Høgre sin nye oljepopulisme tåkelegg

DEBATT: Medan dei grøne partia samlar historisk høg støtte, både her heime og ute i Europa, satsar Høgre på å vinne valet med oljepopulisme. Slik sviktar dei rolla som styringsparti.

Publisert: Publisert:

Dei store oljeselskapa sine aksjar slit, og landa rundt oss kuttar i klimautsleppa. I Norge aukar utsleppa, og Høgre held eit jamt trykk på sine populistiske, oljevennlege utspel, ofte krydra med pompøse ord og vendingar som «masseledighet» og «økonomisk ruin». Foto: Kåre Eikeland

Debattinnlegg

  • Wenche Skorge
    Styremedlem i Naturvernforbundet, listekandidat for Stavanger Ap
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Denne sommaren har varmerekordane falle i land etter land. Byar og provinsar over heile verda, og endå nokre nasjonar, har erklært klimakrise. Den britiske avisa The Guardian tilrår nå bruk av ordet «krise» heller enn «klimaendringar».

Andre tek signala

Her heime vegrar me oss framleis mot å ta inn over oss alvoret. Norge er mellom dei landa i Europa som slit med å få ned utsleppa. Klimalova slår fast at utsleppa skal reduserast med 40 prosent innan 2030, men like fullt steig utsleppa i fjor. Sverige har kutta med meir enn 25 prosent sidan 1990, snittet i EU er om lag 20 prosent.

Det hastar med omstilling, både i hovuda våre og ute i den fysiske verda. For det første må møte eigne lovkrav og oppfylle inngåtte avtalar. For det andre må sikre at det grøne skiftet faktisk skjer slik at nye arbeidsplassar blir fasa inn og er klare før det neste oljekrakket.

For det kjem før eller seinare, og sannsynlegvis lenge før Stavanger Høgre og dei blå-blå gir inntrykk av. Eit par eksempel frå dei siste vekene: Ein av verdas største fondsforvaltarar, BlackRock, får grundig juling av ei amerikansk tankesmie for å ha kasta bort 90 milliardar dollar av investorane sine pengar på oljeaksjar. Tre kvart av tapa var knytte til ExxonMobil, Chevron, Shell og BP, som alle har hatt dårleg kursutvikling det siste tiåret.

Samstundes blir oljebransjen pressa av rask innovasjon i fornybarnæringa. Tesla presenterte for kort tid sidan eit nytt megabatteri til bruk i kraftbransjen. Denne teknologien kjem til å bli ein direkte konkurrent til naturgass fordi batteriet kan lagre store mengder straum over forholdsvis lang tid. Det er med andre ord slett ikkje sikkert at gassen, vår trøyst og vår von hittil, kan sikre eit langt liv for norsk sokkel.

Ap + Høyre

Slik er bakteppet. På dette grunnlaget burde dei to styringspartia Ap og Høgre kunne gå saman og i fellesskap forme ein ansvarleg og framtidsretta energi- og klimapolitikk, – slik dei har gjort før, ikkje berre innanfor oljepolitikken, men også på andre viktige felt som utanriks- og forsvarspolitikken.

Nå skal det seiast at verken Ap eller Høgre har vore særleg på hogget i klimapolitikken hittil. Men verda er i endring. Ap er i ferd med å innsjå at Lofoten, Vesterålen og Senja bør få ligge i fred. Enkelte i partiet er også opne for å diskutere leiterefusjonsordninga og andre rammevilkår for olja.

Viss Høgre prioriterer klima og miljø, slik dei seier i festtalane, burde desse bevegelsane innan Ap vore eit kjærkome høve til å gå hovudkonkurrenten i møte. I beste fall kunne resultatet blitt både raske utsleppskutt, kraftfull grøn omstilling samt gunstige og stabile rammevilkår for det fornybare næringslivet.

Men tvert om har Høgre på Vestlandet og i Stavanger vald ei populistisk linje der dei frir til publikum med lovnader om status quo og gullkanta oljejobbar herfrå til æva. Dei freistar å svekke truverda til Ap i spørsmålet om arbeidsplassar og verdiskaping. Metoden er å bruke oljeindustrien sine eigne talepunkt med trugsmål om arbeidsløyse og svekka velferd som kronargumenter. Ap blir skulda for «glideflukt» og «drastiske linjeskift».

Les også

Høyre vil kjempe for oljejobbene: Hvis vi ikke passer litt på, så kan vi fort bli litt «sørlandsby»

«Tåkeleggende retorikk»

Forfattarane Anne Karin Sæther og Aage Borchgrevink har nyleg skrive ein artikkelserie om klimafornekting i Norge på oppdrag frå tankesmia Agenda. Her tek dei mellom anna opp klimafornektinga i oljenæringa og utbreiinga av klimaskepsis på høgresida i norsk politikk. Interessant nok viser det seg at ikkje berre Frp, men også Høgre rommar ein stor del såkalla skeptikarar.

Det handlar ikkje om regelrett avvising av vitskapen, men om «en tåkeleggende retorikk som brukes for å rettferdiggjøre egen virksomhet, og skape uvilje mot klimatiltak som kan ramme fossil energi», skriv forfattarane mellom anna.

Høgre har sidan i vinter halde eit jamt trykk på sine populistiske, oljevennlege utspel, ofte krydra med pompøse ord og vendingar som «masseledighet» og «økonomisk ruin». Førebels siste oppslag handlar om at Høgre har som mål å sikre Stavanger rolla som energihovudstad samt å skaffe nye oljehovudkontor til byen.

Ambisjonen om nye oljekontor er stussleg. Dei gamle gigantane innan oljeindustrien som ExxonMobil og Total, sel seg ut eller trappar ned i Norge fordi dei er for store til å ete smular, som dei sjølv formulerer det. Dei små som kjem inn i staden, har spesialisert seg på nettopp smuleeting, og har som oftast avgrensa industriell og finansiell kapasitet. Det dei representerer er ei avslutning, ikkje ein begynnelse.

Rolla som energihovudstad bør me prøve å halde på. Men det kan bli krevjande om ikkje Høgre klarer å flytte blikket frå bakspeilet til vegen framføre.

Les også

Equinors klare tale: Sats på havvind nå, ellers kan det være for sent

Les også

Dobbelt så mye utslipp fra Equinors nye tungolje-gigant


Publisert:

Les også

  1. – Hytteturene snakker man ikke om, de er tryllet bort

  2. – Beretningen om tapte tiår for elbusser og omstilling

  3. Harald N. Røstvik: «Stavangers klimaplan: Hvem står ansvarlig om 12 år? Hva med tiltak og penger? Og hva med vedovnene?»

  4. Erna Solberg åpner for å skrote omstridt vindkraftplan

Mest lest akkurat nå

  1. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  2. Leteaksjon etter mann (40) i Sirdal

  3. Tøft i restaurantbransjen: – Viktig å bevare optimismen

  4. Sigrid Sollund blir kjempeengstelig hver gang sjefen ber om et møte. Det er hun ikke alene om

  5. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  6. Bil begynte å brenne under kjøring på fylkesvei 44

  1. Klimapolitikk
  2. Olje og gass
  3. Høyre (H)
  4. Kommunevalg 2019
  5. Klimautslipp