Kva med ei rogalandsk litteraturhistorie?
DEBATT: Kan me laga ei oversiktleg bok med korte biografiar over forfattarar frå Rogaland og med korte omtalar av dei mest kjende bøkene deira? Kunne det la seg gjera?
- Tore ThorsenJelsa


Eg innrømmer at eg alt har klikka inn mine tre forslag til «Tidenes rogalandsbok». Det var nok det sofabaserte sportsgenet som rørte på seg.
Tabloidisering?
Så les eg innlegget til forfattar Odveig Klyve, og nikkar ettertenksamt. Er det i grunnen seriøst å gjera litteratur til ein konkurranse om å få flest klikk og likes? Er ikkje det ei tabloidisering av litteraturen?
Leiaren i komiteen bak lista med dei 50 titlane som klarte seg gjennom prologen, seier at tiltaket er meint som ei uhøgtideleg kåring, men ikkje berre det: «Målet er å få merksemd rundt rogalandslitteraturen og få folk til å lesa.» Dersom det siste er eit viktig motiv, så har eg eit anna forslag. Det krev rettnok litt meir arbeid enn å invitera til klikk på facebook.
Kåre Glette, opprinneleg frå Sveio, er dr. philos og tidlegare førsteamanuensis ved Høgskolen i Vestfold. I 2009 gav han ut «Vestfolds litteraturhistorie 1000 – 2000». Liknande regionale litteraturoversiktar er også utgitt for m.a. Hedemark og for Nord Norge.
Ikkje interessert den gongen
Eg sende i si tid ein omtale av Glettes bok til Aftenbladet og spurde om det kunne vera ein ide å få til eit liknande verk i vårt fylke. Men kulturredaksjonen var ikkje interessert den gongen, ikkje av boka og ikkje av omtalen. Ei rogalandsk litteraturhistorie trong ikkje vera så detaljert og omfangsrik som Glette si – han har med både skjønnlitteratur og sakprosa, barnelitteratur og krim, og forfattargalleriet spenner frå Dag Solstad, via Karin Fossum til barnetimeonkel Lauritz Johnson. Men ei oversiktleg bok med korte biografiar over forfattarar frå Rogaland og med korte omtalar av dei mest kjende bøkene deira, det kunne vel la seg gjera?
Vekker leselyst
Frå eiga erfaring veit eg at slike bøker også vekker leselyst. Det finst sjølvsagt mange som er i stand til å skriva ei slik bok. Dei nærmaste til å gjera det ville jo vera medlemmer i juryen som plukka ut dei 50 «beste» rogalandsbøkene. For dei må nødvendigvis ha inngåande kjennskap både til dei bøkene dei har ført opp på lista si, og ikkje minst dei som ikkje blei funne verdige til det.
Ideen blir gitt på nytt, og den er gratis! (Eit slikt verk er det ikkje gjort på fire sommarmånader. Konkurransen til Aftenbladet skal avgjerast i september.)
Odveig Klyve: Tidenes rogalandsbok – leik eller alvor?
– Knusande og uetisk bok-kåring
Hvem er favoritten din? Kielland? Renberg? Noen helt andre?
Ny kåring børster støv av lokale forfattere
Stem på tidenes rogalandsbok
Tidenes rogalandsbok
- KULTUR
Endelig – i dag får vi vite hvilken bok som er Tidenes rogalandsbok
- KULTUR
Siste frist: Stem på Tidenes rogalandsbok
- KULTUR
Tidenes rogalandsbok: Winters vittige alvor
- KULTUR
Tidenes rogalandsbok: Renbergs glade tragedie
- KULTUR
Romanen som stakk seg ut frå alt mylderet
- KULTUR
Tidenes rogalandsbok: Rapport frå år 2480