Omstillinga bort frå oljeavhengigheita er knapt byrja

DEBATT: Medan det enno er relativt gode tider og kapital og kompetanse i distriktet, burde det satsast langt meir enn hittil på nye næringar og ny industri som kan sikra arbeid og inntekter for framtida.

«Ein høyrer stadig, frå næringstoppar, politikarar og sist i statsministerens nyttårstale, bildet, kor imponerande og vellukka omstillinga i regionen har vore. Kva omstilling?», spør Magne Tolo.
  • Magne Tolo
    Magne Tolo
    Randaberg
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Stavanger Næringsforening og SR-bank, som lenge nekta å innsjå «oljekrisa», har no avblåst krisa og friskmeldt næringslivet i regionen – basert på ny optimisme mellom leiarar i næringslivet, dei same leiarane og same optimismen som førde til uhemma vekst, overetablering, overbemanning, kostnadsgalopp, ineffektivitet og krasjlanding for oljenæringa – uavhengig av fallet i oljepris.

I lengda kan ein ikkje leva av grunnlaus optimisme og sjølvskryt åleine.

Auka oljepris

No er optimismen tilbake på 2013-14 nivå, sjølvsagt med god grunn i auka oljepris, reduserte kostnader og nye utbyggingar, men med stor fare for å gå i fella igjen. Optimismen i 2013-14 viste seg å vera overdriven og grunnlaus, ingen ville høyra på åtvaringar eller sjå skyene i horisonten. Hugs, det var ikkje berre fallet i oljepris som skapte krisa.

Les også

Erna Solberg skrøt av Stavanger-firma i nyttårstalen

Sjølv om næringa har fått fjerna dei verste «kreft-svulstane», slanka vekk noko overflødig «feitt», for ikkje å seia «daukjøt», dempa ambisjonsnivået og lagt frå seg dei dårlegaste og dyraste uvanane, er det lett å få tilbakefall før ein ny livsstil er godt innarbeidd. I lengda kan ein ikkje leva av grunnlaus optimisme og sjølvskryt åleine.

Ein høyrer stadig, frå næringstoppar, politikarar og sist i statsministerens nyttårstale, kor imponerande og vellukka omstillinga i regionen har vore. Kva omstilling? At enkelte har funne nye marknader innanfor bygg og anlegg lokalt, betalt med statlege og lokale pengar og auka gjeld? Eller at nokre få, små selskap har sett dagens lys eller funne nye marknader? At mange har forlate distriktet og Nav-statistikken? Lite tyder på at det har skjedd stor omstilling elles, at «smartby» og innovasjonsparkar, kompetanse eller produkt frå oljeindustrien, eller mange etablerertilskot frå Innovasjon Norge, har resultert i ny verdiskaping og verksemd i større omfang.

Svært oljeavhengig

Næringslivet i regionen, særleg i Stavanger, Sola og Randaberg, er framleis svært oljeavhengig. Har Næringsforeninga eller SR-Bank vurdert eksportverdien av produksjonen utanfor oljenæringa? Stavanger-området har knapt eksportbedrifter eller industri å snakka om, som skaffar regionen større inntekter og frisk kapital utanom oljenæringa. Bygg og anlegg skapar verdiar lokalt, men genererer i liten grad inntekter utanfrå. Varehandel med importvarer fører til negativt nettoresultat for distriktet.
Importen er enorm, og forbruket like så, men produksjonen og eksporten ut av Stavanger-området er svært liten. Både Sandnes, Jæren og Ryfylke har langt større vareproduksjon, verdiskaping og eksport enn det sentrale Stavanger-området.

Stavanger-området treng ny industri i stor skala, store fabrikkar som produserer store mengder varer. Det er framleis slik at produksjon og eksport av fysiske varer er det som gir størst inntekter, enten det er olje, fisk og landbruksprodukt, eller det er fabrikkproduserte industrivarer. Når stadig fleire kontorbygg på Forus står tomme, bør området transformerast til fabrikkområder som kan gi ny, industriell produksjon, verdiskaping og nye arbeidsplassar, både høg- og lågkompetanse. Planar om urban bydel bør leggjast vekk for godt. Også hotelltomta i Tanke-Svilands gate bør regulerast til småindustri framfor kontor, forretning og bustader som det er stort overskot av.

Knapt byrja

Sjølv om oljenæringa no går betre ein periode, er omstillinga av næringslivet i distriktet bort frå oljeavhengigheit knapt byrja, og langt frå fullført eller vellukka. Medan det enno er relativt gode tider og kapital og kompetanse i distriktet, burde det satsast langt meir enn hittil på nye næringar og ny industri som kan sikra arbeid og inntekter for framtida.

Publisert: