Hywind Tampen – eit nytt industrieventyr?

DEBATT: Eg har stor tru på flytande vindkraft som fornybar energikjelde, med stort potensial i norske havområder, men først og fremst som ein ny marknad med enormt eksport-potensial for norsk industri.

Publisert:

«Innsatsen bør heller rettast mot teknologi- og industriutvikling framfor subsidiering av Equinor sine utbyggingsprosjekt», skriv Magne Tolo. Her fra Hywind Scotland. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

Magne Tolo
Randaberg

I samband med tildelinga frå Enova la statsministeren med fleire vekt på støtte til utvikling av ny havvind-teknologi og eit demonstrasjonsprosjekt. Men som Sebastian Bringsværd, leiar av Equinors arbeid med flytende havvind sjølv uttala til Aftenbladet under Arendalsuka, er utviklingsfasen over, og det er tid for kommersialisering og industrialisering. Sjølv om vindturbinane blir større og kostnadene skal ned, er teknologien i Hywind-konseptet i hovudsak den same. Støtta frå Enova er slik sett rein subsidiering av Hywind Tampen-utbygginga.

Ikkje norsk teknologi

Hittil er alle Hywind vindmøllene produsert i utlandet. Vindturbinane er utvikla og produsert av Siemens (no Siemens Gamesa med hovudkontor i Spania), og er ikkje norsk teknologi. Understell og søyler for Hywind Scotland er produsert i Spania. Sjølv om ingeniørarbeid og samanstilling er gjort i Noreg (med eit italiensk kranskip med filippinsk mannskap), har det så langt vore relativt lite å henta for norsk industri.

Når kostnadene no skal vidare ned, kan det bli vanskeleg for norsk industri å nå opp i konkurransen om dei store leveransane av relativt enkle konstruksjonar, og vindturbinane nok vil koma frå Siemens også i framtida. Sjølv om kostnadene per MW installert effekt er redusert med 40 prosent frå prototypen Hywind Demo til Hywind Scotland, og nye 10-15 prosent for Hywind Tampen, vil bygge- og installasjonskostnadane neppe kunna reduserast vesentleg meir med dette konseptet. Dersom Equinor skal byggja ut flytande vindkraft med Hywind i meir fjerne farvatn, vil heller ikkje samanstilling skje i Noreg. Hywind vil difor neppe bli det nye norske industrieventyret som mange har forventningar om.

Produserast i Noreg

Dersom Noreg skal kunna utvikla ein stor industri innan flytande vindkraft, må det utviklast nye, smartare løysingar som kan redusera bygge- og installasjonskostnadene betydeleg, og med langt større potensial for norsk industri. Også deler av vindturbinane, som utgjer ein stor del av totalkostnaden, bør kunna produserast i Noreg.

Dersom norske styresmakter og verkemiddelapparat skal medverka til utvikling av norsk industri og arbeidsplassar for framtida, bør innsatsen difor heller rettast mot teknologi- og industriutvikling framfor subsidiering av Equinor sine utbyggingsprosjekt.

Les også

Equinors klare tale: Sats på havvind nå, ellers kan det være for sent

Les også

Equinor får 2,3 milliarder til havvind i Nordsjøen

Les også

Ernas toppmøte om havvind legges til denne byen

Les også

Aker Solutions etterlyser aggressiv havvindsatsing. Freiberg mener støtten er god nok.

Les også

— Skal flytende vind bli levedyktig, må det satses mer på teknologiutvikling

Les også

Stavanger utsetter havvindkonferanse. Avviser bykamp.

Publisert: