Ryfylke bør få sitt eige regionale utdanningssenter
DEBATT Konkurransedyktige distrikt er viktig for eit konkurransedyktig Rogaland. Ryfylke bidreg vesentleg til verdiskapinga i fylket.
- Asbjørn BirkelandRådsordførar i Ryfylke og ordførar i Sauda kommune


I 2019 var verdiskapinga i næringslivet i Norge på 759 000 kroner per årsverk. Talet i Ryfylke var på 1,1012000 kroner ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB)
Dei største næringane i Ryfylke er kraftproduksjon, bergverk, havbruk, landbruk og prosessindustri. Energiproduksjon er den viktigaste næringa, 12 % av den samla vasskrafta i Norge blir produsert her. Verdiskapinga som skjer her er avgjerande for at næringslivet i sentrale strøk skal driva utvikling og innovasjonen som krevst i det grøne skiftet.
Auka kompetanse er nøkkelen
Når det no skal lagast ein ny regionalplan for kompetanse i Rogaland, er det viktig at perspektivet og kompetansebehovet til distrikta blir formidla. Det er avgjerande viktig å løfta kompetansenivået blant folk i Ryfylke slik at arbeidslivet kan få utvikla sine fortrinn. Målt mot sentrale strok og landsgjennomsnitt, har Ryfylke eit lågt utdanningsnivå. 25 prosent av innbyggarane har høgare utdanning mot 44 prosent i til dømes Stavanger, ifølge SSB.
Eit lågt utdanningsnivå gir økonomiske konsekvensar, då forsking viser ein tydeleg samanheng mellom høg utdanning og produktivitet og konkurranseevne.
Ryfylke har som distriktsområde utfordringar når det gjeld demografi og folketalsutvikling; aldrande innbyggarar og unge som ikkje vender heim etter utdanning. Det er låg arbeidsløyse og arbeidslivet slit med å få tak i rett kompetanse. I tillegg har innbyggarane ikkje har den kompetanse arbeidslivet treng. Det er også vanskeleg å trekkje til seg kompetanse utanfrå. Demografiutvalet leia av Victor Norman, peikar på at distrikta bør ta sikte på å utdanne eigne innbyggarar.
Utdanning og kompetanseheving er nøkkelen til utvikling. Ryfylkerådet har i invitert Rogaland fylkeskommune å vera med og etablera eit utdanningssenter i Ryfylke med sikte på definera føremål, innhald og organisering og behov for utdanning. Regionale utdanningssenter blir i Hurdalsplattforma peika på som eit verkemiddel for å stimulera til utdanning og kompetanseheving i distrikta. Nå løyver regjeringa 40 millionar kroner til ei ny støtteordning om studiesenter som Ryfylke må få del i, eit tilbod Dalane Utdanningssenter alt har etablert.
Campus er langt unna Ryfylke
Universitet og høgskular sine campus-tilbod er langt unna både fysisk og psykisk bur du i ein så stor og fragmentert region som vår. Ryfylke utgjer nær halve arealet til Rogaland. Eit mellomledd som kan motivera, vere pådrivarar og identifisera kompetansebehov hjå folk og arbeidsliv blir viktig. Eit utdanningssenter vil vere eit koordinerande ledd som koplar tilbydarar, behov og etterspørsel saman.
Ryfylke har alt gjort seg gode erfaringar med ein slik måte å tenkja, der potensielle studentar, arbeidsliv og høgskule i samarbeid skreddarsyr utdanning som er i tråd med det behovet som er lokalt. Erfaringar frå Ryfylke og desentralisert utdanning, viser at deltaking i etter- og vidareutdanningstilbod ikkje berre handlar om fysisk avstand til høgskule og universitet. Det handlar vel så mykje om ein mental avstand. Eit desentralisert og tilpassa tilbod i kjente omgjevnader kan vere det som skal til for å ta steget inn i ei ny utdanning.
Eit regionalt utdanningssenter vil òg vere i tråd med FN sine berekraftsmål, som peiker på at folk uavhengig av bustad skal kunne ta del i utdanningstilbod, og gje arbeidslivet høve til utvikling og økonomisk vekst. Desse måla vil og fremja sosial rettferd og bidra til å utjamna ulikskap mellom by og land.
Eit lågt utdanningsnivå gir økonomiske konsekvensar, då forsking viser ein tydeleg samanheng mellom høg utdanning og produktivitet og konkurranseevne.