Me har alle eit forvaltaransvar

DEBATT: Eg er uroa både over klimaendringane og over for stort forbruk av natur/ressursar.

«Skogplanting og god skogsdrift, er både klimatiltak og ressursskaping», skriv Eirik J. Varhaug.

Debattinnlegg

  • Eirik J. Varhaug
    Pensjonert bonde og landbrukslærar, Varhaug
Publisert: Publisert:

Som bonde var det viktig å samarbeide med ver og natur. Som skirenn-deltakar likeins. Eg har mellom anna fullført 32 sesilåmirenn før eg fekk hjerneslag i 2017. Som medlem av turistforeininga (DNT) er eg i den store gruppa som set særs stor pris på norsk klima og natur. Som sivilagronom frå 1965 har eg ein fagleg bakgrunn for meiningane mine. Eg er uroa både over klimaendringane og over for stort forbruk av natur/ressursar.

Heldigvis er folk flest nå flinkare på gjenbruk, miljø og natur.

CO₂ er og ein verdfull gass

I drivhus gir ekstra tilsett CO₂ større avling. Truleg er nå høgare CO₂-innhald i atmosfærisk luft også medverkande til større avlingar i friluft, til dømes dei store kornavlingane på Jæren dei siste åra. Utan CO₂-gass i lufta stanser all plantevekst og dermed døyr alt liv på kloden.

Etter mi meining vil nedpumping av CO₂ til langt under havbotnen, vere misbruk av ein ressurs. Mi løysning er sterkare satsing på naturleg CO₂-binding ved fotosyntese i planter inkludert plankton.

Ekstra medmenneskeleg ansvar

Skogplanting og god skogsdrift, er både klimatiltak og ressursskaping. I tillegg til CO₂-fangst produserer skog byggjemateriale, fornybar energi (flis og ved) og kan gi betre lokalklima for folk, fauna og flora. Tømmer kan delvis erstatte betong, stål og andre metall. Med det kan det sparast energi til smelteverk med meir og sparing av natur.

Me i rike I-land har eit ekstra medmenneskeleg ansvar. Vår aktivitet og levemåte er nok dessverre medverkande til at folk i tørre og varme strøk på kloden, flyktar til kaldare strøk, til dømes Europa, for å overleve. Skogreising kan gi slike menneske livsvilkår og framtidsvon der dei bur. Vilkåret er nok politisk stabilitet og at lokalbefolkninga har eigarskap til slike prosjekt. Ketil Fuglestad frå Sør-Jæren er døme på norsk person som har stor kompetanse på dette området. Tilskot av norske oljepengar kan setje fart i slikt arbeid.

CO₂-binding i norsk skog

På internett les eg at norsk skog årleg bind om lag 25 millionar tonn CO₂. I kystskogbruket er CO₂-opptak i sitkagran 64 prosent større enn i skog av norsk gran. I gjennomsnitt blir det 53 prosent meir tømmer i sitkagran enn i skog av norsk gran. Personleg starta eg å planta sitkagran-lebelte på heimegarden heilt i starten på 1950-talet etter oppfordring frå far min.

Lebeltet endra klimaet på garden; mindre vind, litt varmare og trivelegare både for folk og fe. Nå er det meste av grana blitt til ved, og det plantast lauvtre-lebelte i staden. På 70 år har eg ikkje oppdaga einaste naturleg sådd sitkagranplante på garden. Men andre stader, også i Hå, kan slik naturleg spreiing vere eit problem.

Poenget mitt er at skog bind enorme mengder CO₂, og at det er potensial til auke av CO₂-fangsten også i vårt land. Hogging av ineffektiv for gammal skog og nyplanting også i ulendt terreng er døme på det. Men i slikt terreng er skogsdrift kostbart, og sjeldan lønsamt utan stort tilskot.

Globalt er derimot potensialet for meir skog og meir CO₂-binding stort, sjølvsagt med treslag som høver i dei aktuelle klimasonene.

Alt levande «pustar», altså forbrukar O₂ og produserer CO₂. Men ved lys/sollys bind planter, til dømes skog, langt meir CO₂ enn dei frigjer. I varme og fuktige strøk, til dømes Amazonas, blir organisk stoff relativt raskt nedbrote, og CO₂-gassane frigjort att. Men også der vil netto CO₂ i luft bli redusert med den CO₂-mengda som til ei kvar tid er bunde i trevirke, røter med meir.

Store globale skogbrannar, myrbrannar og liknande, er katastrofalt både når det gjeld CO₂ i luft og for flora og fauna.

Alle gode krefter

Me har alle eit forvaltaransvar av Guds skaparverk. Heldigvis er folk flest nå flinkare på gjenbruk, miljø og natur. Det er von om at alle gode krefter til saman vil kunne gje framtidige generasjonar ei meiningsfylt og god framtid! Men over alt er kunnskap grunnleggjande viktig.

Publisert:
  1. Debatt
  2. CO2
  3. Gjenbruk
  4. Klima og miljø
  5. Fornybar energi

Mest lest akkurat nå

  1. Ordføreren om Braut Haaland-hyllesten: – Det var denne måten det måtte skje på

  2. Forsker har ikke funnet tegn til planten på fem år

  3. Tok storseier på Øster Hus Arena - spiller måtte til sykehus

  4. Strømsmell for Helgø Meny – tapte 14 millioner i fjor

  5. Mauldin fortsetter i Oilers

  6. Meteorologen med varm beskjed: Slik blir 17. mai-været i Rogaland