Kor blei orda klima og miljø av, Søviknes?

DEBATT: Om vi skal unngå dei verste klimaendringane, må to tredelar av dei fossile ressursane vi har funne bli liggjande i bakken.

Publisert: Publisert:

– Framtidsretta avgjerdstakarar kviler seg ikkje på avgjerder om investeringar som vart fatta for ti år sidan, skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær, WWF Verdens Naturfond
iconDenne artikkelen er over to år gammel

«Olje og gass er lønnsomt, Solhjell!» skriv olje- og energiminister Terje Søviknes i tilsvar til meg i Aftenbladet 24. august, og tankane mine går straks til ein kommenterande tilskodar. Du veit, ein som ser på kampen der ute på bana og kommenterer av og til, men som ikkje eigentleg har ei rolle i spelet, og som manglar trenaren og spelarane si forståing av kva som faktisk skjer på bana.

Les også

Solhjell: – Blir olje ein risiko for velferda?

Omlegging i full gang

Søviknes sin viktigaste bodskap er at det er oljeselskapa sjølv som må ta avgjerdene om framtidige prosjekt, og at inntektene frå sokkelen vil halde fram med å kome. Men dei to orda klima og miljø vert ikkje nemnde i innlegget, til trass for at:

  • Om vi skal unngå dei verste klimaendringane, må to tredelar av dei fossile ressursane vi har funne bli liggjande i bakken.
  • Vi er i full gang med ei omlegging av verdas energiforsyning, frå fossil til fornybar. I fjor var tredje året på rad at det vart bygd ut meir fornybar enn fossil energi. 60 prosent av total ny kapasitet vart bygd innan sol, vind og anna ny fornybar, skriv Energi og Klima. Solenergi er billegare enn gass, snart vind også. Batterikapasiteten vert både betre og billegare.

Alt dette vil få store utslag for fossilsektoren, og det utgjer ein risiko. For staten, for oss og for velferda vår. Men Søviknes har altså usvikeleg tru på at det er selskapa som skal halde fram med å vurdere vår risiko, ikkje vi sjølve?

Utruleg

Det er smått utruleg at Søviknes ikkje ein gang vil anerkjenne at det er ein forskjell mellom økonomiske vurderingar som vert gjort av enkeltselskap med ansvar for å sikre pengestraumen for aksjonærane sine, og dei økonomiske vurderingane som politikarar og avgjerdstakarar må gjere fordi dei har ansvar for at skattepengane våre får høgast mogleg avkastning og stimulerer til flest moglege arbeidsplassar og mest mogeleg verdiskaping.

Olja har tent oss godt, og det kjem nye inntekter – som frå Johan Sverdrup-feltet. Men framtidsretta avgjerdstakarar kviler seg ikkje på avgjerder om investeringar som vart fatta for ti år sidan. Dei som er framtidsretta og ansvarlege politikarar, ser ti og tjuge år fram i tid, og dei lager rammene etter kva dei meiner kjem til å løne seg for oss som samfunn når nye prosjekt kan kome i produksjon.

Les også

Bård Vegar Solhjell: «Vi kan ikkje leve på ønskebrønnar»

Les også

Equinor satser 625 millioner kr på solenergi i Argentina

Les også

Equinor og partnere satser 6,3 milliarder kr på leterettigheter i Brasil

Les også

Hilde Øvrebekk Lewis: «Dilemmaet Norge: − Vi tjener gode penger på olje og gass, men samtidig skal vi være med på å kutte klimautslipp»

Les også

Klaus Mohn: «Klimaspel om oljeverdiar»


Publisert:

Les også

  1. Hilde Øvrebekk Lewis: «Uinteressant om Aasta Hansteen er lønnsomt»

  2. Karl Eirik Schjøtt-Pedersen: «Ja, det er behov for nyanser i energi og klima-debatten»

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinnen i 70-åra fikk et illebefinnende under pensjonistturen. Det reddet Sør-Rogaland fra et omfattende koronautbrudd

  2. Uniformert politi ved Lye skule onsdag morgen

  3. Kvinnelig lærer tiltalt for sex med mindreårig elev

  4. Mann skutt og drept av politiet ved Notodden

  5. 50 nye smittetilfeller i Rogaland de siste to dagene

  6. Mann (18) kjørte i 230 km/t i Ryfast mens han filmet med mobilen: – Jeg blir sint og opprørt

  1. Debatt
  2. Terje Søviknes
  3. Johan Sverdrup-feltet
  4. Klima
  5. Klima og miljø