Norsk for sjåførar, ikkje for forskarar?

DEBATT: Sjølv om engelsk er viktig og nyttig som internasjonalt hjelpespråk, er det framleis slik at norsk er offisielt språk i Norge.

«Også internasjonale forskarar som har studert og arbeidd i Norge, bør kunna formidla kunnskapen sin til eit norsk publikum. Også internasjonale forskarar har behov for å prata med naboen, lesa norske aviser, sjå norsk fjernsyn og forstå det språket barna deira bruker i barnehagen, skulen eller på leikeplassen», skriv Tom Hetland. Her fra årsfesten til UiS der rektor Marit Boyesen holdt talen sin på engelsk.

Debattinnlegg

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Medan det er stille frå universitetsleiinga, tek strategidirektør i Næringsforeningen, Inger Tone Ødegård, opp hansken og forsvarer engelskbruken til Universitetet i Stavanger (UiS). Det handlar om å vera eit godt vertskap for internasjonale gjester, skriv ho i eit innlegg 9. november.

Treng høgare kompetanse

Lat det med ein gong vera sagt at eg ikkje har noko imot at skilt og kommunale nettsider nyttar engelsk som hjelpespråk, at UiS har ein del av sine studietilbod på engelsk og at forskarar ved universitetet snakkar og skriv engelsk når dei vender seg mot eit internasjonalt fagfellesskap. Eg er også samd med James Jacob Thomson og Ragnhild Fiskå Voll, som har peika på at engelskkunnskapane blant norske studentar og forskarar ofte er for dårlege. Og eg meiner allment at det norske samfunnet treng høgare kompetanse ikkje berre i engelsk, men også i andre framandspråk, for eksempel tysk, kinesisk, spansk, fransk, russisk, polsk og arabisk.

Å byggja opp under eit engelskspråkleg parallellsamfunn er neppe godt vertskap.

Men dette problemet løyser me ikkje ved å forvisa norsk frå stadig fleire arenaer. Tvert om er eg sikker på at solide kunnskapar i morsmålet og ein trygg språkleg sjølvtillit er det beste utgangspunktet for å læra andre språk og møta andre kulturar med ei open innstilling.

Sjølv om engelsk er viktig og nyttig som internasjonalt hjelpespråk, er det framleis slik at norsk er offisielt språk i Norge. Politikarar og næringslivsfolk understrekar då også gjerne kor viktig det er for innvandrarar å læra seg norsk dersom dei skal bli integrerte i arbeids- og samfunnslivet.

For meg lyder det merkeleg at dette kravet skal rettast mot bussjåførar, reinhaldarar og bygningsarbeidarar, medan me ikkje har dei same forventningane til at dei mest lærde og – må me tru – intellektuelt nysgjerrige utlendingane som kjem hit, skal læra seg språket vårt.

Bjørneteneste

For doktorgradsstudentar og forskarar handlar det oftast om opphald på fleire år i Norge, og i mange tilfelle vil me ønskja at dei blir verande lenger og bruker kunnskapen sin til beste for norsk næringsliv og samfunn. Då gjer me dei ei bjørneteneste ved å signalisera at norsk ikkje er viktig, verken for dei eller oss. Også internasjonale forskarar som har studert og arbeidd i Norge, bør kunna formidla kunnskapen sin til eit norsk publikum. Også internasjonale forskarar har behov for å prata med naboen, lesa norske aviser, sjå norsk fjernsyn og forstå det språket barna deira bruker i barnehagen, skulen eller på leikeplassen. Å byggja opp under eit engelskspråkleg parallellsamfunn er neppe godt vertskap.

Finna praktiske løysingar

For studentar og forskarar som skal vera her berre ei kort tid, går det an å finna praktiske løysingar. Og universitetet kan inkludera framandspråklege i dei store markeringane sine gjennom tolking, samandrag på engelsk eller liknande.

Å kasta norsken over bord er derimot uttrykk for husmannsånd og misforstått internasjonalisme.

Les også

Tom Hetland: Not my university

Les også

Inger Tone Ødegård: Møt gjester med et språk de forstår

Les også

James Jacob Thomson: Er det for mye engelsk ved UiS?

Les også

Welcome to Staywanger

Les også

Språkrådet: «It’s the language, stupid!»

Les også

Tore Thorsen: Var det Erasmus Montanus som stod på talarstolen på UiS?


Les også

  1. Noregs Mållag: «Om språk er viktig, krevst det språkpolitikk»

  2. Noregs Mållag: «Fleire parti har god språkpolitikk, dei minste partia er best»

Publisert:
  1. Debatt
  2. Universitetet i Stavanger (UiS)
  3. Tom Hetland
  4. Engelsk

Mest lest akkurat nå

  1. Navnet på omkommet MC-fører i Sandnes frigitt

  2. Denne leverandøren har de minst fornøyde kundene

  3. Rennfast: – Løftebrudd om bergingsbil

  4. Maria fikk nesten ikke puste da hun trente. Hun fikk diagnosen mange har, men få kjenner til.

  5. Disse er savnet etter Kvam-ulykken

  6. Alle i Sandnes fikk uvanlig papiravis mandag