Donald Trump, fascismens triumf?

KRONIKK: Når ein ropar om fascisme, blir ein lett skulda for å ropa «ulv, ulv!» i utide. Men hugs kva som til slutt skjedde med guten som ropte «ulv, ulv!»! – Ulven kom.

Publisert: Publisert:

Utsnitt av offisielt portrettbilete av Donald Trump. Han blir presentert som den eine, sterke leiaren som veit kva som skal til for å berga landet. Foto: Det kvite hus

Debattinnlegg

  • Eirik Magnus Fuglestad
    PhD i sosiologi, master i nasjonalismestudiar
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Dersom ulven no er her, er det viktig at me i alle fall kjenner den når me ser den, og ikkje tek den for eit får, sjølv om den kan sjå slik ut. Det bør vera legitimt å spørja om Trump sin politikk kan kallast fascisme. Likskapane er for store til å la vera.

Fram til 1900-talet hadde det vore ei vedteken borgarleg sanning at kapitalisme og demokrati var uforeinlege.

Kapitalismens kriser

Fascisme kan sjåast på som produkt av kriser som oppstår innan kapitalismen. Slik var det i 1930-åra, og slik ser det ut til å vera no. Det finst parallellar mellom kapitalismen i 1930 og notida. Kapitalisme er historisk røyndom – eller «historisk kapitalisme», som Immanuel Wallerstein kalla det. Første halvdel av 1900-talet var ein viktig brytningsfase i denne historia, og det viktige her er tilhøvet mellom demokrati og kapital/eigedom, og den finansielle kollapsen i 1929.

Fram til 1900-talet hadde det vore ei vedteken borgarleg sanning at kapitalisme og demokrati var uforeinlege fordi demokratiet ville velta eigedomen og kapitalen. I 1920- og 30-åra sat denne sanninga framleis sterkt hjå dei gamle elitane. Samstundes såg dei at massepolitikken var på ustoppeleg frammarsj.

Den økonomiske krisa i 1929 sende deretter eit skot for baugen for den som trudde at økonomisk vekst var evigvarande. Det som likevel var endå viktigare, var at krisa presenterte ein økonomisk og sosial røyndom som både sameinte og splitta arbeidarar meir enn nokon gong før, samstundes som finans og kapital vart kraftig svekte.

I ein slik kult finst ikkje ny erkjenning; all kunnskap stammar frå den eine gamle sanninga som berre dei utvalde kan finna.

Som skapt for Trump

I dag har finanskrisa og globaliseringa skapt ei ny strukturell krise i kapitalismen: Den rådande orden misser legitimitet, arbeidarklassane både sameinast og splittast i forskjellige blokker, og kapitalen forskansar seg i frykt for demokratisk kontroll.

Enter Donald Trump!

Fascisme ikkje er først og fremst dødsleirar eller rasetenking, men ein måte å driva politikk på som oppstår under kriser innan kapitalismen. Fascismeforskaren Robert Paxton si forsking legg til dømes opp til ei slik forståing av fascisme. Men personlig har han nyleg sagt at han sjølv ikkje vil kalla Trump ein fascist. Eg trur likevel at Paxton i her blir for rigid i forståinga av fascisme, og låser den til det historiske.

I staden må ein prøva å sjå etter universelle teikn på fascisme. Forfattaren Umberto Eco har fremja nokre hovudpunkt for ei forståing av fascismen. Han peika på at fascisme er ein tradisjonskult som blandar i hop gamle motstridande sanningar. I ein slik kult finst ikkje ny erkjenning; all kunnskap stammar frå den eine gamle sanninga som berre dei utvalde kan finna. Høyrest ikkje dette ut som Trump sine mystiske, men klokkeklare svar på alt frå utanrikspolitikk til utdanning? Svar som han berre veit er sanne, fordi det berre er sånn.

Handling er noko vakkert og heroisk, og skal ikkje øydeleggjast av nitid kritisk refleksjon.

Oveflatisk kapitalismekritikk

Ein slik tradisjonskult grunnar i ein kritikk av moderniteten som tek form av kapitalismekritikk, men berre overflatisk. Her er Trumps frihandelkritikk og appell til arbeidarklassa på den eine sida talande, samstundes som han på den andre sida kuttar skatten til dei rike, reddar dei store selskapa og vil gjennomføra storstilt privatisering. Men fundamentalt går fascismen sin kritikk av det moderne ut på å kritisera opplysninga og rasjonaliteten. Finst det noko klarare døme på dette enn Trump sin såkalla post-faktuelle politikk, der fakta og fiksjon er like mykje verdt?

I staden for rasjonalitet har fascismen handling som mål. Handling er noko vakkert og heroisk, og skal ikkje øydeleggjast av nitid kritisk refleksjon. Nesten alt Trump vil gjera er døme på dette: Bygg mur! kaukar han, sei opp handelsavtalar! Han berre seier det og gjer det, utan å utgreia eller ta omsyn til kva konsekvensar det faktisk kan få. Ein slik filosofi toler sjølvsagt ikkje analytisk kritikk, men krev einskap og lydigheit. Trump avviser då også all dissens med rasistiske eller sjåvinistiske fornærmingar – nett som fascistane i 1930-åra skjelta ut alle som var usamde med dei.

  • Her er Twitter-raptusen onsdag morgon (15.2.2017):

Ein tvitrande messias for massane av desperate amerikanarar, ein brautande bulldog i forsvar for kapitalen og dei rike.

Strukturelle likskapar

Alt like etter den andre verdskrigen fremja dei marxistiske teoretikarane Theodor Adorno og Max Horkheimer tanken om at kapitalismen ikkje lenger trong fascismen slik den hadde sett ut under Hitler og Mussolini. Det totale massemediesamfunnet skapte nemleg ein mykje sterkare og meir subtil kontroll over individa enn det Hitler kunne ha drøymt om. Trump har ingen propagandaminister, men tvitrar i staden. Trump må sjåast i denne samanhengen – var han ikkje sjølv ein mediekonge, og er det ikkje det han framleis i grunnen det han er? Fascismen i han ligg i dette: ein tvitrande messias for massane av desperate amerikanarar, ein brautande bulldog i forsvar for kapitalen og dei rike. Om noko, er det dette som er fascisten Trump. Her er det ikkje snakk om ein blåkopi frå 1930-talet, men om strukturelle likskapar.

Kjenneteikna som er nemnde over er generelle, og Trump har ikkje noka fascistrørsle bak seg, som er eit av dei kanskje viktigaste kjenneteikna på fascisme. Trump har heller ikkje gjort noko som er utanfor dei lovlige rammene av det ein president kan gjera. Tida må visa om trumpismen er den moderne fascismen.

Minerva (visdommen) si ugle breier ut vengene og lettar først i kveldinga, skriv Hegel. Dette er ein anna måte å seia at me ikkje verkeleg kan forstå noko før det er over.

Les også

Trump visste om Flynns Russland-samtale i ukevis

Les også

Medier: Trump-ansatte hadde hyppig kontakt med russisk etterretning

Les også

Trump stoler blindt på svigersønnen

Les også

Trump-rådgiver anklages for brudd på etikkreglene


Tidlegare kronikkar frå Eirik Magnus Fuglestad:

Publisert:

Les også

  1. Er Trump tidsånda på hesterygg, eller vil han og meiningane hans liggja vonbrotne att på historia sin skraphaug?

  2. Kva skal me gjera med nasjonalismen?

  3. «Vi, folket»: Om behovet for ei ny nasjonsbygging i ei ny tid

Mest lest akkurat nå

  1. Ny rekord: 495 nye smittede siste døgn i Norge

  2. Slik blir Bussveien fra sentrum til Mosvatnet

  3. Trafikkulykke ved Godsterminalen på Ganddal

  4. Tenkte først «her kan vi jo ikke bo»: – Dette stedet, altså. Her har jeg funnet roen

  5. SUS og Sandnes kommune begikk en rekke lovbrudd da pasient døde

  6. Knalltøffe tak for økonomien i Sandnes - i dag blir det alvor

  1. Demokrati
  2. Globalisering
  3. Donald Trump
  4. Frykt
  5. Politikk