Oljebransjen må tore å snakke om framtidsvisjonane våre

KRONIKK: Berre ungdomen kan sørge for ei levedyktig petroleumsnæring i 2050.

Publisert: Publisert:

«Noreg vart aldri Europas batteri, men vi kan bli Europas mottakspunkt for tilbakeføring av karbon», skriv leiaren av studentutvalet i Industri Energi. På Sleipner-feltet har Equinor/Statoil heilt sidan 1996 sendt karbon ned igjen under havbotnen, frå den minste plattforma midt i biletet. Denne metodenvil kunne dekke heile verda sitt utslepp av karbon. Foto: Kjetil Alsvik/Equinor

Debattinnlegg

  • Michal Jan Warecki
    Leiar, Studentutvalet i Industri Energi

Livet som oljeengasjert i fagforbundet Industri Energi er ikkje alltid like lett, og oljetoppane gjer det ikkje alltid lettare med tvilsomme utspel i media. Næringa har mange visjonar for å bidra til ei utsleppsfri verd, men ser ut til å gløyme desse visjonane i møte med miljøorganisasjonar.

Karbonfangst og -lagring

Som studentleiar i Industri Energi snakkar eg ofte med mine vener og kjente om olje og gass. Eg veit at med karbonfangst og -lagring (carbon capture and storage, CCS) kan vi bli Europas mottakspunkt for tilbakeføring av karbon til der karbonet kom ifrå. Vi kan ikkje berre stogge klimaendringar, men også gradvis reversere dei. Samtidig vil vi framleis forsyne Europa med rein energi.

Dette er ikkje mitt påfunn. Visjonar som denne står i nye og gamle rapportar frå mellom andre Equinor, Rystad og DNV GL. Men når dei som skal forme næringas framtid, blir konfrontert av organisasjonar som Natur og Ungdom, blir desse visjonane aldri trekte fram. Og ikkje berre det, oljetoppane slit ofte med å forklare eiga verksemd.

Når miljøorganisasjonane kritiserer Parisavtalens mål som for lite ambisiøse, viser konsernsjef i Equinor Eldar Sætre i Politisk kvarter på NRK P2 for nokre veker sidan, i debatt med Natur og Ungdom, nettopp til Parisavtalens mål, som om han ikkje høyrde spørsmålet. Det er lett å ikkje ta Natur og Ungdom på alvor når dei tar standpunkt mot meir koparutvinning, samtidig som dei ønsker fleire straumkablar til utlandet, som vil auke behovet for dette metallet. Men ikkje å sjå at ambisiøse klimamål har støtte hos folket, er uklokt.

Ungdomen er ikkje dum

Det siste året har tusenvis av norske ungdomar streika for klimakutt. Dei siste åra har det år for år vorte færre søkarar til tekniske utdanningar, sett under eitt. Utanlandske studentar har halde liv i petroleumsmasteren ved UiS sidan 2017. Nyleg skreiv Khrono om at petroleumsbacheloren i Bergen står i fare for nedlegging. Og Aftenbladet skreiv om dalande søkartal til petroleumsutdanningar.

Alle ungdomsparti, bortsett frå FpU, vil innskrenke moglegheiter for framtidig oljeutvinning – til og med Unge Høgre.

Ungdomen gjer det ikkje fordi dei er dumme eller ute av stand til å forstå samanhengane. Tvert imot, når dei høyrer Eldar Sætre seie at norsk oljeutvinning er i tråd med 1,5-gradarsmålet, skjøner dei også kva oppvarming av kloden med 1,5 grader medfører – og dei meiner at konsekvensane er altfor alvorlege til å tolast.

Lovnader om klimanøytralitet for norsk oljenæring overtyder heller ikkje dei unge, så lenge olja vi produserer blir brent opp og fører til mange gonger større utslepp enn i sjølve produksjon.

Likevel er vi avhengige av støtta frå nettopp desse ungdomane dersom Noreg skal sitja i førarsetet for grøn omstilling offshore. Om nokre år skal nettopp dei ut på jobbmarknaden, og dei skal oljeselskapa prøve å få inn. Dei same ungdomane skal òg røyste fram politikarar som skal leggje rammene for vidare aktivitet – eller gradvis leggje næringa ned.

Les også

Ståle Økland: «Stavanger-regionen har 10 år på seg»

Kva som vil kome

Næringa har visjonar for å bidra til ei klimanøytral verd. I framtida vil vi ha hydrogenplattformer i staden for oljeplattformer. Nokre av anlegga blir fjernstyrte, men på dei fleste vil det enno jobbe folk. Helikopteret dei skal ta til jobben vil sjølvsagt gå på biodrivstoff.

Om nokre tiår, og med nok politisk vilje, kan vi trekke to røyrleidningar til industriparkane i Sør-Noreg. Den eine leidninga vil forsyne dei med naturgass, så industrien slepp å importere skifergass frå USA, frå skiferfelt som liknar på framstillinga av Mordor i «Ringenes Herre». Den andre vil føre CO₂ frå produksjonen tilbake til reservoaret – slik at naturgassen i sum ikkje gir utslepp.

Dei 9000 kilometerane med røyrleidningar mellom Noreg og Europa vil ikkje lenger fyllast med naturgass, men med CO₂ frå dei få gasskraftverka som står att. Der blir det fyrt med biogass, og utsleppa blir likevel førte til reservoar under Nordsjøen. Noreg vart aldri Europas batteri, men vi kan bli Europas mottakspunkt for tilbakeføring av karbon.

Slike visjonar finst allereie i petroleumsnæringas rapportar og i politiske dokument. Hadde Eldar Sætre presentert ein slik visjon til unge miljøvernarar, hadde dei framleis streika kvar fredag, – men for meir statleg støtte til karbonfangst og -lagring og ein norsk hydrogenøkonomi.

Det er slike heilskaplege visjonar vi må presentere når vi møter dei på konferansar, i media eller på ein fest.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Iskanten – ikke et for eller mot oljå»

Dei unge er framtida vår òg

Eldar Sætre vil kanskje ikkje lenger trenge å møte ungdomen på deira premiss, når han uansett snart går av med pensjon. Vi andre bør likevel vera opptekne av ein visjon for ein sokkel som i verste fall har null verknad på miljøet og klimaet – og i beste fall ein positiv verknad.

Ungdomen er til ei kvar tid berre 20 prosent av befolkninga, men dei er 100 prosent av framtida. Næringa kan ikkje vera klimanøytral i 2050 om ingen lenger vil jobbe i ho – og berre ungdomen kan sørge for ei levedyktig petroleumsnæring i 2050.

Publisert:

Les også

  1. – Mange ser nok muligheter innenfor havvind og ønsker å gå inn i den næringen

  2. Søkertallene til oljefag stuper

  3. Industri Energi frykter mangel på fagfolk

  4. Aftenbladet mener: «Bekymringsfull flukt fra oljefag»

  5. «Vi må førebu oss på den verda vi ønskjer, ikkje den vi fryktar»

Mest lest akkurat nå

  1. Preikestolen: – Vi taper noen millioner

  2. Søket går over i ny fase – leter nå etter antatt omkommet

  3. Politiet henlegger sak om bilbrann i Hundvåg­tunnelen

  4. Var på vei over Skagerrak da de så uvanlig farkost

  5. Snart avgjøres det hvem som blir ny Venstre-leder: En av disse har hatt fire ukers ferie i juli. Den andre to dager.

  6. Forbudet mot ferjedrift over Høgsfjorden er årsaken til dagens dårlige debattklima

  1. Olje og gass
  2. Karbonfangst
  3. Klimaendringer
  4. Klimautslipp
  5. Klimastreik