Kven skal få straumen vår?

KRONIKK: Skal krafta vår tena ein fri EU-marknad eller norsk, grøn industribygging?

Frå legginga av den over 500 km lange kraftkabelen NordLink frå Tonstad i Sirdal til Wilster i Nord-Tyskland på botnen av Nordsjøen. Den har kapasitet på 1400 MW. Den vart teken i bruk i desember 2020, prøveperioden var over i mars i 2021.

Debattinnlegg

  • Jan Haugen
    Leiar, Industriaksjonen
  • Ingrid Fiskaa
    Førstekandidat for SV i Rogaland
Publisert: Publisert:

I vinter, vår og sommar har kraftprisen nådd rekordhøge nivå. Likevel eksporterte Noreg store mengder kraft i 2. kvartal. I retur har me fått konstruert mangel på kraft og endå høgare prisar. Dei siste sommarvekene har prisen til og med stige langt over 1kr/Kwh, utanom avgifter.

Bekymringsmeldingane frå industrien lar ikkje venta på seg. Nå protesterer til og med Kverneland plogfabrikk, sjølv utan å vera kraftkrevjande i same grad som Hydro Karmøy og Eramet i Sauda.

NVE forklarer auken med den tette tilknytinga vår til Europas kraftmarknad og dei høge kraftprisane der som følgje av auka CO₂-avgift. At eit land med stort overskot av fornybar kraft har kome dit, er inga naturlov, men konsekvensen av politiske val. Det har ikkje mangla på åtvaringar, som Acer-opprøret viste.

Folket, industrien, Industriaksjonen og SV forstår kor viktig kontroll med krafta er.

Stolt historie

Norsk industrihistorie er ei historie om korleis landets rike vassressursar blei omdanna til kraft og mobilisert til industriell foredling av råvarer. Framsynte folkevalde industribyggarar stod opp mot utanlandsk kapital, og sikra nasjonal kontroll med krafta gjennom konsesjonar, eigarskap og heimfallsrett. Hovudverktøyet i industrikraftregimet har vore låge og føreseielege kraftprisar, og tiltak som redusert el-avgift, redusert nettleige og CO₂-kompensasjon.

I sum har det lagt grunnlaget for ein verdsleiande prosessindustri som sysselset titusen og eksporterer metall for langt over 100 milliardar i året. Kontroll med krafta, og ikkje minst kraftprisen, er vilkåret for ei rekke hjørnesteinsbedrifter i lokalsamfunn langs kysten og inst i fjordane.

Å overgi denne kontrollen til EU-marknaden stiller dei overfor ei eksistensiell krise.

Overnasjonal innblanding

Nyliberal marknadslogikk har vore førande sidan energilova på tidleg 1990-tal etablerte ein nasjonal kraftmarknad. Samfunnsoppdraget til kraftprodusentane blei radikalt endra; frå å skaffa rimeleg kraft til folket og industrien til å skaffa forteneste på botnlinja. Etter kvart fekk me ein nordisk kraftbørs. Krafta skulle bli ei kommersielt omsetteleg vare i ein stadig friare og stadig større marknad.

Nå står EUs 4. energimarknadspakke for døra, med kimen til ei overnasjonal innblanding som viskar ut sjølve ideen om ein demokratisk styrt kraftpolitikk. EU vil etablere ein gigantisk marknad utan barrierar, med lik kraftpris overalt. Norske naturgitte fortrinn kokar vekk i den store gryta.

Fleire utanlandskabler har vore den fysiske føresetnaden – energilov, Kraftbørsen, Acer og EU-reguleringa dei politiske og juridiske vilkåra.

Den kommersielle logikken

«Eg er lei av låge straumprisar», sa dåverande olje- og energiminister Tord Lien frå Frp då han i 2014 argumenterte for – og innvilga – konsesjon til kablane til Tyskland og England. Kraftbransjen jubla. Kommersielle kraftselskap vil selja mest mogleg kraft til høgast mogleg pris, stikk i strid med industriens, naturens og forbrukarane sine interesser.

I staden for å utnytta eit enormt potensial innan energieffektivisering, 40 TWh berre i norske bygg, har me fått ein øydeleggande vindkraft-boom. Me har ofra mykje gjennom rasering av urørt natur og beiteområde, overkøyring av lokalsamfunn, sosial dumping, skjult eigarskap og skattetriksing via skatteparadis – og alt dette utan eit einaste krav om norsk industriutvikling.

Det er ingenting grønt i å rasera naturen og samtidig bygga ned ein god samfunnsmodell. Vindkraft-lobbyen i Norwea har likevel utført eit såpass imponerande politisk handverk med å framstilla det som grønt, at påverkingsbyrået First House handplukka den mangeårige direktøren deira.

Subsidiar til vindkraft i form av grøne sertifikat har ført til forhasta utbyggingar. Me bør heller subsidiera energieffektivisering, for eksempel gjennom «kvite sertifikat», som i motsetning til store vindkraftanlegg skånar naturen. Det vil vera rett stad å starta i eit grønt skifte.

Ny mega-kunde

Kraftseljarane er på si side ikkje tente med effektivisering, dei vil selja mest mogleg. Av same grunn ivrar dei nå for endå eit samfunnsmessig feilslått prosjekt: Å elektrifisera sokkelen med kraft frå land. Aukande CO₂-avgifter og krav om å redusera eigne utslepp gjer at oljeselskapa er med. Kraftbransjen får ein ny pengesterk megakunde.

Priseffekten av at kraftoverskotet blir sendt til Nordsjøen er det ingen grunn til å tvila på. Annan elektrifisering vil bli dyrare, og det kan bli kritisk for prosessindustrien. Vindkraftselskapa tar imot lissepasninga med begeistring: «Industrien treng oss.» Regjeringa ser ut til å villa opna alle dørene dei peikar på.

Men nå kan folket endra kursen.

Stortingsmeldinga «Energi til arbeid» skal behandlast av eit nytt Storting etter valet. Jo fleire som støttar industrien og naturen, jo fleire som forsvarer demokratisk råderett over naturressursar og jo fleire som seier nei til Acer og EUs fjerde energimarknadspakke; jo større sjansar har me til å lykkast med ei omstilling som faktisk er grøn og som bygger ny industri utan å rasera den me allereie har.

Demokratisk, nasjonal kontroll med krafta og kraftprisen vil bli heilt avgjerande. Det er Industriaksjonen og SV einige om å kjempa for.

Publisert:

Valg 2021 - diverse

  1. Hvem er fri i sine truser?

  2. – Feil om unges representasjon og stemmegivning

  3. – Vil vi ha Forskjells-Norge?

  4. – Mer skatter og avgifter med Solberg-regjeringen

  5. – Ønsker du endring, må du stemme på noe nytt

  6. – Satser på å utvikle gode lokalsamfunn over hele landet

  1. Valg 2021 - diverse
  2. Sosialistisk Venstreparti (SV)
  3. Industri
  4. Kraftproduksjon
  5. Strømpriser