Sandnes har tre alternativ for å kome ut av det økonomiske uføret

KOMMUNEØKONOMI: Ett av alternativa er å innføre eigedomsskatt.

Korleis skal rådmann Bodil Sivertsen og ordførar Stanley Wirak kome ut av den knipa Sandnes kommune er i no? Bør eigedomsskatt igjen kome på bordet? Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Torleiv Robberstad
    Torleiv Robberstad
    Pensjonert helse- og sosialsjef i Sandnes
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Sandnes kommune må spare minst 300 millionar kroner dei to neste åra, og no foreslår rådmannen å kutte i både investeringar og drift, som forklart i Aftenbladet 16. juni.

Dagen før la Statistisk sentralbyrå ut dei endelege 2019-tala for kommunesektoren, og for Sandnes er det særleg interessant å samanlikne seg med gjennomsnittet av dei ti største kommunane: ASSS-kommunane Bergen, Bærum, Drammen, Fredrikstad, Kristiansand, Oslo, Sandnes, Stavanger, Trondheim og Tromsø.

Les også

Bodil Sivertsen: – Klarer ikke dette uten nedbemanning

Gjeld og utgifter

Kommuneøkonomien i Sandnes er blitt stadig trongare. Netto driftsresultat er det som kommunen har att når alle faste utgifter er betalte: I 2011 var det 1,8 prosent av inntektene, no er det 0,5 prosent. ASSS-snittet er 2,9 prosent.

I 2011 måtte Sandnes lånefinansiere 58 prosent av investeringane sine, men 67 prosent i 2019. På desse åtte åra er lånegjelda pr. innbyggjar nesten tredobla (i løpande kroner). Sandnes er blitt stadig meir lånefinansiert: I 2015 var lånegjelda 104 prosent av brutto driftsinntekter, no er den 126 prosent. ASSS-snittet er 107 prosent.

Tre fjerdedelar av netto driftsutgifter går til helse og omsorg, grunnskule og barnehagar. Meir enn 90 prosent av dette er lønsutgifter. Så dersom desse tre tunge sektorane skal spare, må dei kutte stillingar.

Er dette klokt? Både barnehagar og grunnskule er verna av bemanningsnormer, men ikkje omsorgssektoren, som derfor står særleg lagleg til for hogg. Dette handlar om mykje meir enn å luke vekk nokre mellomleiarar og utsetje eit sjøbad.

Les også

Kommunen utelukker ikke oppsigelser – tillitsvalgte er alvorlig bekymret

Drifta

Dei tre tunge sektorane er billege i drift. Samanlikna med ASSS-snitta har Sandnes 5 prosent lågare utgifter til grunnskule og 14 prosent lågare til barnehage. Og eldreomsorga vår strevar: Berre 36 prosent av dei som er over 80 år, får omsorgstenester no, mot 41 prosent i ASSS-snittet.

Dei siste fire åra har sjukeheimsdekkinga auka litt, men heimetenestene ser ut til å ha blitt ein salderingspost: I 2015 gav Sandnes heimetenester til 29 prosent av dei over 80 år, mot berre 23 prosent i 2019. Her ligg Sandnes langt under dei ni andre ASSS-kommunane.

Åtte år er ikkje så lang tid, – posisjonspartia Frp, Ap og Sp har styrt kommunen lengre enn det. Statistisk sentralbyrå fortel at om åtte år har Sandnes venteleg like mange barn og ungdomar som i dag, men 46 prosent fleire av oss over 80 år.

Tunge rikspolitiske signal legg mykje større vekt på heimetenester i framtidig eldreomsorg, og derfor bør ikkje Sandnes kome endå meir på etterskot enn i dag.

Les også

Sandnes Pro-Service er på kuttlista til rådmannen

Alternativa

Sandnes kommune sin økonomi må rettast opp no, med å redusere utgiftene og/eller auke inntektene. I 1993 foreslo rådmann Tjemsland å innføre eigedomsskatt, men bystyret ville ikkje ha noko slikt. I 2011 hadde 75 prosent av norske kommunar eigedomsskatt på ein eller annan måte, men under regjeringa Solberg har dette auka til 90 prosent i 2019.

Sandnes ser ut til å ha tre alternativ å velje mellom:

  • Kutte i drift og investeringar.
    Då er det viktig å hugse på at dersom ein vil kutte til beinet, er det viktig ikkje å kutte av seg beinet.
  • Ikkje kutte nok, men kome inn på Robek-lista, der Fylkesmannen fører tilsyn med alle låneopptak.
    Då kan populistiske politikarar gi «den slemme fylkesmannen» skulda for manglande investeringar.
  • Auke inntektene med å innføre eigedomsskatt, – slik 90 prosent av norske kommunar har gjort.

Skal Sandnes ha for lite pengar eller tynnare tenester? Dette spørsmålet er både etisk, juridisk og politisk. Kva syns du vil vere best for dei nesten 80.000 som bur i Sandnes kommune no?

Publisert:
  1. Sandnes kommune
  2. Kommuneøkonomi

Mest lest akkurat nå

  1. Ansatt ved Rovik boas har testet positivt

  2. OL-STUDIO: Her jubler stjernen for gull. Like etter innser hun tabben

  3. Redningsaksjon på Kjerag lørdag kveld

  4. Overlegen norsk seier

  5. – Vi så et rødt lys styrte i sjøen

  6. 37 ordensforstyrringar natt til søndag - kroppsskade på Kampen