Meir enn ein «landsby»!
DEBATT: «Det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn», vert det sagt. Eit godt tilbod til personar med demens krev meir enn ein eigen «landsby».
- Inge Takle MæstadBystyrerepresentant og medlem kommunalstyret for levekår, KrF


Talet på personar med demens vil auke mykje i åra som kjem. Det vil utfordra oss som samfunn og som kommune. Mange av oss vil også møta utfordringane som pårørande. Debattredaktør Solveig G. Sandelson skildrar dette på ein god måte i Aftenbladet 5. januar. Samstundes spør ho korleis vi som kommune vil vere med og «gi trygge og verdige dagar gjennom en skjør og lang livskveld».
Eigen demensplan
Det er sjølvsagt ikkje eitt svar på den utfordringa. Fordi sjukdomen artar seg ulikt frå person til person, i ulik alder og i ulike fasar. I Stavanger har vi ein eigen demensplan som skildrar dette mangfaldige tilbodet. Den seier noko om korleis vi skal bli flinkare til å oppdaga demens tidleg, setta den rette diagnosen – slik at vi også kan gje det rette tilbodet til den enkelte.
I ein tidleg fase kan dei fleste bu heime. Mest mulig likt den kvardagen ein har hatt før. Vi skal utvikle gode dagaktivitetstilbod og slik gi auka livskvalitet for både brukaren og pårørande. Pårørande er også ein del av planen. Dei skal få hjelp og oppfølging – og avlasting når børa blir for tung åleine – slik at vi ikkje ender opp med å få to «pasientar».
Velferdsteknologi vil hjelpe fleire til å leve sjølvstendige liv og meistre kvardagen betre.
Hva vet levekårstyret i Stavanger egentlig om demens?
Bare SV imot demenslandsby i Stavanger
Demente får egen «landsby» i Stavanger
Konkrete planar
Etter kvart vil mange trenge pleie og omsorg i institusjon. Bygging av ein eigen demenslandsby er ein del av det som skal gjerast for å møta eit aukande behov for dette, men mange vil også ha plass i meir tradisjonelle sjukeheimar. I Stavanger har vi mykje kompetanse, både ved Sesam, Blidensol og Ågesentunet. Den kompetansen skal vi nytte og dele til beste for pasientar, pårørande og tilsette. Oppgåva vi har er stor, men planane for å vere med å gje «trygge og verdige dagar» er konkrete.