Høibos utdaterte feminisme skremmer meir enn Tajik sin grøne dress

KLESKODAR OG FEMINISME: Fakultetsdirektør Karoline Holmboe Høibo kritiserer Hadia Tajik si nye bok. Ikkje for innhaldet eller for haldningane hennar, men for framsidebildet.

Eg trur ikkje Tajik i eit moteriktig antrekk vil skremme unge kvinner frå å ta del i debatten. Høibo sitt innlegg derimot vise den gammalmodige tanken at som kvinne må ein kle seg tilknappa i mørk dress for å ha ei stemme i den offentlege debatten.

Debattinnlegg

  • Renate Rivedal
    Bergen
Publisert: Publisert:

På bildet ser eg AP-politikar Hadia Tajik som sit i eit samtidig interiør av betong, som er ein fin kontrast til den mjuke veluren i dressen hennar. Ho har eit sterkt blikk, og ser rakt inn i kamera. Ho er svakt sminka, har høge hælar, ein svart blondetopp og den nemnde grøne velurdressen.

Tajik har sjølv regien

Fakultetsdirektør Høibo ser derimot ei kvinne som «er på veg heim frå glamourfest» og ikkje minst som set eit «sensuelt forførande mørkt blikk i oss».

Ein bildeanalyse synest eg er ein spanande ide i seg sjølv, her har naturlegvis både Tajik og forlaget vore med å bestemme korleis ho skal bli framstilt. Ho vel den moteriktige feminine dressen, i staden for den klassiske mørke dressen som hennar mannlege partikollegaer som oftast sverja til. Dei siste åra har både dressen, grønt og velur vore heite poteter i motebildet. Her vise Tajik at ho er ei kvinne av si samtid, ho er moderne og følger med i tida, men ikkje så vågal at ho går framom trendane.

At Høibo klarer å sjå ein samanheng mellom ei dame sittande på grå betong og Fifty Shades of Grey, seier gjerne meir om ho enn om Tajik. Og at ein AP-politikar berre må avbildast i raudt, klarer eg faktisk ikkje å ta seriøst ein gong. Vil det seie at Hadia eigentleg har ein skjult agenda med å i kle seg komplementærfargen grønt?

Skal kleda ta menns ansvar?

Det er heilt uproblematisk om Høibo les kiosklitteratur eller ei, det som eg finn problematisk er at ho meir enn antyda at problemet med uønskt seksuell merksemd eller overgrep, ikkje ligg hos menn i maktposisjonar, men hos dei unge kvinnelege partikollegaene sine antrekk. Høibo sine tankar om feminisme og kvinnesyn synest etter mi meining å både vere forenkla, forkvakla og forelda.

Eg har sjølv vokse opp på ein liten stad, som etter kvart riktig nok fekk bystatus. Med ei mor som arbeida i klesbutikk og som alltid har vore oppteken av plagg med fine snitt og i gode kvalitetar, har klede alltid vore spanande for meg. Eg sjølv har (til mi mor sin store skrekk) svinga både inn og ut av det såkalla «motebildet» frå å låne saggebukser av kompisar på vidaregåande, til Miss Sixty bukse og Buffalosko, til skinnbukser og tilhøyrande rosa slangeskinnstopp, til nokre mørke år der eg berre gjekk i svart med matchande band-t-skjorter, til eg slo eit slag for vintage og for rundt som eit vandrande blomsterbed. Og mor mi hadde heilt rett i at mote og klede kan symbolisere og uttrykke mykje, og det kan skape både tilhøyrsle og avstand.

Akademia, skulegard nummer to

Skulegarden er dessverre ein stad der det ofte er press på å passe inn, og difor er det også ein stad der det til tider også mangla individualisme. Ein anna stad eg har merka meg det fenomenet, er den eldre skulegarden: Akademia. Her skal det heller ikkje vere for mykje merksemd på det ytre, då vert ein raskt stempla som overflatisk og lite intellektuell. Samstundes har gjengen i akademia også ein tendens til å likne svært mykje på kvarandre, og også her er det utvikla ein stil som ein bør følge om ein ønskjer å vere på lik linje med dei andre.

Som når eg på masterstudiet skulle møte rettleiaren min for fyrste gong. Eg hadde då kledd meg i ein ny okergul ullgenser og sa spent til venninna mi «Ja! Eg har pynta meg litt ekstra i dag, skal møte rettleiaren min for fyrste gong.» Då fnyste min (uttalte) feministiske (kvinnelege) lærar «Så du har fokus på dei viktige tinga du, ja!». Det viste seg heldigvis at rettleiaren min var både ei klok, smart, flott og stilbevisst dame.

Må kvinner gå i dress?

Når Høibo seier at Tajik sitt fotografi «øydelegg både for hennar politiske bodskap og for andre unge kvinners moglegheit til å virke politisk i framtida.», synest eg ho er alt det ein feminist ikkje bør vere. Eg trur ikkje Tajik i eit moteriktig antrekk vil skremme unge kvinner frå å ta del i debatten. Høibo sitt innlegg derimot vise den gammalmodige tanken at som kvinne må ein kle seg tilknappa i mørk dress for å ha ei stemme i den offentlege debatten. Vi treng individualisme både i akademia og i politikken, vi treng forbilde med ulik bakgrunn, med ulik alder, med forskjellige livssyn og politiske oppfatningar, med minoritetsbakgrunn og både med og utan høge hælar. Eg trur Høibo sine utdaterte ideal øydelegg meir for unge kvinners lyst til å delta i debatten enn Tajik sin grøne dress.

Skulegarden er dessverre ein stad der det ofte er press på å passe inn, og difor er det også ein stad der det til tider også mangla individualisme. Ein anna stad eg har merka meg det fenomenet, er den eldre skulegarden: Akademia.

Les også

  1. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  2. Jeg må dessverre stad­feste at det selv­opp­nevnte kvinne­politiet lever i beste velgående

Publisert:
  1. Hadia Tajik

Mest lest akkurat nå

  1. To ganger fikk ekte­paret fra Jæren nei til å adoptere. Likevel dro de til Sør-Korea og hentet et barn

  2. Nordlyset danset på høsthimmelen

  3. Fugler ved Breiavatnet ble matet med ukokt ris

  4. Lagmannsretten nekter å behandle drapsforsøkssak

  5. KrF-leder Ropstad møter pressen lørdag

  6. 18-åring ble den store helten i debuten: – Finner nesten ikke ord