Fosen -saka får konsekvensar for elektrifisering av sokkelen
DEBATT: Dekarboniser Nordsjøen med hydrogen, ammoniakk og flytande havvind – ikkje einsidig elektrifisering med straum frå land.
- Berit MoltuPhD i Science and Technology Studies (STS) frå NTNU. På vallista for Stavanger Ap

Sjølv om norsk olje- og gassproduksjon har verdas lågaste utslepp, er det desse punktutsleppa i Nordsjøen vi må få vekk, altså dekarbonisere, om Norge skal nå sine mål i Parisavtalen.
Elektrifisering med straum frå land har vore løysinga. Vinterens straumkrise har aktualisert at det ikkje er nok kapasitet i leidningsnettet til å elektrifisere heile Nordsjøen med straum frå land via vasskraft, og vi kan ikkje bygge ut fleire verna vassdrag. Strategien med elektrifisering av sokkelen med straum frå land, krev ei massiv utbygging av nye landvindparkar, med store naturtap og dertil høyrande konfliktar med lokalbefolkninga, slik som vi i det siste har sett i Fosen- saka.
Konflikt og omdømetap
Eit slikt konfliktnivå og omdømetap er verken sitjande regjering eller olje- og gassindustrien tent med, for denne industrien kan vise seg å vere vår viktigaste aktør i det grøne skiftet. For det finst andre løysingar. Norge og offshoreinstallasjonane har spesielle føresetnader til å bidra i klimakrisa, straumkrise og arealkrisa, gjennom å produsere si eiga kraft, det betyr å gjere fossil brensel utsleppsfritt. Med blå hydrogen vil vi også unngå dei store interessekonfliktane som elektrifisering med landvind gir, og strategien vil kunne støtte og supplere den allereie gode strategien med flytande havvind offshore som regjeringa har lagt opp til.
Men vi manglar ein aktiv industripolitikk for slike løysingar. Vi har til no berre ein politikk for elektrifisering ved hjelp av landvind. Fullelektrifisering av sokkelen med straum frå land, fortrengjer og forseinkar ei hydrogensatsing. Ei vidare elektrifisering av Nordsjøen med straum frå land, kan fort bli ei sovepute og ei utsetjing, ikkje ei framskunding av desse løysingane som Norge har spesielle føresetnader til å bidra med, gjennom å gjere fossil brensel (naturgassen) utsleppsfritt.
Til det treng vi ein aktiv industri- og klimapolitikk som dekarboniserer Nordsjøen ved hjelp av hydrogen, ammoniakk og flytande havvind – ikkje einsidig elektrifisering med straum frå land. Vi kan sjå til UK og Skottland som har ført ein slik aktiv industri -og klimapolitikk, først innan flytande havvind, og no og innan hydrogen. Dette er ein politikk som har verka.
Spar areal og natur!
I forlengelsen av alt dette, må vi leite og vinne ut meir, spesielt gass. Og vi må få på plass bilaterale avtalar med europeiske land om karbonfangst og lagring (CCS), sidan karbonfangst og lagring opnar opp hydrogenverdikjeden. Og dette hastar det med.
50 prosent av Nordsjøen vert nok elektrifisert, det ligg inn i planar allereie, men dei resterande 50 kan brukast på ein betre måtar til å skape arbeidsplassar på land. Utanlandske vindkrafteigarar legg att fint lite av overskot og arbeidsplassar, og vi sit att med øydelagt fjellkystnatur.
Areal og straum er knappe ressursar vi må balansere opp mot kva vi får att i form av arbeidsplassar. Og då er verken landvind eller datalagringssenter optimale løysingar. Leverandørindustrien og arbeidsplassar i Nordsjøen er heller stikkordet her. Eit moderne Ap må i mykje større grad greie å balansere alt dette, enn det vi har vore vant til fram til no. Til no har vi sløsa med areal og ikkje tatt omsyn til naturtap eller urbefolkning. Blå hydrogen kan vere eit kindereggløysing som balanserer alt dette.