Fare på ferde i bystyresalen

DEBATT: Når ein i kampen for si politiske meining, gir blaffen i lov og reglar, då står demokratiet i fare.

«Eg synes det er farleg om innbyggarinitiativ sluttar å bli tatt seriøst, fordi måten ein aksjonerer på er uakseptabel», skriv Ingrid Kristine Aspli frå SV.

Debattinnlegg

  • Ingrid Kristine Aspli
    Ingrid Kristine Aspli
    Bystyrerepresentant, Stavanger SV
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Måndag kveld opplevde eg i bystyret i Stavanger noko eg aldri har opplevd før. Plutseleg kjem eit femtitals menneske inn i salen, med fleire barn på slep, og ein frå mengda går opp på talarstolen. Ordførar gir beskjed om at han må gå ned, men når ikkje fram. Møtet må avbrytas, og politiet kjem til.

Handlar ikkje om saka

Til orientering: Eg var ein av dei som stemte mot bompengepakken. Så dette handlar ikkje om den saka. Dette handlar om metode og middel.
Eg har deltatt på politiske demonstrasjonar sidan eg var med min far inn i EU-kampen i 1994. Eg hugsar best Gøteborg året 2000, då vi gjekk i tog mot EU. Då skjedde det at markeringa med 20000 engasjerte og fredelege demonstrantar vart gløymt i media, grunna nokre hundre hooligans som ankom byen med skyting, ruteknusing og vald. Eg hugsar kor fortvilte
vi var over at nokre av desse trudde at dei kom som ei støtte i saka. Eg hugsar kor redde vi var. Kva lærte eg smerteleg den gongen? Jo, aggresjon hjelper ikkje den politiske kampen, det grusar den.

Les også

Nok er Nok inntok bystyresalen

I Stavanger arbeider vi kontinuerleg for at det skal vere så enkelt som muleg å fremje sine meiningar. Det er eit viktig prinsipp at møter i politiske organ skal vere opne, at politiske prosessar skal vere gjennomsiktige. Ein er hjarteleg velkommen til å ta kontakt med alle lokalpolitikarane, og å vere tilhøyrar i bystyremøtene, som publikum på galleriet. Men ein skal vite det, at når ein marsjerer inn i møter på denne måten, så set ein
demokratiet og ytringsfridomen og innbyggarinnflytinga som ein nettopp er så innmari opptatt av, i fare.

Og kva meiner eg med fare?

  • Eg synes det er farleg om vi må bruke masse pengar på sikkerheitsvakter ved politiske møte. Ein skulle så innmari gjerne brukt pengane på andre, mykje viktigare ting.
  • Eg synes det er farleg om det ryktas som risikosport å vere folkevald. Vi vil ha ei brei rekuttering til politiske verv, og dersom det blir slik at engasjerte og kloke folk sluttar i , eller ikkje vil byrje i politikken grunna hets, hat og truslar, så står demokratiet i fare.
  • Eg synes det er farleg om innbyggarinitiativ sluttar å bli tatt seriøst, fordi måten ein aksjonerer på er uakseptabel.

Rammer oss alle

Eg går i tog fleire gongar i året, og møter på demonstrasjonar og markeringar jamleg. Det er ekstremt viktig at vi har slik aktivitet i samfunnet vårt. Eg synes at alle innbyggarar i Stavanger skal stå på barrikadane i alle saker som engasjerer dei, og ta gjerne med barna på
viktige markeringar. Men når ein i kjenslerus og prega av gruppedynamikk, tillet seg å bryte loven, då rammar det oss alle.

Publisert:
  1. Debatt
  2. Demokrati
  3. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. «Regå» fikk ny eier etter budkrig

  2. – Det er jo Stavanger som er energihovedstaden

  3. Sjekk hvem som dukket opp på treningen til lokalt lag

  4. Siktedes kjæreste bodde i nabolaget til Birgittes foreldre

  5. Omdiskutert ordning gjør at Tage og kompisene kan sove 40 minutter ekstra hver morgen

  6. Kraftig regnvær og kuling det neste døgnet