt. Ei vidareføring av Englandskabelen slik at heile Ryfylke får del i dei fortrinn denne vil gje, og ikkje som nå berre til Nord-Jæren. Det er eit avgjerande grep skal avstandsuavhengige arbeidsplassar og ha gode vilkår i Ryfylke. Tida med covid-19 har til fulle vist at Noreg går vidare sjølv om ikkje alle sit på kontora i byen.

Å skape faglege klynger og/eller at konkrete oppgåver blir lagt til og leia frå distrikta blir viktig for mangfaldet av arbeidsplasstilbod innan ein bu- og arbeidsregion. Nedbygginga av fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar i distrikta må snus. Låg arbeidsløyse og høg arbeidsdeltaking fortel at Ryfylke har eit stort innslag av uformell kompetanse.

Livslang læring blir derfor ei viktig oppgåve for Ryfylke i å styrkja grunnlaget for arbeidslivet i regionen. Gjennom MOR-prosjektet (Motivasjon opplæring og rettleiing) har regionen løfta saka på dagsorden og vil stimulera til at fleire formaliserer kompetansen dei sit på eller vil vinna ny. Kartleggingar i regionen frå 2017 viser at det er vilje til skulegang, men ni av ti føreset at utdanninga skal skje lokalt. Nettundervising kan bidra på vegen, men erfaringar fortel oss at det berre kan vera ein del av det tilbodet som skal til.

Klarare mandat

Å løfte den uformelle kompetansen hjå dei som bur her og å trygge arbeidslivet sitt behov for kompetanse gjennom lokale løysingar, blir viktig. Utfordringa er å tenkje nytt og å gjere det saman. Ei brei kompetanseheving til dei som bur i Ryfylke, vil krevja eit breitt tverr-/fleirfagleg samarbeid og samvilje mellom ulike aktørar for å skreddarsy aktuelle tilbod.

Dei to vidaregåande skulane er viktige kompetansearbeidsplassar i regionen med over 100 tilsette kvar. Næringslivet og kommunane si rolle og mandat lokalt må bli sterkare når utvikling og styring av dei vidaregåande skulane i tråd med det regionen og arbeidslivet treng.

Dette saman med større lokal råderett over midlar til livslang læring til Ryfylke vil gje fleire fleksible og varierte opplærings- og utdanningstilbod lagt til Ryfylke. På same tid som brukarane våre får den samordna og gode karriererettleiing brukaren treng lokalt, skal me nå bidra til kompetanseløft slik Ryfylkingen ønskjer.

Desse spørsmåla vil Ryfylke IKS setje på dagsorden på konferansen «Kompetanseutvikling og næringsutvikling – to sider av same sak» på Sand i september.

Les også

  1. Vil investere 400 millionar på Tau

  2. Legger fiberkabel fra Rennesøy til Newcastle

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Cupfinalekongen gnistret da Viking slo RBK. Nå venter Kongsvinger

  2. – Fest løse gjenstander

  3. Denne uka måtte flere ut med 3000 kroner for bruk av et slikt skilt

  4. HRS mister statsstøtten: – En skammens dag

  5. Slik mistet Steinkjerringa nesa

  6. Kva vil du ofra for ei Michelin-stjerne?