Hallgeir Langeland (SV): Lukka anlegg og sitatjuks frå Høgre
DEBATT: Trine Danielsen (H) kan ha hatt ein dårleg dag, då ho lét overskrifta bli det ho trudde ho hadde lese i leiaren i Aftenbladet 23. juni, og ikkje kva som faktisk stod der.
- Hallgeir H. LangelandTidligere stortingsrepresentant (SV)


Lesarbrevet hennar i Aftenbladet 4. juli (der ho òg signerte som medarbeidar i Blueplanet; red.anm.) blir slik eit merkeleg syn, og me kan lura på om det er bevisst herseteknikk til forsvar for at forureininga skal få fortsetta som før?
Dette stod i leiaren, som SV sin 1. kandidat Solfrid Lerbrekk og eg stør: «Fleire lukka anlegg, mindre bruk av antibiotika og å få bukt med lakselusa er noko av det som oppdrettarane må jobba mykje meir med på vegen mot ein verkeleg blå planet.»
Høgrepolitikaren gjer dette om til noko som ikkje står der, med sitattegn, av den same leiaren og skriv: «...fiskeoppdrett må på land, og at næringa må redusere antibiotika og kvitte seg med lakselusa.»
Dette er å jukse med sanninga, og når ho hersar me oss som er kritiske som kunnskapslause, har me i det minste klart å lesa og skriva det som faktisk står i leiaren. Det klarte ikkje ho.
Lukka anlegg noko anna enn landanlegg
Og så fortset ho med å argumentere for sitt eige feilsitat: «Det å produsere all laks på land (1,2 million tonn i 2016), krever enorme landareal.» Og vidare skriv ho: «Den dagen laksen skal produseres på land, vil ikke næringa ligge i Norge nødvendigvis, men heller nær markedet. Kineserne, europeere, russere og andre nasjoner ville glede seg om Norge gir opp fjordene. Norge ville tape store verdier og inntekter.»
Men altså har korkje leiaren i Aftenbladet eller SV foreslått at alle oppdrett skal på land. Kravet frå SV er lukka anlegg.
Store utslepp
Resten av innlegget er eit varmt forsvar for at forureininga skal få fortsetta som i dag. Innovasjon og ny teknologi er utan interesse. Ho meiner det er god miljøvenleg politikk at vi slepp ut dette årleg frå oppdretta:
- 208.800 tonn kloakk
- 83.000 tonn matrestar
- 26.300 nitrogen
- 39.940 fosfor
I tillegg lusemidlar og medisinar, som ingen er sikre på omfanget av.
Då er det berre eit spørsmål igjen til Trine Danielsen. Kvifor må ho feilsitera for å kunne forsvara at ingenting skal gjerast?
Igjen takk til Aftenbladet som tør sette eit kritisk lys på oppdrettsnæringa. Det treng ho, og imens rullar millionane inn på konto til eigerane, utan krav om tiltak og lukka anlegg, med Trine Danielsen si fulle støtte.