Er det eigentleg meir friminutt seksåringane i skulen treng?

KRONIKK: Bør barn leike meir fritt i skuletida? Kan leik vere undervisning? Dette er spørsmål som ofte melder seg når skulekvardagen til dei yngste barna blir diskutert.

Publisert: Publisert:

«Det er sjølvsagt bra om ein kan setje av tid til «fri» leik kvar dag, men viktigare er det kva rom for initiativ, meining, engasjement og aktivitet ein skaper gjennom leikande undervisning», skriv to UiS-forskarar. Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Per Henning Uppstad
    Professor, Lesesenteret, UiS
  • Bente Rigmor Walgermo
    Førsteamanuensis, Lesesenteret, UiS

Særleg blir den vaksne si rolle i leiken utfordra. Men dette er ikkje ein ny diskusjon. Allereie på 1800-talet meinte opplysningsfilosofen Friedrich Schleiermacher at ein ikkje burde gjere eit skarpt skilje mellom barn og vaksne, at dei gjensidig utfordrar kvarandre på utviklande vis.

I debatten om leik i skolen i dag gjer ein likevel ofte eit slikt skarpt skilje ved å setje opp eit ideal om at leiken bør vere utan innblanding frå vaksne, såkalla «fri».

Fri leik er ikkje alltid frigjerande for barnet

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal (VG, 04.10) snakkar fram den «frie» leiken, leiken der lærarar eller vaksne ikkje er involvert, der barna åleine tek initiativa. Gjennom frileik vil han frigjere barna frå stresset som undervisning og læring medfører. Meir friminutt blir såleis løysinga på utfordringa med teoritung begynnaropplæring og fråfall av gutar. Men vil meir frileik i skulen opplevast like frigjerande for alle?

Handal gjer seg til talsmann for ei romantisk oppfatning av leiken, som mellom anna kan sporast til opplysningsfilosofen Jean-Jeacques Rosseau og tanken om det ubesudla, naturlege barnet som enno ikkje er blitt kultivert. Rosseau hadde romantiske førestillingar om korleis barnet kunne utfalde og utvikle seg utan dei vaksnes innblanding. Dermed gjekk pendelen kanskje for langt i retning barnesentrert pedagogikk.

Ein meir realistisk posisjon kan sporast hos den sentrale russiske teoretikaren og psykologen Lev Vygotskij, som i nyare forsking blir knytt til standpunktet om at det er når dei vaksne aktivt tar del og utfordrar barnet at leiken leier til utvikling og læring. For den frie leiken kan vere utviklande, men kan også bli hemmande viss den medfører at barna blir overlatne til kreftenes frie spel, der barn dominerer og herskar over kvarandre.

Fri leik kan vere for tilfeldig

Forskarar finn at barn lærer meir i leik med andre barn når lærar spelar ei aktiv rolle, samanlikna med formell vaksenstyrt undervisning. Her er læraren som engasjert tilretteleggar og rettleiar i leiken avgjerande for at læring skal skje.

Motivasjonsforskaren Deborah Stipek seier at å la barn leike for mykje på eiga hand, er å overlate for store deler av læringspotensialet i leiken til tilfeldigheiter. Ved å overlate barn til det tilfeldige i den «frie» leiken som del av skulekvardagen, kan ein bidra til å forsterke skilnadene mellom barn – både fagleg og sosialt. Å strekke tanken om den frie leiken i pedagogikken for langt står såleis i fare for å gjere meir skade enn nytte.

Handal på si side hevdar at ein må skilje mellom leik og undervisning, og går ut mot omgrepa lekbasert læring, lekende læring og veiledet lek. Han spør retorisk: «Blir det lek når en lærer instruerer elever gjennom en hånddukke, eller når man dissekerer en frosk?»

Sjølvsagt ikkje. Leikande undervisning handler om at elevane opplever at dei er med i ein leik eller eit spel, samstundes som dette frå lærar si side også er iscenesett, læreplanstyrt undervisning.

Elevane blir aktiviserte gjennom leik i undervisninga

Det er sjølvsagt bra om ein kan setje av tid til «fri» leik kvar dag, men viktigare er det kva rom for initiativ, meining, engasjement og aktivitet ein skaper gjennom leikande undervisning. Vi veit at det i mange klasserom foregår framifrå leikande undervisning. Ein ny rapport fra Kunnskapssenter for utdanning dokumenterer at lærarar som ikkje leikar, driv teoretisk undervisning fordi dei er usikre på korleis leik kan nyttast som metode i undervisinga og fordi dei fryktar at dei gjennom leiken ikkje vil nå kompetansemåla i læreplanen.

Paradokset i dette er at når leiken blir integrert i undervisinga, blir også elevane aktiviserte, slik læreplanen føreset.

Viktig å skilje mellom skule og barnehage

Seksårsreforma har ført til at det er blitt uklårt kva første klasse skal innehalde, og sentralt i dette står spørsmålet om leiken. At førsteklasse skal vere mest mogleg lik barnehage, er ein tanke som i botn er svært instrumentell, ved at førsteklasse blir ei tilvenning på veg over i det «skulske». Men leikande undervisning handlar om mykje meir enn ikkje å støyte bort ungane i overgangen mellom barnehage og skule. Leik er viktig for mennesket si læring og eksistens.

Men leiken endrar også karakter etter kvart som barnet veks til, og misser ikkje sin eigenverdi om vaksne tek del. Ein burde såleis heller tydeleg markere at skule er noko anna enn barnehage. Problemet med teoritung begynnaropplæring skal ikkje lærarane måtte løyse sjølve. Dersom første klasse skal vere skule, må praksisnær forsking og endra lærarutdanning dekke behovet som her kjem til syne: leikbaserte undervisningsopplegg.

Å bryte illusjonen om den frie leiken som eit ideal gjennom skuledagen i første klasse inneber ingen reduksjon av barnet, barnets evner eller verdi. Det er snarare eit innspel til ei humanistisk realitetsorientering med stort pedagogisk potensial.

Publisert: