Kvifor går det så seint i klima­politikken?

KRONIKK: Kan alt det unormale pandemien har skapt i tilværet vårt gjere oss betre i stand til å ta inn over oss de som må til i klimakrisa?

Grunnleggande har vi menneske ein ibuande motvilje mot store endringar, vi er låste i faste mønster og automatiske reaksjonar. Det er ingen fordel når situasjonen krev de motsette.

Debattinnlegg

  • Svein Åge K. Johnsen
    Førsteamanuensis, Institutt for psykologi, Høgskolen i Innlandet
  • Sylvelin Foldøy
    Stipendiat, Norsk hotellhøgskole, UiS
Publisert: Publisert:

Nokre ting går seint, andre ting går fort. Vi har ein internasjonal klimaavtale som det tok lang tid å meisla ut og få vedteke. Dersom vi reknar Kyoto-protokollen som ein start, kom denne på plass i 1997. Kanskje er det like naturleg å tenke på FNs rammeverk frå Rio i 1992 som starten. Uansett, på tampen av 2015 fekk vi Paris-avtalen. Enkelte spør seg nok om kvifor dette arbeidet måtte ta heile 23 år.

Spolar vi fram til 2021 har vi brei einigheit i Norge om eit klimaforlik, og bra er det, kan vi kanskje tenke. Forliket vart vedteke i 2008 og 2012. Meir enn 10 år seinare strever politikarane framleis med å få fotfeste i terrenget. For det kan bli vanskeleg å nå alle måla vi har sett.

Ei stor utfordring

I februar i år kom ein rapport frå FNs miljøprogram som seier at vi treng gjennomgripande samfunnsendringar for å løyse miljøproblema våre.

Tidlegare har det vore tendensar til at ansvarlege i næringslivet, politikarar og enkeltmenneske har venta på kvarandre. Eit klassisk «ventespel». Vi har stått på midtbanen, sendt ballen mellom oss og venta på initiativ. Kanskje har vi vore redde for å gå for fort fram. Kanskje fordi vi er redde for å angre på noko. Sidan klimaendringane skjer så sakte at ein knapt merker det, er det mogleg at forma på dette problemet gir ei oppleving av at det kan vere lurt å vente – litt til, før ein tar drastiske avgjerder. Kanskje i alle fall til etter valet. For det har vel ikkje så store følgjer?

Psykologien

På individnivå har vi fleire prosessar som bidreg til tregleik. I situasjonar der vi skal velje mellom ulike alternativ og ta avgjerder, kan det oppstå såkalla «status quo bias». Det inneber mellom anna ei preferanse for alternativ som ikkje fører til endring. Eller vi kan føretrekke å ikkje gjere noko. Usikkerheit er ein faktor her, ein annan faktor er forventa anger. Dersom vi forventar å angre på noko, kan det vere vi får ei preferanse for å vente litt. Som bidreg til tregleik i prosessen. Det kostar lite å ikkje gjere noko, og det har sjeldan konsekvensar.

Ramma rundt ein situasjon er viktig/førande for utfallet fordi den påverkar kva for briller ein har på seg, korleis ein les situasjonen, og kva som er målet. Forhandling er ei slik ramme. I ei forhandling har vi forventningar om å gje og få, og komme fram til eit forlik der alle partar kan seie seg middels til heilt fornøgde. Enkelte gonger handlar det kanskje til og med om at nokon skal tape. Poenget her er ikkje knytt til handlinga i seg sjølv, men at forhandling kan ta tid. Dette bidreg til auka tregleik. I ein sterk situasjon er forventningar til situasjonen så sett, at rammene kan vere meir definerande enn personane som er i den. Forhandling i politikken er ei sterk ramme, som fremjar strategisk interaksjon.

Korleis få til noko

For nokre år sidan var det ein politikar som spurte ein av oss: Kvifor er det ingen som gjer noko med klimaproblemet? Spørsmålet er eit blindspor. Vi må spørje: Korleis kan vi få til ting? Korleis kan vi få ting til å gå fortare? Eit mogleg svar ligg i det å lage ulike støttesystem som bidreg til å redusere tregleiken.

Når det gjeld forhandlingar som vi ønsker skal gå fortare, kan eit slikt støttesystem til dømes framheve målet heller enn det strategiske perspektivet. Eller vi kan endre sjølve innramminga og korleis situasjonen blir oppfatta. Når det kjem til avgjersler kan det vere vi treng eit slags støttesystem som tek høgde for eigenskapar ved menneskeleg evne til å lære og endre oppfatningar (kognisjon) og dyttar oss ut av ibuande motvilje mot store endringar.

Det er lett å legge all skuld på politikarane. Ulike forhold kan gjere det vanskeleg å innføre klimapolitiske tiltak. I organisasjonar har vi rutinar, og på individnivå har vi vanar som kan bidra til tregleik. Vanar gjer at vi i grunnen ikkje vurderer ny informasjon til ein situasjon vi kjenner godt. Åtferda har blitt automatisert gjennom tallause repetisjonar, og det fungerer. Mange av våre daglege åtferder er vanar som ligg utanfor rammene for der vi tar aktive val basert på ny informasjon. Desse åtferdene er på ein måte immune mot endring, med mindre det skjer endringar i samanhengen som gjer at vanen ikkje fungerer som den bruker.

Vidare er det tendensar til at tiltak som eigentleg har brei støtte, likevel kan verke kontroversielle på grunn av sterke, kritiske røyster. Personangrep mot dei som går i front, er også ein trussel mot gjennomføring. Den stadig aukande lobbyismen kan også bidra til tregleik. Gjennom strategisk samvirke blir interesseorganisasjonar tvungne til å setja hardt mot hardt i eit polarisert debattklima.

Les også

Professor Morten Tønnessen: «Tiden da vekst kunne sees på som et mål i seg selv, er over»

Påverka av pandemien?

Det siste året har Innovasjon Norge har hatt ein klar auking i søknader, der ein stor del handlar om løysingar for berekraft. Kan det vera at pandemien har gjeve eit tilstrekkeleg avbrekk frå våre vanar og rutinar slik vi kunne løfte blikket, vera meir på ballen og testa ut noko nytt?

Kanskje treng vi nettopp meir av dette, meir rom for uttesting og for å gjere noko sjølv om vi kanskje kan ta feil. Meir fridom til å løyse problema. Alternativet er å vente og sjå.

Publisert:
  1. Psykologi
  2. Klimaendringer
  3. Koronaviruset
  4. Omstilling

Mest lest akkurat nå

  1. Her sto det en hytte. Så forsvant landskapet rundt, bit for bit. Nå får eieren ikke bygge den opp igjen

  2. Så deilig, så deilig

  3. To tenåringer og den enes stefar tiltalt for grov kroppsskade

  4. – Setter en helt ny standard for denne typen produksjoner i Norge

  5. - Jeg begriper ikke det evinnelige maset om hvor mange statsråder som skal komme fra Rogaland

  6. Her starter Stangeland Maskin arbeidet med ny E39 gjennom Lyngdal