Eg vil så gjerne jobbe litt lenger

DEBATT: La eldre som ønskjer å stå i jobb litt til, få sjansen til det.

«KrF meiner KS må sjå på å utvide moglegheita for å jobbe heilt fram til 72, for dei som ønskjer det, slik arbeidsmiljølova legg opp til», skriv Anne Kristin Bruns.
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

«Eg vil så gjerne jobbe litt lenger, men på dagen då eg vart 70 år var det beint slutt. Eg har mykje krefter, lang og god kompetanse og erfaring frå eit langt yrkesaktivt liv. Då er det litt «surt og irriterande» at eg ikkje får lov til å bidra vidare no når eg faktisk har moglegheit og helse til å bidra», seier ein kjær kollega.

Effektivt grep

Dersom dei som ønskjer det hadde stått i jobb litt til, hadde det vore eit svært effektivt grep for å avhjelpa framtidas bemanningsutfordringar i helse- og omsorgstenestene.

Både i vår kommune og andre kommunar har vi svært friske og villige pensjonistar som er over 70 år, og som er villige til å jobbe ekstra.

Kommunedirektøren peikar nettopp på dette i si framlegging av budsjettforslaget (Handlings- og økonomiplan) for 2023–2027 at ei av dei største utfordringane for å sikre tenestetilbodet i kommunane er å få tak i nok kvalifisert personell, og særleg til helsetenestene. Det blir færre yrkesaktive pr. pensjonist i både byar og i distrikta. Fleire eldre gjev eit auka helse- og omsorgsbehov. På den bakgrunn stilte KrF eit spørsmål til kommunedirektøren i helse- og velferd korleis Stavanger kommune praktisere dette.

Både i vår kommune og andre kommunar har vi svært friske og villige pensjonistar som er over 70 år, og som er villige til å jobbe ekstra. Kommunar gjer dette ulikt. Stavanger er ein konsekvent med 70 årsgrensa. KrF meine at vi står overfor ein situasjon med færre yrkesaktive, då kan vi gjere eit arbeid for å utvide moglegheitene for å stå i jobb fram til 72 år, med moglegheit for å utvide til 74 år, dette for at vi skal klare å sikre dei lovpålagde tenestene.

Arbeidsgjevar har etter arbeidsmiljølova paragraf 15–13 a gjeve oss tilgang til å bringe arbeidsforholdet til opphøyr der arbeidstakar har fylt 72 år eller ved lågare fastsett aldersgrense der det er nødvendig av omsyn til helse og sikkerheit. Aldersgrensa etter arbeidsmiljølova er med andre ord i dag 72 år. Bestemmingane inneber ein rett (men ikkje plikt) for arbeidsgjevar til å bringe arbeidsforholdet til opphøyr ved fylte 72 år. Lågare bedriftsinterne aldersgrense er tillat på visse vilkår.

Med kommunesektorens organisasjon (KS) som tariffpart er Stavanger kommune bundne av tariffavtalen gjennom vårt medlemskap i KS. Kravet om konsekvent praktisering inneber at arbeidsgjevar ikkje står fritt til å la arbeidstakarar som er fylt 70 år, få halde fram i eit arbeidsforhold.

Politikarane må ta ansvar

Her må vi politikarar ta eit ansvar ved neste høyringsprosess: KrF meiner KS må sjå på å utvide moglegheita for å jobbe heilt fram til 72, for dei som ønskjer det, slik arbeidsmiljølova legg opp til.

Dette vil vi ta tak i når det nærmar seg innspel til KS i neste høyringsrunde.
«Det hadde vore herleg å kunne velje meir sjølv kor lenge vi ønske å stå i jobb» er responsen frå den same kollegaen. Her har vi ein jobb å gjere: La eldre som ønskjer å stå i jobb litt til, få sjansen til det.

Publisert: