Kolumbus navigerer i blinde

DEBATT: Kolumbus, eigd av Rogaland fylkeskommune, nektar å gjera den jobben dei skal gjera for eigaren, mellom anna syta for at Ryfylke får høvelege hurtigbåtruter.

For langrutene i Ryfylke er ikkje utsleppsfrie båtar som «Medstraum» (bildet) klar enno, men det er ikkje noko argument for å barbera desse rutene frå 2024.
  • Ivar Andersen
    Ivar Andersen
    Nedstrand
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I Aftenbladet laurdag 18. mars får me inntrykk av at styreleiaren i Kolumbus, Hege Mokleiv, jobbar etter ordre frå Klima- og miljødepartementet, stikk i strid med det som er å finna på heimesidene til firmaet. Ho seier: «Kolumbus har ansvar for at vi når de overordna klimamålene, og samtidig sørge for et rutetilbod innanfor forsvarlege økonomiske rammer».

Kolumbus skal syta for at Ryfylke har høvelege hurtigbåtruter, og samstundes jobba for at klimagassutslepp vert reduserte så langt råd er. Då me i Ryfylkeaksjonen 2020 fekk samferdslepolitikarane i fylket med på vårt framlegg om å få behalda rutene me har, med forbetringar, men og med ein båt mindre enn i dag, så hadde me og med ein klausul at «utsleppsfrie» båtar skal fasas inn i rutene når dei er klar på marknaden. Ein har ein pilot i drift i dag «Medstraum», men for langrutene i Ryfylke er ikkje utsleppsfrie båtar klar enno.
Styreleiar Mokleiv sin «dieselallergi» er gal retorikk på feil tidspunkt. Dieselmotorane i dag er utrusta med teknologi for reinsing og filtrering som tar vekk det meste av klimagassane Sox, NOx, og CO.

Ryfylkingane har lenge venta på dei nye og betre rutene som skal i drift 1. januar 2024. Men så får me no vita at det skal komma ei mellombels løysing, med «nedskalerte ruter», det vil sei rasering av rutene. Så dei nye rutene me fekk politisk gjennomslag og vedtak for, skal ikkje prøvast ut ein gong?

Me vil derfor på det sterkaste oppmoda samferdslepolitikarane om å få Kolumbus til å gjera evalueringa av tilboda ferdig, og få kontraktar på plass slik at rutene kan startast opp som planlagt. Då vil me få fleire og fleire utsleppsfrie båtar i drift i løpet av den komande 10-års perioden.

Publisert: