Utelivet fortener ikkje dette!

DEBATT: Korleis blir livet etter pandemien, viss utelivet me er så glad i plutseleg er borte?

«Det kravst ein kompensasjonsordning for reelt inntektstap, og dei økonomiske tiltaka må vara til samfunnet opnar igjen. Denne gongen held det ikkje med smular, lån og lange prosessar», skriv Per Emil Skjelbred.

Debattinnlegg

  • Per Emil Skjelbred
    Journalist og utelivsfanatikar
Publisert: Publisert:

Sjå for deg dette. Mars 2022, det er nesten ikkje smitte i samfunnet. Ordførarar annonserer nye gjenopningsfestar. Euforien brer seg i samfunnet. Me er alle galde. Ein kamerat tar initiativ til at me skal ta ei øl på Bøker og Børst. Me kjem fram, men der er det stengt. Fargegata har bytta namn til Spøkelsesgata. Kanskje me kan gå på konsert då? Det kan me ikkje, Checkpoint er stengt og Folken har gått konkrus.

Kva med å gå ein plass å eta då? Det må me kunne gjera. Nei! K2 er stengt. Panzanella er stengt. Fisketorget er stengt. Alt er steng. Gjenopninga kan fort bli til ein gravferd, der det ikkje er mogleg å ta seg ei gravøl.

Det handlar om vanlege folk sine livsverk, vanlege folk sine jobbar og vanlege folk sine stampubar.

Me har høyrt det før

Nå har nok ein gong utelivet og restaurantbransjen fått aktivt yrkesforbod gjennom nasjonalt skjenkeforbod. Det kan godt henda at det er naudsynt med tanke på smittesituasjonen og presset på helsevesenet. Det forstår alle, sjølv dei som nå må stenga dørene sine på ubestemt tid. Saman er me sterke og vinn over denne pandemien. Alt blir bra. Me har høyrt det før.

Les også

For lite, for seint og for kjipt

Før har me også sett at ordentleg kompensasjon for barar og restaurantar har tatt si tid. Eg veit ikkje kor mange liter øl som måtte bli tømt i dass før politikarane fekk på plass kompensasjon for varelager som går ut på dato. Tru det eller ei, men det er faktisk ein del ferskvarar i serveringsbransjen.

Dråpen

Marginane i denne bransjen er til vanleg små. Det er mange som overlever på grunn av sumar og uteservering, eller julebordsesongen, som nå er avlyst. Når det nå er ny runde med permitteringar og bortfall av all inntekt, er dette dråpen som kan få begeret til å renna over for mange aktørar. Korleis blir livet etter pandemien, viss utelivet me er så glad i plutseleg er borte?

I Oslo måtte institusjonen Bare Jazz stenga dørene for godt som følgje av pandemien. Dei er ikkje den einaste baren som har gått dunken sidan mars 2020. For mange kan det nye året nå bli starten på slutten for deira livsverk. Difor er det påkravd at styringsmaktene, dei som nå skal vera for vanlege folk, kjem med ordentlege kompensasjonsordningar for serveringsbransjen.

Det er nå det gjelder. Det handlar om vanlege folk sine livsverk, vanlege folk sine jobbar og vanlege folk sine stampubar. I 2020 fant me massevis av pengar til petroleumsindustrien. Me har pengar til utelivet òg, det er berre eit spørsmål om prioriteringar. Viss alle dei oljearbeidarane, som med rette fekk sikra jobben sin i fjor, skal ha ein pub å sjå fotball med kompisane sine på, kravst det handling.

I opposisjon var Senterpartiet og dåverande finanspolitisk talsperson, Sigbjørn Gjelsvik, ein viktig pådrivar for å sikra gode ordningar for utelivet. Tysdagens pressekonferanse om kompenasjonsordningane lova ikkje godt, men det er framleis håp. Arbeiderpartiet og Senterpartiet har nå moglegheita til å visa at det betyr noko kven som styrer landet.

Held ikkje med smular

Då kravst det lønnsstøtteordning for å sikra at dei tilsette blir i bransjen. Det kravst ein kompensasjonsordning for reelt inntektstap, og dei økonomiske tiltaka må vara til samfunnet opnar igjen. Denne gongen held det ikkje med smular, lån og lange prosessar. I tøffe tider må ein visa handlekraft. Trygve Slagsvold Vedum og Jonas Gahr Støre lukka auga og håpa at alt skal ordna seg. Nå er det dei som styrer skuta, og då er det dei som er ansvarlege.

Me som ikkje er politikarar, kan gjera vårt og kjøpa gåvekort så mastercardet svir. Dette er sjølvsagt ikkje nok, men det er ein trøst for serveringsbransjen. Endå viktigare visar me då at me ønskjer å sjå pubane, restaurantane og konsertscenene igjen på andre sida av denne lockdownen For kva er vel livet utan utelivet?

Les også

  1. Forventer at over 400 permitteres etter skjenke­stopp

Publisert:
  1. Debatt
  2. Utelivsbransjen
  3. Koronaviruset
  4. Fargegata
  5. Smittevern

Mest lest akkurat nå

  1. Ordføreren om Braut Haaland-hyllesten: – Det var denne måten det måtte skje på

  2. Forsker har ikke funnet tegn til planten på fem år

  3. Ber reisende om tålmodighet når vedlikeholdsarbeid stenger Jærbanen i ni dager

  4. Drapet i Nilsabakken: Trekker anke etter drapsdom

  5. Strømsmell for Helgø Meny – tapte 14 millioner i fjor

  6. – For en glede det må være å spille med fullsatt stadion