Svømmeopplæringa må prioriterast

DEBATT: Det er innført obligatorisk ferdigheitsprøve i svømming i 1. - 4. klasse. Men kan elevane læra å svømma, når dei yngste mest ikkje får svømmetimar?

Publisert: Publisert:

«Stavanger svømmehall opnar att i mars etter renoveringsarbeid. Eg vonar det vil vere med på å gi elevane i Nye Stavanger den svømmeopplæringa dei har krav på», skriv Sølvi Ona Gjul. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Sølvi Ona Gjul
    Stavanger Ap

Aftenbladet hadde eit oppslag om svømmeopplæringa i barneskolen i februar 2017. Det viste store forskjellar mellom skolane på Nord-Jæren: Elevar i Randaberg fekk flest timar, ein time i veka gjennom heile barneskolen (38 skoleveker per år). I Stavanger fekk ikkje elevane i 1. og 2. klasse svømming. Nokre tredjeklassingar fekk heller ikkje svømming, medan andre fekk to timar kvar veke, alt etter kva skole dei gjekk på. Variasjonen mellom skolane var ganske stor på heile barnesteget. I Rennesøy fekk kvar tredje- og fjerdeklassing 12 timar i alt dette skoleåret, og på den eine skolen fekk andreklassingane 9 timar. Finnøy var ikkje med i Aftenbladet sitt oversyn i 2017.

Å vera svømmedyktig kan skilje mellom liv og død.

Korleis er det no?

No har eg spurt skolesjefane i Finnøy, Rennesøy og Stavanger, snart Nye Stavanger kommune, om talet på svømmetimar på barnesteget i år. Stavanger svarar at: «Me har ikkje nyare tal enn dette. Sidan den gongen har me likevel tatt nokre grep for å få betre kapasitet i symjehallane våre, og me har samarbeidd med symjeorganisasjonane i regionen om å intensivera symjeopplæringa på skulane, spesielt på 1-4. trinn. Men me har enno ikkje prioritert å telja dette i timar.»

I Rennesøy får ikkje elevar i 1. og 2. klasse svømming i det heile, i 3. og 4. klasse får kvar elev om lag 13 timar svømming per år.

I Finnøy har elevane på sentralskolen 12 timar per år i 1. og 2. klasse, så har dei 19 og 25 timar per år i 3. og 4. klasse. Elevane på dei andre skolane får 10 timar svømming kvart år gjennom heile barneskolen.

Krav på hjelp i skolen

På barnesteget skal elevane har 478 timar kroppsøving i alt. Mange elevar får altså få av desse timane i eit svømmebasseng. Men det er klart kva elevane etter 4. klasse skal greie, slik er dei to kompetansemåla i svømming:

  • Leike og utføre grunnleggjande øvingar med vasstilvenning som å dykke, flyte, gli, skape framdrift, hoppe uti og orientere seg i vatn.
  • Vere svømmedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i tre minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg); så svømme 100 meter på rygg og ta seg opp på land.

Det er innført obligatorisk ferdigheitsprøve i svømming i 1. - 4. klasse der delferdigheitene blir testa. Etter paragraf 2-4 i forskrift til opplæringslova er kommunen ansvarleg for at elevane deltar i prøva. Elevar som ikkje når kompetansemåla på forsvarleg nivå, vil ha rett til spesialundervisning i svømming, på same vis som dei har slik rett dersom dei ikkje når eit forsvarleg nivå i høve til kompetansemåla i andre fag. Elevar som ikkje kan svømma etter 4. klasse, har altså krav på hjelp i skolen! Foreldre skal ikkje vera nøydde til å senda barna sine på dyre svømmekurs på kveldstid. Det bør t.d. vere råd å gi ekstra opplæring i svømming i løpet av tredje og fjerde klasse i SFO-tida, slik at elevane ikkje må ta av andre fag for å læra seg å svømma.

Minst 40 timar

Svømmeforbundet meiner at minst 40 timar må til for at dei yngste elevane skal bli svømmedyktige. Eg veit sjølvsagt at kapasitet i svømmehallen og krav til tryggleik gjer at svømmeopplæringa er kostbar. Men å vera svømmedyktig kan skilje mellom liv og død, derfor må det prioriterast å læra alle barn å svømme som er i stand til det. Eg ser at Stavanger svømmehall opnar att i mars etter renoveringsarbeid. Eg vonar det vil vere med på å gi elevane i Nye Stavanger den svømmeopplæringa dei har krav på. Stavanger Arbeidarparti skriv i det nye programmet at vi vil ha rutinar som gjer at dette kjem på plass. Foreldre skal kunne venta at skolen tar ansvaret sitt!

Publisert: