Skadeleg kunnskap?

«Kva er skadeleg ved å kunna geografi» spør Magne M. Andersen. Foto: Shutterstock

Debattinnlegg

  • Anders M. Andersen
    Anders M. Andersen
    Nedstrand
Publisert: Publisert:

DEBATT: Fire fag vil regjeringa ha ut av vidaregåande skule. Naturfag, historie, geografi, religion. I staden vil regjeringa ha inn eit framtidsfag. Kva det faget skulle gå ut på, var ikkje klart. Så her var det fyrst og fremst fag som måtte ut. Er faga ikkje gode nok, skulle vel oppgåva vera å gjera dei betre? Noko anna sjølvsagt, dersom faga er skadelege.

Her finst alltid dei som synest slike fag er unyttige, og har det òg heitt om nynorsk og matematikk. Kunnskap treng vi fyrst og fremst for å kunna tenka, for det er som Garborg seier: Veit ein ikkje noko, får ein ikkje tenkt stort heller.

Framtida er uviss, og krev av oss at vi kan og vil tenka. Dei som styrer, lagar prognosar og set opp vakre mål for det dei vil. Gjera dette til skulefag er å politisera og ideologisera skulen. Framtidsfaget er visst alt skrota, men tanken og viljen var blitt meir enn tanke. Personar med makt ville ha faga ut.

Her kan difor vera grunn til å spørja utdanningsminister Melby eller andre:

  • 1. Kva slag skade gjer naturfaga?
  • 2. Koss er historiefaget skadeleg?
  • 3. Kva er skadeleg ved å kunna geografi?
  • 4. Her finst dei som meiner religion er skadeleg. Meiner eller meinte regjeringa det?
Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. I januar måtte han bruke rullator for å bevege seg. Så fikk han hjelp fra Stavanger kommune

  2. Amanda Gorman (23) har en helt spesiell grunn til å ikke være med på vennenes selfier

  3. Fikk kjeft etter 40 sekunder. Resten ble en fest for Viking-trenerne

  4. Fin start på uka – kan bli 18 grader på tirsdag

  5. Viking-børsen: Joe Bell best da Viking feide over Brann

  6. Derfor bør Sandnes gå for Berlands havnebad