Kva er matjorda vår verd, eigentleg? Er jorda på Kalberg verd meir enn 15 milliardar kroner?

KRONIKK: Ein bonde takka nei til 150 millionar kroner for garden sin. Ville rett pris ha vore 4,5 milliardar for 300 dekar?

«Matjorda kan dyrkast år etter år, verdiar kan bli hausta meir eller mindre for alltid. Difor vil også verdien auka i det uendelege», skriv Alexander Rügert-Raustein (MDG). Foto: Shutterstock/NTB

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert-Raustein
    Alexander Rügert-Raustein
    Gruppeleiar i fylkestingsgruppa, MDG Rogaland
Publisert: Publisert:

Eg saknar rett prissetting av matjorda. Salsprisar speglar nemleg ikkje verdiar som blir skapte, og heller ikkje sparte kostnader ved å byggja ned.

Time kommune har lagt ut regulering av eit næringsområde på Kalberg på høyring. Bygging av eit datalagringssenter i dette området er mykje diskutert.

Kraftkrevjande industri krev forsyningssikkerheit og store areal. Difor er plassering nær eit knutepunkt av tre ulike kraftlinjer av stor verdi. På Kalberg har ein vore uheldig og plassert trafostasjonen midt i matfatet fordi knutepunktet tiltrekker seg denne typen verksemd, og det skaper ein arealkonflikt opp mot den matjorda me er einige om må vernast.

For å kunne verna matjorda er det verd å tenkja kva ei «flytting» av datasenteret til ein mindre konfliktfylt plassering på fjellgrunn ville koste – sett opp mot verdien av å verne matjorda.

Les også

Inge Berntsen: «Kalberg og Peppino – om jordvern, matsikkerhet og klimaet»

Pluss og minus

La oss setje opp eit reknestykke:

Til det må me finna ut kva ekstra kabling til ein alternativ industriplass kostar, kor mykje areal som trengst og ikkje minst verdien av dette arealet.

  • Kva kostar ekstra kabling?

NVE har i eit notat vurdert kostnader for luftspenn og jordkabel. Det siste har desidert høgast kostnad, som gjerne ligg 5–10 gonger over luftspenn. I 2004 var prisen for 420 kV jordkabel på opp til 18 millionar kr per km. I 2021-kroner svarer det til kr 27 millionar per km.

Ettersom verdien av plasseringa på Kalberg ligg i forsyningssikkerheit basert på tre uavhengige tilførselsvegar, legg eg til grunn at me også må legga tre linjer til den alternative plasseringa. Dette vil gje ein kostnad på svimlande 81 millionar kr per km ved val av jordkabel. For å ha eit mest mogleg konservativt estimat, brukar eg denne prisen.

  • Kor mykje areal går med?

Datasenteret på Kalberg er tenkt med 300 dekar (daa), pluss areal til utviding. Men me må ta med konsekvensar i andre og tredje ledd.

Store mengder spillvarme er eit uløyst problem. Løysingar som er skisserte, krev endå meir areal. I arealplanen er 500 daa tiltenkt dette føremålet. Eit løyve for eit slik senter vil måtte ha som rekkefølgjekrav at spillvarmeproblematikken blir løyst, og arealbehovet må sjåast i den samanheng. Behovet for tilkomst til området vil krevja vegbygging og auka arealbehovet ytterleg.

Det er difor rimeleg å gå ut ifrå at det totale arealbehovet som går inn i vårt reknestykke, er på 1000 daa.

  • Kor mykje er dette arealet verdt?

Innan økonomifaget er alternativ kost eit kjent omgrep. Ved å samanlikne alternativ der verdien av det eine alternativet er kjend, kan ein gi ei kvalifisert verdivurdering av noko som elles er vanskeleg å prissette.

Me er heldige og har eit anna prosjekt med ein tilsvarande arealkonflikt i nærleiken som kan hjelpe oss: E39-prosjektet ved Bråstein. Prosjektet er vurdert med kort og lang tunnel. Alternativet med kort tunnel er 600 millionar kroner billegare, men kostar 40 daa meir matjord enn alternativet med lang tunnel. Med andre ord gir val av kort tunnel ei innsparing på 15 millionar per daa matjord som blir ofra. Det er den alternative verdien for matjord i området.

Les også

Harald Minge, Næringsforeningen: «Vi kan skape 30.000 nye arbeidsplasser på få år»

Les også

Eirik Gundegjerde: «Ja til datalagringssenter på Kalberg! Åpner for neste generasjons jordbruk»

Evig produksjonsverdi

Det er ingen tvil at produksjonsverdien av jord til matproduksjon er mange gonger større. Matjorda kan dyrkast år etter år, verdiar kan bli hausta meir eller mindre for alltid. Difor vil også verdien auka i det uendelege. «Ulempa» er at denne verdien ikkje kan kapitaliserast i dag. Det er difor eg brukar eksempelet med om lag same kortsiktige tidshorisont som eit konservativt estimat for verdien av matjorda på Kalberg.

Verdien av å verna 1000 daa matjord på Kalberg ved å bygga ein annan plass, er altså minst 15 milliardar kroner.

Det er sjølvsagt meir å spara ettersom areal som ikkje er matjord, vil vera billegare. Det lèt eg vera utanfor for å halda reknestykket enkelt.

Med 15 milliardar kroner kan me altså kjøpa oss kabling til ei alternativ plassering av industrien. Med den dyraste varianten for jordkabling snakkar me då om bort imot 200 km. Med andre ord kan alternativet til Kalberg vere kvar som helst i Rogaland. Med luftspenn kan ein finne ein annan stad kvar som helst sør for Trondheim.

Dette er sjølvsagt absurd, – akkurat like absurd som tanken om å bygga ned matjorda på Kalberg.

Les også

Eirik Gundegjerde, Lyse: «Kalberg er mer energieffektivt enn alternativene»

Kapitalen vil seie «køyr på!» så lenge det gir avkastning i overskodeleg framtid. Dei som evnar å sjå litt lenger, veit at punktet er nådd for lengst.

Å sjå langt nok

Kvifor blir så «flytting» ikkje vurdert som alternativ? Grunnen er enkel: Matjorda på Jæren er på billigsal.

Eit kjent døme er eit tilbod på kr 150 millionar for ein gard på 300 daa. Det høyrer med til historia at bonden med ryggrad takka nei!

Dette tilbodet tilsvarer verdien av 10 daa. Garden burde kosta 4,5 milliardar kroner!

Les også

Anne Frøyland Grødem forstår kva matjorda er verd

Sjølv om det høyrest svimlande mykje ut nå investorar er villige til å betala ein halv milliard for 1000 daa, er realiteten at dei grafsar til seg arealet til minst 14,5 milliardar under verdien.

Hadde investorar måtte betala rett pris, ville Kalberg ha vore uaktuelt.

Men kvifor setta opp kompliserte reknestykke når me kan spørja: Kor lite matjord må vera att før me når punktet der me lèt vere å byggja ned endå ein liten bit til?

Kapitalen vil seie «køyr på!» så lenge det gir avkastning i overskodeleg framtid.

Dei som evnar å sjå litt lenger, veit at punktet er nådd for lengst.

Les også

Harald Birkevold: «Djevelen ligger i unntakene»

Les også

Harald Birkevold: «Ansettelsen av Tom Tvedt som sjeflobbyist for Kalberg-utbyggingen er som tatt ut av læreboka»

Les også

Kristin Hoffmann: «Det er ikke tilfeldig at toppolitikere og byråkrater i mektige posisjoner blir hyret av investorer og eiendomsutviklere»

Les også

  1. Tom Tvedt har fått ny jobb – kaster seg inn i saken som splitter Jæren

  2. Fylkes­råd­mannen vil halvere planane for data­senter på Kalberg

  3. – Jeg ønsker å gjøre noe helt annet

  4. Per Haarr erstattes ikke hos rådmannen

  5. Avtroppende Klepp-ordfører har fått ny jobb

  6. Fra politikk til våpenproduksjon

  7. Nå vil bonden som takket nei til 250 millioner kroner sende bilene under Frøylandsvatnet

  8. Å foredle vannkraft til datakraft krever mot til innovasjon

Publisert:
  1. Jordvern

Mest lest akkurat nå

  1. 258.000 ekstra Pfizer-doser til Norge, sier statsminister Erna Solberg til VG

  2. Skattejakt på Ryfylkeøyene: 40 prosent av de med billett møtte ikke opp

  3. – Kjære nordmenn, ikke la useriøse aktører ødelegge for gjestearbeidere

  4. Viking bekrefter utenlandsk Bell-interesse

  5. Tidligere Viking-talent ferdig i EIK - jaktes av flere klubber

  6. «Better Call Saul»-stjerne utenfor livsfare etter kollaps under innspilling