Når ytre høgre marsjerer

Halvfascistiske grupper marsjerer til støtte for Sylvi Listhaug, som ikkje tek avstand frå dei. Er dette greitt for statsministeren og Høgre?

Publisert: Publisert:

Morten Olsen (fremst med flagget og hanskar med knokevern) er kjend frå høgreekstreme Norfront. Han var vakt då rundt 140 deltakarar marsjerte frå Jernbanetorget til Stortinget til støtte for asylpolitikken til innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp). Det er ille at det ser ut som om Listhaug er nøgd med denne støtta, skriv Jarl Wåge. Foto: Fredrik Varfjell, Scanpix

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Lærar og skribent
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Dei to kvinnene bak støttemarkeringa for Sylvi Listhaug, Kaja Jakobsen (t.v,) og Margarita Bråten, tok initiativet via ei Facebook-gruppe. Foto: Fredrik Varfjell, Scanpix

Søndag 7. februar 2016 blei det arrangert demonstrasjon i Oslo til støtte for innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) og ein strengare asylpolitikk. Demonstrasjonen kom i stand etter eit initiativ på Facebook. Der inviterte to kvinner til massemønstring for å vise si støtte til ein minister som har måtta tole uhorvelege mengder med kritikk og motbør. No blei nok ikkje arrangementet akkurat den suksessen dei hadde sett føre seg. Berre 140 personar møtte opp framfor Stortinget.

Odins Soldatar, uniformerte med svarte hettegenserar, gjev straks assosiasjonar til liknande grupperingar i fascistiske Italia og nazistiske Tyskland på tjue- og trettitalet.

Grumsete brakgrunn

Den sjølvutnemnde leiaren for Pegida i Noreg, Max Hemansen, deltok og heldt ein appell under demonstrasjonen. Initiativtakarane hysja på han då han tok til å snakke om islam. Foto: Fredrik Varfjell, Scanpix

Og det var i sanning ei brokete forsamling. Blant deltakarane var Max Hermansen, sjølvutnemnd leiar for den norske utgåva av Pegida. Hermansen har markert seg som ein som vil ha alle muslimar ut av Noreg. Hans kjennemerke er fordomsfull generalisering kring våre nye landsmenn og ein ukritisk vilje til å skjære alle over ein kam. Han var ikkje berre deltakar, men ein av dei som heldt appell.Elles var det ytste høgre hjarteleg til stades for å vise sin sympati for og støtte til Sylvi Listhaug og hennar politikk. Ein av dei som opererte som demonstrasjonsvakt, var Morten Olsen. Han har, ifylgje Radikal Portal, hatt kontakt med Norfront, ei gruppe høgreekstreme aktivistar som òg har vore i politiet sitt søkelys. Ein annan deltakar, Steffen Hvalby, har vore styremedlem i Nye Nasjonal Samling. Namnet indikerer meir enn tydeleg kvar dei ligg i det politiske landskapet.

Sist, men ikkje minst, var representantar frå forholdsvis nyoppretta Odins Soldatar med og viste si støtte til integreringsministeren. Dette er ei borgarverngruppe organisert etter mønster av høgreekstreme Soldiers of Odin i Finland. Dei påstår at dei vil operere i ulike norske byar for å skape tryggleik (!) og oppretthalde ro og orden. Odins Soldatar, uniformerte med svarte hettegenserar, gjev straks assosiasjonar til liknande grupperingar i fascistiske Italia og nazistiske Tyskland på tjue— og trettitalet. Nemlig unge menn som organiserte seg, «uniformerte seg» og marsjerte i gatene (les Radikal Portals oppsummering her).

No har eg tråla media for å undersøkje om Listhaug har uttalt noko om at ho har så høg stjerne i høgreekstreme miljø.

I alt rundt 140 deltakarar var med i demonstrasjonen som gjekk frå Jernbanetorget til nedanfor Løvebakken ved Stortinget. Foto: Fredrik Varfjell, Scanpix

Tek imot støtta, utan å knyNokon lurer kanskje på kvar eg vil hen med denne keisame oppramsinga. Poenget er at vi plutseleg ser at dei relativt små, men aktive, høgreekstreme grupperingane i Noreg er blitt meir synlege og er ute og marsjerer i gatene igjen. Denne gongen for Sylvi Listhaug og innstramming i asylpolitikken. Ho har alltid hevda at ho likar å kalle ein spade for ein spade, og same kva vi elles måtte meine om henne, er ho aldri redd for å seie akkurat kva ho meiner i saker som engasjerer henne. No har eg tråla media for å undersøkje om Listhaug har uttalt noko om at ho har så høg stjerne i høgreekstreme miljø. Så langt har eg ikkje klart å finne eit einaste spadeutspel frå hennar side i denne saka.

For ei tid tilbake uttalte Listhaug at flyktningstraumen gjer henne redd for borna sine si framtid. Ei redsle ho sikkert deler med fleire andre og som vi må ta på alvor. Men det eg lurer på, er om Listhaug ikkje føler seg bitte litt uroleg over at Max Hermansen, fordomsfull og ihuga anti-islamist, gjev henne si fulle støtte. Gjev det henne ikkje ein aldri så liten ekkel smak i munnen å sjå ein person som har hatt tilknyting til ulike høgreekstreme grupperingar vere demonstrasjonsvakt i eit arrangement til støtte for henne? Set ho ikkje kaffien i halsen når styremedlem i Nye Nasjonal Samling held fana høgt for henne? Og ikkje minst, blir ho ikkje vitskremt for ungane sine si framtid når ho ser at unge menn tilslutta Odins Soldatar er på lag med henne? Talsmann for Odins Soldatar, Ronny Alte, har tidlegare vore aktiv i Norwegian Defence League. Berre det burde få Listhaug til å stusse.

Ho har rett og slett vore forunderleg stille.

Nøgd med støtta?

Nokon vil hevde at eg skrik «ulv, ulv!» når eg trekkjer parallellar mellom Odins Soldatar og fascistiske, paramilitære grupper i Italia på 1920-talet. Men der òg starta det i det små. Får denne organisasjonen utvikle seg i Noreg, vil vi bli nøydde til å ta han på alvor jo før jo heller.

Listhaug har ettertrykkeleg slått fast at ho foraktar godheitstyranni. Eg kan forsikre henne om at det tyranniet dei ønskjer, dei som no har vist henne si støtte, slett ikkje handlar om godheit.

Som sagt har ikkje Listhaug vore ute og kalla ein spade for ein spade i denne saka. Ho har rett og slett vore forunderleg stille. Det kan tyde på at ho ikkje har noko å innvende, at ho er såre fornøgd med støtta ho har fått.

Blir statsministeren redd for norske barn si framtid når ho ser Odins Soldatar marsjere i gatene som eit slags sjølvutnemnt reservepoliti?

Kva tenkjer Erna Solberg?

Difor må eg ta denne saka opp til eit høgare nivå og spørje kva Erna Solberg meiner. Det er ho som har utnemnt Listhaug til frontsoldat for regjeringa sin asylpolitikk. Det er òg Listhaug som må ta det meste av støyten når livet på fronten blir hardt og barskt og kritikken haglar som kuleregn. Sånn sett slepp statsministeren lett unna.

Men korleis er det, føler Erna Solberg og Høgre seg komfortable med å sjå at også det høgreekstreme miljøet i Noreg heiar på Listhaug og politikken ho er sett til å forvalte? Blir statsministeren redd for norske barn si framtid når ho ser Odins Soldatar marsjere i gatene som eit slags sjølvutnemnt reservepoliti?

Er svaret nei, er det høgst urovekkjande. Er svaret ja, er det på tide at statsministeren slår i bordet og takkar nei til støtte frå halvfascistiske grupperingar som på ny er ute og marsjerer.

Les også:

Les også

Odins soldater anmeldt til politiet

Les også

Erna vil ikke ha Odins soldater i gatene

Les også

Dette er Norges innvandringskritiske grupper

Video:

Publisert:
  1. Debatt
  2. Sylvi Listhaug
  3. Erna Solberg
  4. Asylpolitikk
  5. Pegida