Forsking og truverd: Verdispørsmål og forskingskvalitet ikkje det same

DEBATT: Aftenbladets debattredaktør blandar saman verdispørsmål med spørsmål om kvalitet i barnehageforskinga. Samtidig stiller ho òg gode spørsmål, som forskarane bør merke seg.

Publisert: Publisert:

Kva når vitskapsmenn peikar i ulike retningar? Kongen i filmen «Reisen til julestjernen» kjeppjaga sine vismenn frå dei fremste universiteta. Korleis handterer vi det vitskapen kjem med i dag? Foto: Europafilm

Debattinnlegg

  • Per Henning Uppstad
    Professor i spesialpedagogikk ved Lesesenteret, UiS; professor II, Høgskulen i Volda
iconDenne artikkelen er over to år gammel

I ein kommentarartikkel, under overskrifta «Forsking til å stola på?» (19.1.18), gjer debattredaktør Solveig G. Sandelson noko viktig. Gjennom kritisk lesing av formidla funn utfordrar ho den posisjonen som barnehageforskinga gjer krav på. Like viktig som utfordringa hennar er korleis forskarane responderer på denne, fordi forskingsbasert utvikling føreset det truverdet som Sandelson set spørjeteikn ved.

Forskinga si rolle

Ein scene i den gamle julefilmen «Reisen til Julestjernen» viser ein situasjon der forskarane misser eit slikt truverd. Det er når Gulltopp og julestjerna blir borte. Kongen tilkallar professorar med spisse hattar frå gamle nordiske universitet for å få råd om korleis få julestjerna tilbake. Uheldig for akademia, kan ein seie, peikar professorane i kvar si retning, og blir kjeppjaga.

Sandelson beskriv ein situasjon som ikkje er så ulik dette når ho skildrar det som nærmar seg ein parodi, ein situasjon der barnehagelærarar langt på veg sjølv må finne ut korleis dei skal tolke forskingsfunn som sprikar i alle retningar. Forskinga si rolle i den verkelege verda er å peike ut kursen.

Kvalitet kontra verdiar

Samtidig som det kritiske perspektivet er kjærkome, treng me ein endå meir presis kritikk, som også vil vere hardare. Debattredaktøren blandar i for stor grad saman verdispørsmål med spørsmål om forskingskvalitet. Sandelsons kritikk spring ut frå eitt − av fleire − syn på kva barnehage skal vere: Ho vil ikkje at barnehagen skal vere opplæring og instruksjon. Mykje av det ho kritiserer er tufta på eit anna mål enn hennar eige for barnehagen. Det er passande å ta opp dette, men det gjer ikkje umiddelbart forsking basert på det motsette synet tvilsam eller dårleg. Mykje av kritikken mot t.d. Agderprosjektet har vore ideologisk, verdibasert, men som forsking held prosjektet dokumentert høg kvalitet.

Ein kan trygt seie at det er ein ideologisk strid om kva norsk barnehage skal vere. Styresmaktene har kanskje i for liten grad bidrege til å avklare dette. Det er med andre ord ikkje dårleg forsking å finne ut om eit omfattande førskuleopplegg fremjar læring og utjamnar sosiale skilnader, eller om barn trivst betre i barnehagen dersom vaksne vert meir aktive i leiken. Det handlar om verdispørsmål, som det vil − og bør − vere kamp om.

Grunn til uro, med rette

Det er heller ikkje slik at politisk styrt forsking er mindreverdig forsking, sjølv om den i utgangspunktet er mindre fri på grunn av føringane. Det viktige her er å stille forskingsspørsmål som gjer det mogleg å kome til motsett konklusjon av det ein hadde tenkt seg.

I universitetsromanen «De beste blant oss» (2006) beskriv Helene Uri sarkastisk eit døme på forsking ved Institutt for futuristisk lingvistikk. Dei såkalla omsorgslingvistane har der som grunnleggjande og ufråvikeleg innramming at fleirspråklegheit alltid er til det beste for mennesket. Med andre ord: Konklusjonen er bestemt på førehand, og er ikkje til å stole på.

Ein føresetnad for at forsking er til å stole på, er at det som blir undersøkt spring ut fra og utfordrar teori. Berre slik kan «funnet» bli sett i ein større samanheng.

Sandelson lagar ei tankevekkande liste over funn som er umoglege å skjøne eller forhalde seg til slik dei blir kommunisert til barnehagesektoren. Desse gir med rette grunn til uro. Det er nemleg forskaren si oppgåve å sette funn inn i ein forståeleg samanheng.

Forskarane sitt oppdrag

Forskningsrådet tildelte før jul i 2017 to forskingssenter for barnehageforsking ved to norske institusjonar. Det eine er ved Universitetet i Stavanger, og har fått namnet Filiorum (genitiv flertall av filius, barn/sønn). Kvart av desse får over ein femårsperiode 25 millionar frå Forskningsrådet, og UiS løyver ein tilsvarande sum i tillegg.

La oss håpe at det blir ei høgt prioritert oppgåve for dette senteret å bøte på den situasjonen som Sandelson skildrar, gjennom høg kvalitet i alle ledd. Det er nemleg forskarane sitt ansvar å få Gulltopp og julestjerna tilbake.

Les også

Solveig G. Sandelson: «Forsking til å stola på?»

Les også

Barnehageforskning: Barna går ikke i barnehagen for å bli flinke


Les også

Menn i barnehage gir flinkere skolebarn

Les også

Guttene henger etter allerede som 2-åringer

Les også

Sandelson: «Datostempling av barn»


UiS-professor: «Hovudutfordringa i skulen er at det er så få som skjønar og ser kva elevane med særskilte behov treng. Alle veit at dei treng noko, men få veit kva, kor mykje og korleis.»

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Gjestfriheten overfor bobilturister varierer, men et sted skiller seg ut som klart best

  2. Kafé i Sirdal legger ned driften

  3. Dagen før dette bildet ble tatt, fikk Anne Marit og Terje dødsdommen

  4. Stupeulykken i Godalen ble filmet

  5. Skulle landet på Sola forrige uke: Nå har New York times skrevet om nordmannens spesielle reise

  6. Vil beholde 110 km/t i Rogfast: - Kan ikke spare oss til fant

  1. Solveig G. Sandelson
  2. Barnehageforskning
  3. Forskning og vitenskap
  4. Universitetet i Stavanger (UiS)