Forsand-saka kan bli eit politisk justismord

DEBATT: Om få dagar kjem spørsmålet om grensejustering av Forsand opp igjen. Det gir Stortinget eit unikt høve til å senda saka tilbake til statsråd og departement. Her bør ein bruka sunn fornuft, elles kan saka bli eit et politisk gnagsår som kanskje aldri gror.

Det er ingen tvil om at sett frå Rogaland, svekker dei udemokratiske føringane i denne saka regjeringa
  • Arne Bergsvåg
    Fylkesvaraordførar (Sp)
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Forsand-saka hadde sitt utspring i eit initiativ frå ei bygd om å få justere kommunegrensene og bli ein del av nabokommunen. Det handlar om lokalmiljø, tilhøyrsle og arbeidsplassar. Om alt det som betyr noko for folks liv. Og, kanskje minst like viktig: Saka handlar om dei demokratiske spelereglane, som gjer det mogleg å reisa særs viktige saker.

Eit initiativ overfor statsråden, resulterte i grønt lys for å greia ut saka på eit objektivt grunnlag. Det blei gjort via Statsforvaltaren i Rogaland som gjorde omfattande og grundige undersøkingar, blant anna blant innbyggarane. Over halvparten av dei, 54 prosent, bekrefta at dei ønskte å bli ein del av ein annan kommune. Dei andre vurderingane peikte i same retning: Ei justering av kommunegrensa. Det var og resultatet på regionalt nivå der fylkestinget gjorde eit vedtak med bredt politisk fleirtal.

Boreal har nå varsla at ferjetilbodet blir lagt ned, også det eit argument for grensejustering. Det er uvisst kva eit eventuelt nytt tilbod vil gi. Ein kunne forventa at den politiske behandlinga av denne saka på nasjonalt nivå, ville vera klar. Slik blei det ikkje.

Det er ingen tvil om at den øvst ansvarlege for saka, er statsminister Jonas Gahr Støre. Det verkar også som om det er han som har sett ned foten. Grunnen er openbert partiomsyn og løfte som alt er gitt enkeltpolitikarar, både frå dette og andre hald, og som sjølv ikkje demokratiske prosessar kan endra på.

Ei sak som dette bidrar til å skade demokratiet, og reiser et aktuelt spørsmål: Er dette måten statsministeren jobbar politisk på? For det er ingen tvil om at sett frå Rogaland, svekker dei udemokratiske føringane i denne saka regjeringa. Det kan vera freistande å bruka terminologi frå rettens verd. Dei faktiske forhold i saka – bevisa i form av grundige utgreiingar og klare oppfatningar lokalt og regionalt – er klare. Nå er det opp til stortingsrepresentantane å sørga for at det blir avsagt ein rettferdig dom.

Publisert: