Ei tapt moglegheit for jordbruket

DEBATT: Det å legge til rette for ei inntektsutvikling for jordbruket er viktig for regjeringa, og det har vore viktig for KrF lenge.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad på landbruksmøte på Varhaug i 2020. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Olaug Bollestad
    Landbruks- og matminister (KrF)
Publisert: Publisert:

Norsk jordbruk og matproduksjon er den største fastlandsnæringa vi har, og er heilt avgjerande for sikker og trygg matforsyning og for aktivitet og busetjing i heile landet. Vi har ei unik ordning i Noreg. Norsk jordbruk har rett til å forhandle med staten om rammevilkåra for matproduksjon i landet vårt.

I jordbruksforhandlingane blir det diskutert både totalrammer og konkret innretning på verkemidla. Eg ønskjer å legge til rette for eit aktivt og framtidsretta landbruk over heile landet, med eit mangfald av små og store bruk, og der vi bruker ressursane våre rett for å produsere sunn og trygg mat. I jordbruksforhandlingane diskuterer vi akkurat korleis vi får til dette. Staten og jordbruket kan saman finne løysingar på vegen vidare.

Korleis avtalen kunne ha blitt, får vi aldri vite.
Les også

Jordbruksoppgjøret: Full kamp mellom bøndene, småbrukerne med tungt skyts mot Bondelaget

Les også

Bondelaget: – Ikke framdrift i forhandlingene

Viktigare å «seie ifrå»

I år valde jordbruket å avvise forhandlingar før dei hadde kome i gang. KrF har alltid stilt opp for denne samfunnskritiske næringa, både i og utanfor regjering. Vi ville ha gjort det igjen, dersom organisasjonane i jordbruket hadde sett seg til forhandlingsbordet. I år meinte nokon det var viktigare å «seie ifrå» og «setje foten ned» enn å oppnå faktiske resultat. Det er ei tapt moglegheit for jordbruket.

Det å legge til rette for ei inntektsutvikling for jordbruket er viktig for regjeringa, og det har vore viktig for KrF lenge. Under regjeringa Solberg er inntektsforskjellane mellom jordbruket og lønnsmottakarar redusert, både i prosent og i faktiske kroner. I 2019 signerte både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag jordbruksavtale der vi la til rette for ein like stor inntektsvekst for jordbruket som for andre grupper i samfunnet.

I år var det kronemessig lik utvikling som var startpunktet for forhandlingane. Det er eit sjeldan syn i jordbruksoppgjera, og eit tydeleg signal om at i år ønskte vi å få til ein merkbar reduksjon av inntektsforskjellane mot andre grupper. Ein avtale ville ha redusert inntektsgapet, men først måtte forhandlingane ha kome i gang. I tillegg vart det gjort klart at staten var villig til å gå i forhandlingar om alle element som ligg innanfor jordbruksavtalen.

Forhandlingar kunne òg ha enda i brot, og då ville jordbruket ha visst kva dei sa nei til. Det gjer dei ikkje i år. Mange bønder opplever at dei ikkje kjenner seg igjen i talgrunnlaget for forhandlingane. Derfor foreslo staten i opningstilbodet å setje ned eit utval som skal sjå på talgrunnlaget før framtidige jordbruksoppgjer.

Levande jordbruk

Når forhandlingar ikkje starta, vil regjeringa gå til Stortinget med ein proposisjon basert på tilbodet frå staten. Regjeringa var klar til å forhandle vidare med det som utgangspunkt, og saman med jordbruket bli samde om ein god avtale. Korleis avtalen kunne ha blitt, får vi aldri vite. Men eg og KrF vil fortsetje å jobbe for eit levande landbruk i heile landet også i tida framover.

Les også

  1. Traktorer fra land og strand inntok Karl Johan. Dette er tallene som skapte Bonde­opprøret

  2. Forsker fikk seg en overraskelse da han sjekket hvilken regjering som tilbyr mest til bøndene

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Sju nye smittetilfeller på Nord-Jæren

  2. Båt på land ved Sør-Hidle i natt

  3. Trafikkulykke i Austråttbakken

  4. Stort amerikansk band bruker Kjerag som hovedmotiv på nytt album

  5. At noen skriver noe på internett, betyr ikke at det er sant

  6. Populær is skaper ny kald krig i Israel