Dronedrap og prestestyre – korleis religiøse minoritetar igjen er i fare

KRONIKK: Det krigerske spelet mellom Iran og USA er farleg både for regionen og dei religiøse minoritetane som vart jaga og jamvel forsøkt utrydda av IS i Irak.

Publisert: Publisert:

«Skal kristne, jesidiar og andre IS-offer bli inkluderte i eit nytt og fredeleg Irak, må det bli like borgarrettar for alle, noko heilt anna enn det systemet Iran manipulerer for at skal overleva», skriv Johannes Morken. Her ber ei jesidijente på flukt i eit jesidi-gudshus under IS-utreinskingane i 2014. Foto: Ahmed Jadallah, Reuters/NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Johannes Morken
    Redaktør i Stefanusalliansen

Alle krefter må no brukast for å hindra ny krig eller nye krigar etter at USA drap Iraks mest kjende general, Qasem Soleimani.

Les også

Svartkledd folkehav tok farvel med general Soleimani

USAs feilgrep i Midtausten er mange, inkludert invasjonen i Irak i 2003. Vi fekk borgarkrig. Sunnimuslimar vart pressa til sides, det vart ei djup misnøye som IS kunne fyra opp under.

Men Iran, og ikkje minst general Soleimani, har også eit djupt ansvar. Det var, som kommentatoren Thomas L. Friedman påviser i The New York Times, nettopp Soleimani og Quds-styrken hans som pressa den sjiamuslimske regjeringa i Irak til å skvisa sunnimuslimane ut av regjeringa og gjera Irak til ein sjia-styrt stat, med sunnimuslimske IS som motreaksjon.

  • Store Norske leksikon om sunniislam og sjiiaislam

Det var ein amerikansk, fjernstyrt drone av typen Reaper som fyrte av rakettene som drap general Qasem Soleimani utanfor Bagdad i Irak 3. januar 2019. Foto: Efren Lopez, U.S. Air Force/Reuters/NTB scanpix

Opprydding på Ain al-Asad-flybasen etter det iranske rakettangrepet som hemn for drapet på general Soleimani 13. januar 2019. 11. amerikanske soldatar vart skadde i angrepet. Foto: Qassim Abdul-Zahra / AP

Iransk infiltrering

Iran har etterpå gjort sitt for å nedkjempa IS i Irak. I dag er USA i Irak for å hindra at bestialske IS på nytt får fotfeste. Det er tydeleg at Soleimani har ønskt å provosera fram irakisk motstand mot USA-styrkane, slik at Iran friare kunne halda fram dikteringa av irakisk politikk.

Irans aukande infiltrering i Irak er eit farleg problem. Soleimani vart, då han kom til Irak den dagen han vart drepen, nettopp teken imot av ein leiar for ein irakisk milits som Iran finansierer og støttar.

På Ninive-sletta nord i Irak, der ikkje minst kristne prøver å koma til hektene etter IS-bestialiteten, er Irans støtte til lokale sjiamuslimske krefter ein trussel. I nokre landsbyar kjenner kristne seg pressa ut nettopp av Irans sjiamuslimske støttespelarar. Irans diktering av den nasjonale politikken i Irak har skapt eit folkeleg raseri som viste seg i dei store demonstrasjonane som har rasa sidan i haust. Unge og kvinner har stått opp mot sekterisk vanstyre og korrupsjon – og mot Irans infiltrering.

Den sjiadominerte irakiske regjeringa har, med hjelp av paramilitære styrkar, svart med å drepa hundrevis av fredelege demonstrantar. Dei unge har protestert mot at partia i Irak deler makt etter sekteriske skiljeliner. Systemet skaper ikkje demokrati og framtid for vanlege irakarar – og det knuser religiøse minoritetar.

Modig protest

Ein av dei som har våga å støtta demonstrantane i Irak, er sjeik Ali al-Sistani. Han er den øvste sjiamuslimske autoriteten, ikkje berre i Irak. al-Sistani har støtta kampen mot sekterismen. Han vil heller ikkje blanda stat og religion. Slik har al-Sistani modig kome på kant med Iran som gjer sjiaislam til den høgaste autoriteten i statsstyret.

Skal kristne, jesidiar og andre IS-offer bli inkluderte i eit nytt og fredeleg Irak, må det bli like borgarrettar for alle, noko heilt anna enn det systemet Iran manipulerer for at skal overleva. Angrepet på den amerikanske ambassaden i Bagdad, hovudstaden i Irak, var dessutan utført av dei iransk-støtta militsfolka som general Soleimani støtta.

Tryglar om hjelp

Det irakiske parlamentet vil no kasta ut USA-styrkane. Men mange i Irak jublar ikkje for kravet, som vil vera ein stor siger for Soleimani. «Det vil ikkje vera i Iraks interesse å kasta ut dei amerikanske styrkane no, særleg ikkje for dei religiøse minoritetane», seier ein leiande jesidi-aktivist til meg.

Dr. Naghan Hasan er jesidi og gynekolog i den kurdiske regionen i nord. Ho har i over fem år brukt all si tid på å hjelpa jesidi-kvinner som overlevde IS-slaveriet. Ho tryglar om meir hjelp utanfrå. Legen er uroleg for spreiinga av islamisme, og ho veit at dei religiøse minoritetane vil bli dei fremste offera når tryggingssituasjonen blir forverra.

Hjernen bak

Soleimani har vore hjernen bak at Iran har fått ei sterk hand i Libanon. Han har støtta Syrias Basher al-Assad som har sikra makta ved å slakta ned sine eigne. Generalen har også støtta ein grufull milits i Jemen.

I Iran har store skarar sidan i haust teke til gatene i protest mot regimet. Tryggingsstyrkar har drepe hundrevis. Båra til Soleimani har ført endå større skarar ut i gatene. Mega-hyllesta er ei lekse for USA, og vi ventar i frykt på neste trekk. Vi fryktar også for kva Iran vil gjera med konvertittar – som ofte grunnlaust vert stempla som «agentar» for USA.

Så veit vi ikkje kva som vil skje når dette ein dag måtte ha lagt seg. Mange som har protestert mot regimet i Iran, og som no kanskje også deltek i protestane mot det amerikanske dronedrapet, vil kanskje, utan at vi får høyra det, framleis kritisera prestestyret og kanskje tenkja at «den islamske revolusjonen» har kasta bort store ressursar på militære ambisjonar, framfor å byggja landet. Det flotte iranske folket lever i eit hata land.

Sunnimuslimsk eksport

No er det ingen grunn til å rosa fiendane til Iran heller. Saudi-Arabia har eksportert sunnimuslimsk fundamentalisme og terror og likevel blitt alliert med USA – på grunn av motstanden mot Iran.

Vi som trur på fred, trusfridom og like borgarrettar for alle, fryktar både sekterisk maktspel og dronedrap. Vi ber og håpar at det blir diplomati og ikkje krig – og at dei unge fredskreftene kan få plass i gatene igjen, utan å bli meia ned av iranske eller iransk-støtta styrkar.

Les også

Kronikk: «Irans persiske arv er stor og tung»

Les også

Aftenbladet på lederplass: «Trumps fadese i Iran»

Les også

Krisen mellom USA og Iran, et overblikk


  • Les også:

Milkshake-pause utenfor eit kjøpesenter i Teheran. Foto: Vahid Salemi, AP/NTB scanpix


Publisert:

Les også

  1. – Ekstremistar mishandlar og valdtek kvinner for å øydeleggja religiøse minoritetar

  2. Johannes Morken: «I Mar Mattai-klosteret i Nord-Irak fryktar dei at IS slår til på nytt»

  3. – Møtet med IS-uhyret

Mest lest akkurat nå

  1. Slik blir Bussveien fra sentrum til Mosvatnet

  2. Politiet dro inn 231.000 kroner for ulovlig kjøring i Lindeveien

  3. SUS og Sandnes kommune begikk en rekke lovbrudd da pasient døde

  4. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  5. Knalltøffe tak for økonomien i Sandnes - fredag blir det alvor

  6. Geir Zahl gir tilbake sparepengene fra Kaizers

  1. Iran
  2. Irak
  3. Religionsfrihet
  4. Religion
  5. Midtøsten