Fylkesmannsrolla er ganske romsleg

DEBATT: Ein Facebook-kommentar frå meg skapte reaksjonar. Eg gjekk ut av fylkesmannsrolla, blei det sagt. La meg berre slå det fast endå ein gong: Kommentaren var unødvendig av meg. Men gjekk eg ut av rolla?

«Det er sjølvsagt lov å vera usamd med meg og påpeika når eg har gjort noko som ser uklokt ut. Det tåler eg, og det hender rett som det er at eg tar det til meg. Men det er ikkje nødvendigvis slik at eg går utover rolla mi som fylkesmann kvar gong du ikkje deler mitt syn», skriv Magnhild Meltveit Kleppa.
  • Magnhild Meltveit Kleppa
    Fylkesmann i Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg meiner ikkje det, men eg har heller ikkje problem med å forstå at folk reagerte. Det som ikkje har vore like klart i sjauen som oppstod, er kva det var eg faktisk kommenterte. La det vera klinkande klart: Det var ikkje ei støtteerklæring til Forsand-fleirtalet i kommunestyret som heller vil slå seg saman med Strand enn Sandnes, slik fleire ser ut til å meina. Det var ei støtte til fleirtalet som opplever at dei ikkje har blitt høyrte av Stortinget – og samtidig blei hindra av ordføraren i å ta opp saka to dagar før stortingsbehandlinga i juni.

Skjermdump fra Facebook-siden til Ole Tom Guse (KrF). Kommentarer fra andre brukere er redigert bort etter at skjermdumpen ble tatt 7. desember 2017. De synlige kommentarene ble skrevet 30. november 2017. Magnhild Meltveit Kleppas kommentar utløste et skriftlig spørsmål i Stortinget

Legitim frustrasjon

Dette var i strid med kommunelova, slo lovlegkontrollen vår fast. Derfor vil eg hevda at det er ein legitim frustrasjon i Forsand nå, uavhengig av kva ein måtte meina om samanslåingsalternativa og Stortinget sitt vedtak. Me har eit fleirtal i Forsand som ser på samanslåinga med Sandnes som ei tvangssamanslåing. Denne opplevinga var det eg uttrykte forståing for og støtte til, ikkje til det overordna spørsmålet om Forsand/Sandnes. At det blir lese på ein annan måte er ikkje vanskeleg å forstå, derfor var det unødvendig av meg å kommentera slik eg gjorde.

Me skal gi beskjed og melda frå, på eige initiativ, når me ser uheldige konsekvensar av nasjonale vedtak i fylket vårt osb.

Fylkesmennene har eit stort og viktig mandat. Fylkesmannsinstruksen seier kva rolle eg og embetet har. Fylkesmannen er Kongens og regjeringas representant i fylket og skal arbeida for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgt opp i fylket. Den same instruksen slår fast at «Fylkesmannen skal holde Regjeringen og sentraladministrasjonen orientert om viktige spørsmål i fylket og fremme forslag til løsning av oppgaver i den utstrekning fylkesmannen finner det nødvendig eller formålstjenlig».

Skal gi beskjed

Kva betyr dette i praksis? Fylkesmannen skal ta imot og vidareformidla styringssignal av ulike slag. Ein like viktig del av rolla vår er å melda tilbake til departement og direktorat, sjølv når det går på tvers av vedtatt politikk. Det er ikkje ein einvegs informasjonsstraum frå Oslo til oss, det skal koma noko andre vegen også. Me skal gi beskjed og melda frå, på eige initiativ, når me ser uheldige konsekvensar av nasjonale vedtak i fylket vårt osb.

For meg var det ei kraftig påminning å sjå opptaket frå høyringa i Stortingets kommunal- og forvaltningskomite 7. november. Forsand var representerte ved ordførar Bjarte Sveinsvoll Dagestad og gruppeleiar Ole Tom Guse (KrF). Det var urovekkande å vera vitne til splittinga i Forsand.

Derfor fann eg grunn til å minna stortingspolitikarane om kva som skjer før saka kom opp til ny votering 7. desember – og kva Fylkesmannen faktisk har sagt i dei to lovlegkontrollane våre seinsommaren og hausten 2017. At Aftenbladet vinklar dette som ei åtvaring til Arbeidarpartiet, får stå for avisa si eiga rekning. Eg syntest det var heilt på sin plass å minna om kva som har skjedd i Forsand, og kva vurderingar Fylkesmannen har gjort i dei to lovlegkontrollane, når saka først var i politisk spel igjen.

Viktig å vera lojal

Fylkesmannen i Rogaland har følgt lojalt opp vedtaket i Stortinget i sommar, der Forsand/Sandnes skal danna ny kommune. Me har arrangert felles kommunestyremøte, rettleidd og behandla dei to krava om lovleg kontroll som har kome frå Forsand-politikarane. Det er rett at Forsand/Sandnes ikkje er i tråd med den faglege tilrådinga som me presenterte i september 2016. Me vurderte ikkje dette som å vera i tråd med intensjonen eller kriteria i kommunereforma. Som fylkesmann er det alltid viktig for meg å vera lojal mot vedtak som blir fatta, uansett forhistorie. Når eg les kommentarar frå enkelte lokalpolitikarar, kan ein få inntrykk av at eg nærast har kjørt ein kampanje mot Forsand/Sandnes. Dei som kjenner meg, og dei som ser kva eg har sagt og gjort på Facebook, veit at dette ikkje stemmer. Samanslåinga er nå stadfesta av det nye Stortinget. Det betyr at me held fram som me har gjort: Det er å hjelpa og rettleia dei som skal danna nye kommunar. Det er ein del av den daglege drifta vår.

Er faktisk rolla mi

«Vi tar vare på Rogaland» er visjonen me arbeider etter. Det er viktig for oss å ha velfungerande kommunar som gir gode tenester til innbyggarane. Det er viktig for oss å ha regionar som samarbeider godt, til folks beste. Me heiar på det som fungerer godt, men når me ser utviklingstrekk som gir grunn til uro, seier me ifrå. Det er jobben vår, og det er faktisk rolla mi som fylkesmann.

Det er sjølvsagt lov å vera usamd med meg og påpeika når eg har gjort noko som ser uklokt ut. Det tåler eg, og det hender rett som det er at eg tar det til meg. Men det er ikkje nødvendigvis slik at eg går utover rolla mi som fylkesmann kvar gong du ikkje deler mitt syn. Fylkesmannsrolla er faktisk ganske romsleg. Derfor trivst eg godt som fylkesmann i Rogaland.

Publisert: