Friskular – ein trussel?

DEBATT: Dei private friskulane er ingen trussel, dei berikar fellesskapet!

«Erfaringa mi er at breidda i friskulen er like stor som i den offentlege; i livssyn, meiningar og elevmasse», skriv Sissel Marie Bjerga. Her frå KF-skulen i Stavanger. Foto: Rune Vandvik

Debattinnlegg

  • Sissel Marie Bjerga
    Medlem i Stavanger KrF
Publisert: Publisert:

Totalt går 832.126 born i norsk grunnskule og vidaregåande skule (SSB). Ifølge Kristne Friskolers Forbund er talet på born i kristne friskular rundt 9600 (grunnskule) og om lag 6000 på vgs-nivå. Under 2 prosent av Noregs elevar går på kristne friskular. Dette er, ifølge Dag Mossige frå Stavanger Arbeiderparti, ein trussel mot folkeskulen, og «lite framtidsretta i 2021», og all statleg finansiering bør stansast.

Rammer alle

I debatten på NRK Rogaland mellom Dag Mossige og Marie Ljones Brekke 19. januar, vart Mossige utfordra av journalisten på kva som er «gale med gode, gamle Tryggheim», der Mossige nyanserer med at «det er jo helst grunnskulane dei tenkjer på», ikkje dei vidaregåande skulane. Men; endringa Mossige vil ha, rammer jo alle – friskulelova gjeld både grunnskule og dei vidaregåande skulane.

Over heile landet er det aktive samfunnsbyggjarar med utdanning frå desse friskulane, utrusta til å gje tilbake til samfunnet gjennom kompetansen dei fekk, i arbeid og i frivillighet, og som skattebetalarar. Eg har opplevd friskulen sjølv, både som elev i tre år og som tilsett i nesten 12. Eg har sett kva desse skulane gjev eleven, og kva ressurs skulen er i det distriktet der den ligg. Friskulelova sikrar staten innsyn i skuledrifta. Den sikrar at det ikkje er anledning til å ta ut utbyte, eit eventuelt overskot utviklar skuledrifta vidare og kjem elevane til gode. Og den gir foreldre rett til å velja opplæring for sine barn.

KF-skulen i Stavanger byggjer nytt skulebygg. Det er eit stort løft for skulen og alle som nyttar den. Ikkje minst er det eit stort løft fordi statsstøtta ikkje dekker kapitalkostnadane friskulane har. Det viser ein enorm innsats frå skuleeigar, tilsette og miljøet rundt til å realisera skulen.

At denne kristne friskulen i Stavanger, ligg tett ved ein offentleg skule, får Arbeidarpartiet til å sjå raudt; det fremjar segregering, det er ein trussel mot folkeskulen, og dei driv med einsretting. Men er det ikkje det nett det Mossige sjølv vil ha; einsretting – alle inn i same skule og same spor? Erfaringa mi er at breidda i friskulen er like stor som i den offentlege; i livssyn, meiningar og elevmasse. Det gode omdøme skulane har, tilseier inkludering, godt læringsmiljø og trivsel.

Sosialt ansvar

IMI-kyrkja, som er skuleeigar, tek synleg eit sosialt ansvar i byen bl.a. gjennom Godhetsvekene. At desse no skal beskuldast for å ville skape segregering i byen fordi dei driv ein god skule, er å gje dei eit slag i andletet som takk for bidraget for å vera med å gjere Stavanger til ein god by å bu i.

Det private bidraget er ingen trussel, men berikar fellesskapet! Mangfald og valfridom er viktige verdiar me ikkje må misse!

Les også

  1. Ap-folk i Stavanger vil fjerne støtten til religiøse friskoler

  2. Jeg er skeptisk til religiøse skoler av alle slag. Mange har dobbeltroller som styreleder i skolen og pastor i menigheten

  3. Friskoler undergraver ikke fellesskapet, Dag Mossige. De gjør det rikere

  4. – Retorikken for «felles­skolen» kan være mer ekskluderende enn fri­skolene

Publisert:
  1. Debatt
  2. Videregående skole
  3. Livssyn
  4. Dag Mossige

Mest lest akkurat nå

  1. Kommunen ber deg om én ting når du møter vaksinering

  2. 14-åring frastjålet klesplagg på togstasjon - fire mindreårige er mistenkt

  3. Hva hvis vaksinen din kommer midt i sommerferien? Dette bør du tenke på.

  4. Etter flere forhold skammer han seg over sin egen oppførsel

  5. Hvorfor står det kroatiske firmabiler utenfor et hotell på Lura?

  6. «Exit» flyttet inn i ekteparets hjem. Her er deres ti tips for å bygge drømmehuset