Frem trygg sex, gjer utrygg sex uakseptabelt

DEBATT: Tre ungdomsparti, AUF, FpU og Unge Venstre, leia av unge menn, vil radikalt endra denne abortlova og gje kvinner rett til abort fram til barnet i mors mage er 18 eller 24 veker gammalt.

– Hjelp kvinner å unngå å oppleva uønskja graviditet. I våre dagar skulle det vera unødvendig for kvinner å bli gravide utan å ønskja å få barn, skriv Erling Thu. Foto: Shutterstock

Debattinnlegg

  • Erling Thu
    Erling Thu
    Hundvin
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

I Noreg har ei kvinne rett til å ta abort heilt til fosteret er 12 veker gammalt, men kan av ulike grunnar få abort mykje seinare. Mange vil seia at retten til abort er ein urett. Fordi det handlar ikkje berre om kvinna sin kropp, men også om eit lite barn som veks inne i hennar mage. Abort er ein urett mot det ufødde barnet i mors mage. Det er dette som gjer abort til eit etisk dilemma. Eit spirande menneskeliv blir avslutta. Eg trur at kvinner som tar abort, er klar over dette alvoret, men i si fortviling ser dei ingen annan utveg.

Inderleg medkjensle

Retten til abort har kosta ein halv million barn livet sidan den noverande abortlova vart vedteken for førti år sidan. Eg har inderleg medkjensle med desse kvinne som har opplevd ein uønska graviditet, og som ikkje har sett nokon annan utveg enn å avslutta det spirande menneskelivet. Mange av dei har vorte svikta. Samfunnet har ikkje hjelpt dei, men heller ofte pressa dei til abort.

Tre ungdomsparti, AUF, FpU og Unge Venstre, leia av unge menn, vil radikalt endra denne lova og gje kvinner rett til abort fram til barnet i mors mage er 18 eller 24 veker gammalt. Dei vil forlengja tida for press til å ta abort. Dette er ekstremt og barbarisk.

Eg vil oppmoda desse unge mennene til å kjempa for kvinners sjølvråderett over kroppen sin på andre måtar. Hjelp kvinner å unngå å oppleva uønskja graviditet! I våre dagar skulle det vera unødvendig for kvinner å bli gravide utan å ønskja å få barn. Det største ansvaret kviler her på mannfolka. Om kvinnene fekk hjelp til å bestemma over sin eigen kropp slik at dei ikkje blir gravide når dei ikkje ønskjer barn, ville dei bli spart for mange lidingar. Denne sjølvråderetten over sin eigen kropp ville frigjera store ressursar i helsevesenet og vera til gagn for sjuke menneske.

Stor forskjell

Det er flott at Mani Hussaini i AUF, Bjørn-Kristian Svendsrud i FpU og Sondre Hansmark i Unge Venstre vil kjempa for kvinners rett til å råda over eigen kropp. Eg veit sjølvsagt at abort ikkje berre er eit ungdomsfenomen, det skjer i ulik alder. Dei kan likevel gjera ein stor forskjell for unge menneske og komande generasjonar om dei arbeider for å hjelpa kvinner til å ikkje bli gravide når dei ikkje ønskjer barn, vil dei setja varige og gode spor etter seg i landet vårt. Her er nokre forslag som kan hjelpa:

  • Sett i gang ein haldningskampanje.
  • Motiver menn til å ta ansvar, slik at dei ikkje påfører kvinner uønskja graviditet.
  • Skap eit miljø som er fritt for sexpress.
  • La det bli kult å bruka prevensjon.
  • Frem trygg sex ved å gjera ubeskytta sex uakseptabelt.

Les også

  1. Selvbestemt abort til uke 24 er ikke vår politikk

  2. Altfor enkelt abortforslag

Publisert:
  1. Debatt
  2. Abort
  3. Sex
  4. Unge Venstre
  5. AUF

Mest lest akkurat nå

  1. Frp: – En helt forferdelig situasjon familien har havnet i

  2. I dag kommer EMAs beslutning om Janssen-vaksinen

  3. Vil koronateste elever to ganger i uken

  4. Mange bruker el­tann­børsten feil. Her er tre pusse­triks som kan spare deg for tusen­lapper

  5. Neville om Super League: – Solskjær kan stoppe det

  6. Stopper søppeltømming etter smittetilfeller