Kyrkjefolk som ikkje vender tilbake

KRONIKK: Vil norske kyrkjelydar bli overraska over kor mange som ikkje vender tilbake til gudstenester etter pandemien?

Julegudstenester blir nok godt besøkte i framtida òg, men kva med vanlege søndagar etter pandemien? Vil dei «kule», digitale gudstenestene på nettet trugea dei lokale kyrkjene?

Debattinnlegg

  • Johannes Morken
    Johannes Morken
    Redaktør i Stefanusalliansen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er 30 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Ved inngangen til haustsemesteret 2021 har mange norske kyrkjelydar vendt tilbake til vanleg drift – med varierande avstandsreglar og handsprit i våpenhuset.

Men det er ikkje berre å oppdatera semesterprogrammet frå hausten 2019. Halvtanna år med unntakstilstand er lenge. Mykje blir sikkert bra igjen. Men mangt blir garantert ikkje som før.

Bratt læringskurve

Pandemien tvinga kyrkjestabar til å spreia digitale gudstenester på Facebook og YouTube. Læringskurva var bratt. I den første fasen oppdaga dei at dei nådde langt fleire på denne måten.

Men digitale gudstenester kan ha gjort banda til den lokale kyrkja svakare. Gudstenester frå ressursrike kyrkjer andre stader – med ein kjent pastor, eit proft kor og dyktige folk på kamera, lyd og lys – kan lett konkurrera ut den lokale presten.

Kyrkjelydar verda over kjempar med dette. Digitale gudstenester er komne for å bli, men dei er ikkje gode til å byggja lokale fellesskap.

Måtte ikkje mobilisera

Norske helsestyresmakter og velferdsstaten har, i global målestokk, handtert pandemien godt. Vi har aldri vore nær desperasjon og eksplosive dødstal. Kyrkja har ikkje måtta mobilisera alle sine krefter slik kyrkjer i til dømes i India måtte då pandemien slo til som ei dødsbølgje i vår.

Godt er det at Noreg ikkje var der. Men korleis har kyrkja lokalt klart å vera relevant der den meir bortgøymde nauda har herja – som einsemd og depresjon, blant eldre og innestengt ungdom?

Kyrkjelydane som har makta å følgja opp den stille nauda, har lært noko viktig for tida etter pandemien.

Dei som ikkje kom tilbake

Pew Research Center i USA gjorde alt i mars ei undersøking av i kva grad folk vende tilbake til gudstenestene då kyrkjene opna igjen.

Det er store skilnader mellom amerikansk og norsk kyrkjeliv og store skilnader i korleis pandemien vart handtert her og i USA. Men likevel: Eitt av funna var at halvparten av dei som før pandemien brukte å gå til gudsteneste, hadde kome tilbake på eit tidspunkt då tre fjerdedelar av kyrkjene igjen var opne.

Ei ikkje uvesentleg gruppe hadde ikkje vendt tilbake. Noko kan skuldast uro for ny smitte. Situasjonen kan vera annleis i dag, Pew har ikkje følgt opp. Og når snart alle her i landet over 12 år har fått tilbod om vaksine, er dagleglivet vesentleg endra.

Men kanskje vender mange aldri tilbake. Dei kan ha blitt vane med meir uforpliktande digitale tilbod. Eller dei har kopla seg frå kyrkjelivet totalt.

Kriser viser oss kva som er viktig. Både som samfunn og enkeltmenneske.

Ikkje ta fellesskap for gitt

Kva rolle spelar fellesskapet? Til det kjende og store amerikanske magasinet Christianity Today seier Collin Hansen i Redeemer Community Church i Birmingham, USA:

«Vi må på nytt læra folk opp i kvifor vi må ta oss bryet med å møtast. Eg trur pastorar tek dette for gitt […] dei kjem til å bli overraska over kor mange som ikkje hadde den visjonen frå starten av og som aldri vil koma tilbake når signalet kjem om at alt er klart igjen.»

Utfordringa er å få folk til å sjå at kyrkja treng involvering og ikkje tilbyr berre eit innhald vi kan forbruka kvar for oss. Dette problemet var, skriv Christianity Today, utbreidd lenge før pandemien.

Barna Group, som er eit amerikansk forskingssenter for trusliv, har funne at tredjeparten av praktiserande kristne droppa ut av kyrkja under pandemien.

«Gapet mellom kyrkje og samfunn vil berre bli større når vi byggjer opp at kyrkja etter pandemien», konstaterer David Kinnaman i Barna Group.

Det trur eg også kan gjelda norsk kyrkjeliv. Mange faktorar har gjort fellesskapet og rituala i kyrkja mindre viktige. Pandemien kan ha forsterka dette.

Utepils og kyrkjefellesskap

For å setja ein tanke på spissen: Er det eit vel så sterkt sug sjølv blant aktive kristne etter å drikka vin med gamle vener etter pandemien, samanlikna med å møtast ved nattverdsbordet?

I så fall peikar flasketuten tilbake på kyrkjefolket etter at styresmaktene la sterkare vekt på polkøen og utepilsen enn på gudstenestelivet då dei vedtok smittevern. Politisk handlekraft vert som kjent utløyst ikkje minst av det enkle prinsippet: Der det er lange køar, er det veljarar som ikkje må støytast bort.

Ser vi bort frå krigsåra, då kyrkjefolk boikotta gudstenester med NS-prestar, har norske kyrkjedører vore opne under alle kriser. Men så blei dei i fjor vinter stengde med politiske dekret. Det var dramatisk.

Eg har drøymt om at vi i denne unike krisa kunne leva oss meir inn i livet til kristne som til dagleg ikkje kan leva ut truslivet ope og fritt, som ikkje har vidopne kyrkjedører på torget.

At vi til dømes kunne lata oss inspirera av iranske huskyrkjer som prestestyret stemplar som ein fare for sjia-rikets tryggleik. For dei er trua og fellesskapet livsviktig.

Kjem vi tilbake? Eller viste pandemien for fleire enn før at fellesskapet i kyrkja ikkje er viktig for dei? Kva gjer biskopar og prestar og kyrkjestabar i så fall med det?

Les også

  1. Kirker fra middelalderen skal restaureres for over 350 millioner – fikk kun to millioner av staten

  2. Statsråd lover milli­arder til middel­alder­kirkene

  3. «Kirken har fått konkurranse fra fotballarenaen og rocke­konserten»

  4. Unge konservative i kirken føler seg i mindretall – nå lager de sitt eget nettverk

  5. Tre norske biskoper gir seg på få år

  6. Den norske kirke hentet fødselsmeldinger ulovlig

  7. Skrev i jobbsøknaden at han støtter homofil vigsel – tror det kostet ham muligheten til å komme til intervju

Publisert:

Korona-viruset

  1. Åpner for at uvaksinert helsepersonell kan omplasseres

  2. Korona påvirket søvnen vår – og vil fortsette å gjøre det

  3. Boris Johnsons koronapolitikk slaktes

  4. FHI: Risiko for økning i syke­hus­innleggelser

  5. Nakstad med hard skyts mot FHI i ny bok

  6. 60 personer blir vak­sinert dag­lig i vaksine­buss

  1. Korona-viruset
  2. Den norske kirke
  3. Digitalisering
  4. Kristendom